Trass sin unge alder har Freya Hagen allereie debutert i internasjonale køyreklasser med fjordhesten sin. Den store draumen hennar er å kome til VM.

av Ingvild Rydjord Hansen

Freya Hagen er 21 år og busett i Trondheim. Sidan 2014 har ho konkurrert aktivt i køyring med fjordhesten sin, Sanders Sarek. Sarek er ein 13 år gammal vallak etter Sander, som Freya har eigd sidan han var 5 år. «Då eg skulle kjøpe min første hest var eg veldig klar på at eg ville ha fjordhest, men det tok litt tid å finne ein hest som både eg og foreldra mine var nøgde med» seier Freya. Etter å ha fått tips frå det lokale fjordhestlaget enda ho opp med å kjøpe Sarek, og det har ho ikkje angra eit sekund på.

Det var på mange måtar Sarek som gjorde Freya hekta på køyring. «Sarek er ein vedig god køyrehest, og han trivs mykje betre i vogna enn under rytter» fortel ho. «Han har alltid vore veldig stabil i køyringa, og eg merkar på han at køyring er noko han syns er veldig kjekt.» Etter å ha delteke på nokre køyrekurs og dressurkøyrestemner starta Freya og Sarek sitt første DMP-stemne på Starum i 2014. «Eg hoppa ut i det utan å kunne noko særleg om konkurransane, og las reglementet i bilen på veg til stemnet» ler Freya.

Foto: Steen Kristiansen

«Noko av det beste med køyring er at ein får vere med på tre ulike disiplinar på eitt og same stemne» fortel Freya. Dei ulike køyreklassene krev ulike eigenskapar; i maraton må hesten vere kjapp og vendbar, i presisjonskøyring må den vere styrbar og halde jamt, høgt tempo, og i dressuren må den klare alle dei ulike øvingane. «Favoritten min er nok maratonkøyring, då eg likar fart og spenning, Presisjon er nok den sterkaste greina til Sarek, mens dressuren er den vi har mest utfordringar med» seier Freya.

I mai i år deltok Freya på eit køyrestemne i Danmark, og dette var hennar og Sarek sitt første stemne i utlandet. Dei starta Vanskelig B, som er den nest høgste køyreklassa, og konkurrerte mot ekvipasjar frå Noreg, Sverige og Danmark. «Eg fekk ein skikkelig god følelse på oppvarminga i dressuren, og Sarek gjekk veldig fint» fortel Freya. «Eg sat heile programmet og smilte, fordi han gjekk så utrulig bra, det var heilt fantastisk å køyre han. Då eg var ferdig med programmet kom gledestårane, for så godt hadde han aldri gått nokon gong.» Dommarane var einige i at dette var eit flott program, og Freya og Sarek fekk ein andreplass i klassa.

Freya og Sarek under dressuren på stemnet i Danmark. Foto: Steen Kristiansen

Resten av dagen gjekk derimot ikkje like bra. Etter dressurkøyringa vart Freya sjuk, ho fekk omgongssjuke og vart så dårleg at ho måtte leggast inn på sjukehus. «Eg trudde heile konkurransen skulle gå til dundas sidan eg vart så sjuk, men heldigvis gjekk det fort over. Sidan det er ein fridag mellom dressur og maraton rakk eg å bli bra nok til å kunne fortsette konkurransen» seier Freya. Ho syns maratonen gjekk heilt ok. Hindera var mykje meir tekniske enn ekvipasjen er vant med, og dei sleit også litt med å henge med på tempoet. Dei enda likevel på ein tredjeplass i klassa.

Stemnet i Danmark vart avslutta med presisjonskøyring siste dag. Freya rakk ikkje å gå bana meir enn to gongar før dei skulle køyre, og var eigentleg mest redd for at ho ikkje skulle klare å køyre portane i rett rekkefølge. «Ei utfordring i presisjonskøyring på så høgt nivå er å halde tempoet oppe. Det er lett å få mykje tidsstraff, då banene har ei ganske knapp makstid» fortel Freya. Ho og Sarek fekk to riv, men var raske og fekk difor lite tidsstraff. Dei vann presisjonen, og det gav dei ein 2. plass samanlagt i DMP.

