I samband med Salmonellautbrotet på Hesteklinikken NMBU har arrangøren av Fjordhest-NM sett i gong tiltak for å minske sjansen for spreiing av sjukdommen.

Etter eit utbrot av Salmonella på hest på Hesteklinikken NMBU er no 55 stallar pålagt restriksjonar på grunn av at dei har vore i kontakt med dei sjuke dyra. Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Folkehelseinstituttet jobbar saman for å få oversikt over situasjonen og finne ut kvar smitta har kome frå.

Etter tilråding frå Mattilsynet har arrangør av Fjordhest-NM sett i gong ei rekke tiltak for å minske sjansen for spreiing av Salmonellabakterien. Ingen av hestane som deltek på Fjordhest-NM er blant kontaktbesetningane som er ilagt restriksjonar, men då ein ikkje veit kvar smitta har kome frå vel arrangør likevel å innføre tiltak for å minske smittespreiing. Ei spreiing av dette utbrotet kan få store konsekvensar, og spesielt er ein bekymra for at smitta skal nå matproduserande dyr.

Alle som startar på NM må fylle ut eit eigenerklæringsskjema for å bekrefte at hesten dei har med seg er frisk. Under arrangementet vert stallane stengd for publikum. I stallane oppmodar ein til bruk av boksgardin, og luka i boksdøra skal vere lukka for å unngå at hestane har kontakt med kvarandre. Ein skal kun fôre og handtere fôr til eigen hest.

Hestemøkka skal fjernast med ein gong, og ein oppmodar alle til å fjerne møkk etter eigen hest. Det er bandtvang for hund på heile området. Startande, publikum og funksjonærar må vere veldig nøye med handhygienen. Det er plassert ut antibac i alle stallar og andre stadar på stemneområdet.

For meir informasjon om salmonella og utbrotet i Noreg, sjå Mattilsynet sine informasjonssider om saka.