Sofie Dahl Kristiansen fekk sansen for fjordhest etter å ha vore fôrryttar på ein tidlegare NM-vinnar. Etter mykje hardt arbeid vann ho i år NM junior med vallaken Jason Lundgård.

Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen

Sofie Dahl Kristiansen er 16 år og bur i Oslo. I 2016 kjøpte ho sin første fjordhest, vallaken Jason Lundgård som er oppdretta i Danmark. «Eg var først litt skeptisk til fjordhesten, men etter å ha vore fôrryttar på den tidlegare NM-vinnaren Alm Jarl vart eg veldig glad i rasen» seier Sofie. «Då eg skulle kjøpe egen hest fann eg fort ut at det var fjordhest eg ville ha, og då eg prøvde Jason var eg sikker på at han var den rette hesten for meg» fortel ho.

Før Sofie kjøpte Jason var han brukt i rideskule og som sprangponni. Det er også sprang som er Sofie si favorittgrein. «Jason elskar å hoppe, og han gjer alt han kan for at vi skal ha ei god oppleving» seier ho. «Han er utrulig vendbar, så omhopping er veldig morsomt med han.» Dette fekk publikum oppleve på NM, då Sofie og Jason rei første avdeling i greinmeisterskapen i sprang. Dei rei ei veldig rask omhopping og vann klassa.

Sofie og Jason vann første avdeling i greinmeisterskapen i sprang

Dressuren har vore ei større utfordring for ekvipasjen, då Jason er ein litt vrien hest som ikkje er den enklaste å ri. «Jason har ein tendens til å bukke heilt utan vidare, så eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har falt av» seier Sofie. «Han har så mange personlegheiter, og når eg kjem i stallen veit eg ikkje om han er kjempegira og berre vil springe og bukke, eller om han er heilt rolig». Men, dette er ei ung dame som ser kvar utfordring som ei moglegheit til å lære noko nytt: «Viss ein skal bli ein god ryttar må ein ri mange hestar, og Jason er på mange måtar fleire hestar i ein» seier Sofie.

Med hjelp av gode trenarar og mykje hardt arbeid har Sofie klart å få Jason veldig godt til, og under årets NM starta dei greinmeisterskapen i dressur.  «Eg er veldig heldig som har så flinke trenarar, eg rir for Cassandre Bach-Gansmo to gongar i veka og for Andrew Murphy kvar sjette veke. Trenarane mine har hjelpt meg å få fram det beste i Jason» seier Sofie.

Sofie og Jason i LA dressur

Då Jason kom til Noreg var han 12 år, og hadde aldri vore spent for ei vogn i sitt liv. Skal ein vinne på Fjordhest-NM må ein også starte køyring, så det var klart at Jason måtte køyrast inn. Med hjelp av Heidi Bergsund, som er ein flink og rutinert kusk (og tidlegare gullvinnar på Fjordhest-NM), vart det køyrehest av Jason, og han og Sofie køyrde ei god runde og fekk plassering i lett presisjon på årets NM.

Sofie starta sitt første Fjordhest-NM i Askim i 2017. Då hadde ho som mål å klare å fullføre, men det gjekk betre enn forventa og ho enda opp med NM-sølv. I år hadde ho høgare forventningar til både seg og hesten, sidan dei no hadde trent enno meir og visste kva dei gjekk til. «Eg er utrulig stolt av det eg og Jason fekk til på årets NM» seier Sofie. «Etter å ha stått på hengaren i ti timar for å kome til Stord klarte han å jobbe saman med meg og vise alt vi kan.» Mest nøgd var ho med køyringa, der dei klarte å vere feilfrie – eit mål ho hadde satt seg før NM.

Sofie og Jason fekk plassering i lett presisjon

«Det beste med å delta på Fjordhest-NM er at du må vere ein allsidig rytter og kusk, og meistre tre veldig ulike greiner» seier Sofie. Ho meiner at det å konkurrere aktivt i tre greiner er ein veldig god måte å bli ein betre rytter på, og at ein kan ta med seg positive ting frå kvar grein inn i dei andre. For å gjere det godt på NM meiner Sofie at det må målretta og strukturert trening til. Sjølv rir ho for instruksjon tre dagar i veka, to dagar dressur og ein dag sprang. I tillegg køyrer ho ein dag i veka. Det er også viktig å ha motivasjon og lyst til å gjere det bra, og at ein har hesten sitt beste i fokus heile tida. «Eg har Jason oppstalla på eit fantastisk rideanlegg i Sørkedalen, med flinke og utdanna hestefolk rundt oss. Eg ser at det er mange som ikkje har tilgong til eit så fint anlegg men som likevel gjer det veldig godt i NM, og det syns eg er imponerande» seier Sofie.

No skal Sofie og Jason ha ein velfortent sommarferie. Etter nokre veker med rolige turar byrar treninga mot neste års NM og Nordisk, som Sofie gler seg veldig til. «Kvar dag i stallen har eit mål og ei meining, og det er viktig for å kome langt» seier Sofie.