Freya og Sarek med sløyfene dei fekk på stemnet i Danmark

I 2019 skal det arrangerast nordisk meisterskap i køyring på Bjerke, og sist helg vart det arrangert prøvenordisk på same stad. Arrangørane ville ha ei gjennomkøyring av stemnet for å sjå korleis ting fungerer, slik at dei kan lage eit best mogleg meisterskap til neste år. Freya og Sarek deltok på stemnet på Bjerke, og her debuterte dei i Vanskelig A (VA), som er den høgste køyreklassa. På dette nivået er det galoppdelar i dressuren, i tillegg til sideforflytningar, samla trav og fleire einhandsfatningar per program. I presisjonen er det 10 cm klaring på kjeglene, og ein har veldig knapp tid om ein skal køyre utan tidsstraff. I maraton er det høgare tempo på etappane, og banene i både presisjon og maraton er veldig tekniske. Både Nordisk og VM i køyring går i VA. «Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å gå opp til dette nivået heilt enno, men eg vart tilrådd å prøve meg på ei høgare klasse enn vi har starta før» fortel Freya.

I dressuren på Bjerke opplevde Freya det same som på stemnet i Danmark; Sarek var lydig og smidig og føltes veldig fin. Dei køyrde eit godt program, og vart lønna med 62%. «Maraton og presisjon gjekk også fint, men eg sakna litt energi i hesten i begge klassene» fortel Freya. «Det var 30 grader den dagen vi køyrde maraton, så hesten var nok litt påverka av dette» legg ho til.

Freya, Sarek og groom Dominic Richter i maraton på Bjerke. Foto: Siri Bjørnæs

På dette nivået er konkurrentane ekstremt gode og rutinerte, og sidan det var ekvipasjen sitt første stemne i VA hadde ikkje Freya nokre forhåpningar før stemnet. Ho er veldig nøgd med korleis det gjekk i debuten deira. «Det er veldig kjekt å ha prøvd seg på dette nivået, og få vite kva vi må jobbe med til neste gong» seier ho. Spesielt nøgd er ho med at dei klarte VM-kravet som er å køyre til under 65 i straff i dressuren. «Min store draum er å kome meg til VM, og ekstra kult hadde det vore å klare det med ein fjordhest» seier Freya engasjert. «Vi må klare VM-kravet på fleire stemner før vi er kvalifisert, men no veit eg at det er eit realistisk mål.»

Det er ingen tvil om at det ligg mykje trening og førebuingar bak når ein konkurrerer i køyring på så høgt nivå. Freya har Sarek oppstalla heime, og dei brukar turstiane i området flittig. I tillegg til køyringa trener dei også dressurriding, sprang og rir på tur. «Eg har fokus på styrke, kondisjon og uthaldenheit, spesielt når det nærmar seg stemnesesongen» fortel Freya. «Om vinteren køyrer vi mykje slede, det gir betre styrke og kondisjon. Vi trener også mykje i bakkar, både i ridinga og med vogn.» Freya skulle ønske ho hadde litt betre moglegheiter til å få trent dressurkøyring heile året. Dei kan skritte ein liten tur til ei utebane dei kan trene på, men den er som regel full av snø om vinteren. For å komme heilt til topps er ein også avhengig av å kunne køyre for instruksjon, noko Freya ikkje har fått gjort så ofte som ho vil. No har ho funne ein ny trenar som ho trivs veldig godt med, og håper å få køyrd meir for instruksjon fram mot neste års stemnesesong.

Freya og Sarek i presisjon. Foto: Bine Sierla

Freya har mange planar om framtidige stemner, både i år og neste år. I år vert ho å sjå på NM Køyring på Starum den siste helga i juli, og til neste år har ho lyst til å få med seg både NM køyring, Nordisk køyring, Nordisk for fjordhest og NM for fjordhest. «Eg håper at stemna ikkje kræsjar, slik at eg får med meg så mange som mogleg» seier Freya. Ho har tidlegare starta både junior og senior på Fjordhest-NM, og seier at dette er noko ho kunne tenkje seg å gjere igjen. «Vi satsar jo på køyringa, men eg syns Fjordhest-NM er så utrulig kjekt. Det er så godt miljø blant fjordhestfolket, og det miljøet saknar eg litt no når eg har fokusert på køyringa.»

Er du ein av dei som kunne tenkje deg å starte køyrestemner, men som ikkje har gjort det enno? Freya si tilråding til deg er heilt klar: Berre prøv! «Vi treng fleire unge kuskar, og eg håper at enno fleire får augo opp for køyresporten» fortel ho. «Du får brydd deg på mange utfordringar når du startar køyring, alt frå fine øvingar i dressuren, fart og spenning i maraton og nøyaktigheit i presisjon.»

Freya Hagen og Sanders Sarek er ein av to norske fjordhestekvipasjar som konkurrerer internasjonalt i køyring. Den andre ekvipasjen er Irja Vågene Stølen med tospannet Svingens Edda og Jakobgardens Elias. Dei deltok også på stemna i Danmark og på Bjerke.

Irja Vågene Stølen og tospannet sitt på stemne i Danmark i mai.