Greinmeisterskapen i køyring vart avgjort fredag, og spenninga varte heilt til siste port var passert.

Greinmeisterskapen i køyring går i middels dressur-, maraton- og presisjonskøyring. Dei tretten deltakarane køyrde først dressur på onsdag, og her var det Emma Nyløy og Sofin som stakk av med sigeren. Dei køyrde eit godt program og vart lønna med 65,3%.

1. plass middels B dressurkøyring: Emma Nyløy og Sofin

2. plass middels b dressurkøyring: Monica Bratt og Tysselands Fredrik

3. plass middels b dressurkøyring: Stine Anette Heier og Balder Berger

4. plass middels b dressurkøyring: Hanne Brunvoll og Liaguten

Torsdag var det tid for maraton, som for mange av både deltakarar og publikum er NM sitt store høgdepunkt. Arrangøren hadde bygd ei flott maratonløype med stilige hinder og ei fin løype på grusveg til A-etappen. I tillegg til å inngå i greinmeisterskapen i køyring var middels maraton også andre avdeling i NM senior og NM lag.

Det var ei ekvipasje som hadde bestetid i fem av seks hinder; Trine Lillestøl Paulsen og Kapstad Herika. Dei hadde dessverre litt trøbbel i hinder nummer ein, og drog på seg ein del straffepoeng. Det skulle ikkje meir til for å havne langt nede på resultatlista, men det er heilt klart at dette ikkje er det siste vi ser til denne raske ekvipasjen.

Det vart kjørt fort i mange hinder av fleire av ekvipasjane, og etter alle utrekningar vart det klart at det var Emma Nyløy og Sofin som vann også denne klassa. Dei hadde med andre ord ei god leiing i greinmeisterskapen inn mot siste og avgjerande klasse – presisjonskøyring.

 

Emma Nyløy og Sofin vann middels maraton

Stine Anette Heier og Balder Berger fekk 3. plass i middels maraton, og det var nest best av dei startande i greinmeisterskapen.

Trine Elisabeth Lillestøl Paulsen og Kapstads Herika fekk bestetid i fem av seks hinder.

Banebyggaren i presisjonskøyringa hadde laga ei bane med 20 portar til dei startande i middels B, inkludert fleire kombinasjonar. Det var altså rikeleg med moglegheiter for å å velte ein ball eller to, og sånn sett kunne ein ikkje forutsjå resultatet i greinmeisterskapen før siste port var køyrd. For å gjere det enno meir spennande starta deltakarane i omvendt rekkefølge av resultatlista.

Med ein ball overende haldt det ikkje til plassering i klassa for Emma Nyløy og Sofin, men det var nok til å ta med seg den gjeve tittelen som greinmeister i køyring heim. Nummer to i greinmeisterskapen vart Stine Anette Heier og Balder Berger, og nummer tre vart Guro Marie Lone og Hodne Frikken.

Vinnar av greinmeisterskapen i køyring 2018: Emma Nyløy og Sofin

Nummer to i greinmeisterskapen i køyring 2018: Stine Anette Heier og Balder Berger

Nummer tre i greinmeisterskapen i køyring 2018: Guro Marie Lone og Hodne Frikken

Greinmeister køyring 2018

Fullstendige resultatlister finn du i Equipe.