Første konkurransedag under Fjordhest-NM var fylt med dressurriding. Det vart gjennomført tre klasser med til saman 101 startar. 

Alle dagens tre klasser var første avdeling i kvar sine samandrag. LC er ein av klassene som inngår i BUF for 4-åringar, og det var faktisk ein fireåring som stakk av med sigeren. Blåtopps Lilja vart ridd av eigar Marte Olsen frå Borge rideklubb, og fekk heile 71%.

I LB var det Viktoria Engøy Lien og Pryd Skovå frå Sarpsborg og omegn rideklubb som vann med 70,3%. Like bak på resultatlista finn vi Silje Indrebø og Råds Gråa frå Førde ride- og køyreklubb, som etter første avdeling leiar NM junior. Denne klassa var også første avdeling i BUF for 5-åringar, og den beste av dei var Jakobgardens Gnist  med ryttar Merete Louise Sandem frå Ekeberg rideklubb.

Vinnar av LB: Victoria Engøy Lien og Pryd Skovå

Jakobgardens Gnist leiar 5-års BUF etter første avdeling.

Silje Indrebø og Råds Gråa leiar NM junior etter første avdeling etter at dei vart nummer 2 i LB. (Biletet er frå LA)

Dagens siste klasse, LA, var første avdeling i heile fire samandrag – greinmeisterskap i dressur, 6-års BUF, NM senior og NM lag. Klassa vart vunne av Ruth Elisabeth Vareberg Birkedal og Lille Engsvangs Lasse frå Sandnes og Jæren rideklubb. Dei leiar med dette greinmeisterskapen i dressur.

Vinnar av LA: Ruth Elisabeth Vareberg Birkedal og Lille Engsvangs Lasse

Nummer to i klassa vart Silje Indrebø og Råds Gråa frå Førde køyre- og rideklubb, som stilte på klubben sitt førstelag. Dei fekk 65,4%, og leiar NM lag etter første avdeling. På tredjeplass i klassa finn vi ein veteran som har vore med i gamet i mange år. Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann frå Volda rideklubb fekk 64,9%, og leiar NM senior etter første avdeling.

Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann leiar NM senior etter første avdeling.

Den beste av 6-åringane i denne klassa var Kapstads Herika med ryttar Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen frå Førde køyre- og rideklubb. Dei fekk 62,963% og hamna på ein 14. plass.

Kapstads Herika og Trine E. L. Paulsen

Det er gledeleg å sjå at det er så mange som oppnår gode prosentar i dressur. Over halvparten av dei startande i samtlege klasser i dag fekk 60% eller over, noko ein må kunne sei at er eit godt resultat.

Fullstendige resultatlister finn du i Equipe.