Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann har vore med på Fjordhest-NM totalt tretten gongar, og i år tok dei sitt tredje gull i NM senior.

Tekst og foto: Ingvild Rydjord Hansen

Pokemann er ein 18 år gammal hingst, og i år starta han og eigar Liv Jorunn Nyhagen sitt trettande NM. Dei var første gong med på NM i 2004, då Pokemann var 4 år. Sitt første gull tok dei under NM i Førde i 2008. I tillegg til tre gull for senior har dei også fleire sølv og bronse for lag, og dei har vunne greinmeisterskapen i dressur fire gongar.

Liv Jorunn og Pokemann tok sitt tredje NM-gull i år

Liv Jorunn kjøpte Pokemann då han var to år, og hadde i utgangspunktet tenkt å stille han på hingsteutstillinga som treåring og selje han etterpå. Ho vart imponert over kor lettlært den unge hingsten var, og kor triveleg han var i all handtering. Planen om å selje han vart fort forkasta, og no har ho eigd han i seksten år. «Pokemann er ein veldig kjekk og lettlært hest som alltid prøver så godt han kan» seier Liv Jorunn.  «Han er, som fjordhestar flest, veldig allsidig, og så har han veldig god helse og har aldri vore skada».

Det er dressurridinga som er Liv Jorunn si favorittgrein, og det er stort sett dressur ho startar når ho er på stemner. Med Pokemann har ho konkurrert opp til MA dressur. «Pokemann er ein veldig lydig hest som er teknisk god i dressur. Han har kanskje ikkje dei beste aukingane, men han er så øvelsessterk at han slår mange «store brune» på konkurransebana» seier Liv Jorunn.

Dressur er Liv Jorunn og Pokemann si sterkaste grein

Liv Jorunn reiste til årets NM med eit ope sinn. Ho og Pokemann har hatt ei litt trøblete opplading til NM med mangel på både ridebane og instruktør i heile vinter, så dei har stort sett berre ridd og køyrd på tur frå oktober til april. Med all rutinen dei har opparbeidd seg håpte ho likevel på å kunne vere med i medaljekampen både for senior og lag i tillegg til å gjere det godt i greinmeisterskapen i dressur. «Eg er veldig nøgd med innsatsen vår under NM» seier Liv Jorunn. «Spesielt er eg nøgd med sprangen, som eg syns er ein av dei beste sprangrundene vi har ridd under NM nokon gong.»

«Årets sprangrunde er ei av dei beste vi har ridd på Fjordhest-NM nokon gong» meiner Liv Jorunn.

Ho skryt av årets NM-arrangør, Stord Hestesportlag, som har laga eit flott arrangement. «Eg syns anlegget dei har på Stord er veldig flott!» seier Liv Jorunn. «Stallen vi sto i var veldig fin, og eg likte godt bana vi rei sprang på samt maratonbana. Arrangørane var blide og positive heile tida, og stilte opp kvar gong det var behov for hjelp. Eg kjem gjerne tilbake dersom dei skal arrangere NM seinare!»

Etter å ha starta NM så mange gongar har Liv Jorunn gjort seg opp nokre meiningar om kva som må til for å lukkast i ein så allsidig konkurranse. «For det første må ein vere god i tre greiner, og ikkje minst må ein vere komfortabel med alle greiner. Det er viktig å trene jamt på både dressur, sprang og køyring» seier ho. «Litt stemneerfaring er også fint å ha med seg, slik at ein er komfortabel med situasjonen og ikkje vert så nervøs.» Hesten som skal starte Fjordhest-NM må ha god kondisjon, då ei heil veke med konkurransar, ofte etter å ha reist langt, tek på. «Ein god NM-hest slappar av når han kan, men er tent og arbeider godt når den skal» meiner Liv Jorunn. «Det er også eit stort pluss om den har bra framdrift og gode rørsler, for det får ein att for i alle greiner» legg ho til.

Liv Jorunn er også veldig glad i å køyre presisjon, og fekk plassering i middels presisjon under Fjordhest-NM.

Dette var nok neppe den siste gongen vi fekk sjå denne ekvipasjen i eit meisterskap. «Pokemann klarer nok eit par NM til før han vert pensjonist» meiner Liv Jorunn, som har lyst til å få med seg både NM og Nordisk for fjordhest neste sommar. I tillegg har ho planar om å ri fleire landsstemner i dressur og kretsmeisterskap til hausten.

No skal Liv Jorunn og Pokemann ha ein velfortent sommarferie. Det vil sei, aller først skal dei på bygdetunet på barneriding, for Pokemann er så allsidig og grei at han kan ta NM-gull på laurdag og bli leidd med ungar på ryggen måndag. Typisk fjordhest, med andre ord!

Liv Jorunn og Pokemann tok også bronse for lag med Volda Rideklubb. Her saman med Hanne Brunvoll og Liaguten (t.v.) og Randi Maud Mork og Bakkens Odin (i midten).