Under årets Dyrsku i Seljord var fjordhesten godt representert. Telemark Fjordhestlag stilte med både oppvisning og aktivitetar for born.

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen/Gro Bjørke Ingebretsen
Foto: Gro Bjørke Ingebretsen

Dyrsku’n i Seljord er eit arrangement med lange tradisjonar. I over 150 har denne folkefesten vorte arrangert, med aktivitetar som landbruksmesse, hesteutstilling og fesjå. Om lag 90 000 besøkande vitja Seljord denne helga, og mange av dei fekk gleda av å sjå flotte fjordhestar i ulike situasjonar.

Laurdag var juniorar frå Telemark Fjordhestlag med på oppvisning framfor scena i utstillingsarenaen Fjoset. Inger Emilie Slotte køyrde ei flott oppvisning med par, og etterpå viste fire av jentene kvadrilje til fengjande musikk av Alexander Rybak. Kathrine Jonassen og Kvia Prisen viste dressur til slutt i dette innslaget. Det vart også vist sprang, med hinder på diagonalen og «fletteriding» til musikken «Cotton Eyed Joe». Dette vart også eit fartsfylt og flott innslag.

Telemark Fjordhestlag var også på plass med 2-3 hestar alle dagane på tradisjonstnet «Sterke Nils-tunet». Her fekk publikum sjå manking, påseling og varmskoing, i tillegg til andre dyr og aktivitetar på tunet som geiter, Telemarkskyr, kinning av smør og smiing.

Både i Sterke Nils-tunet og under Barnas Fjordhestlag-aktiviteten etter oppvisninga laurdag fekk born høve til å verte kjent med og stelle fjordhestane som var med. «Dyrsku’n er ein flott arena å vise fram fjordhesten på, og vi fekk mange flotte tilbakemeldingar på oppvisninga vår» seier Gro Bjørke Ingebretsen, som var ein av dei som deltok frå Telemark Fjordhestlag.

Søndag vart landsfinalen for unge fjordhopper arrangert under Dyrsku’n. Dette kjem det meir informasjon om i ein eigen artikkel.