Norges Fjordhestlag, Landslaget for Dølahest og Landslaget for nordlandshest/lyngshest var samla til felles Haustmøte på Flesland 2.-4. november.

av Ingvild Rydjord Hansen

Årets Haustmøte var det fjerde ein har arrangert der alle tre raseorganisasjonane deltok. Det er heilt klart mange fordelar med å ha desse møta i fellesskap. For det første har rasane våre mange felles utfordringar, og det kan vere svært nyttig å diskutere desse på tvers av raselaga. I tillegg er det sosialt med eit større møte, og det lettar arbeidsmengda for dei ulike laga når ein kan dele på oppgåvene.

Det var Norges Fjordhestlag som var sterkast representert på Haustmøtet, men med laget sin lange tradisjon for desse møta er det ikkje så veldig rart. Det var likevel veldig gledeleg å sjå eit stort oppmøte frå både Landslaget for Dølahest og Landslaget for nordlandshest/lyngshest.

Programmet for årets Haustmøte var variert, og postane var like relevante uansett kva for ei rase ein driv med. Ein hadde både faglege innslag og innslag som oppmoda til diskusjon og refleksjon. Tanken bak programmet var at alle, uansett rase og bruksområde, skulle finne informasjonen interessant og lærerik, og etter tilbakemeldingane frå salen kan ein nok trygt seie at ein lukkast med det.

Fredag starta møtet med informasjon frå Norsk Hestesenter. Siri Furre gjekk gjennom tal på årets bedekningar og fødde føl for alle dei tre rasane. I år, som tidlegare år, vart viktigheita av å sende inn opplysningar til Norsk Hestesenter understreka. Senteret er avhengig av tilbakemelding frå eigarar uansett resultatet av ei bedekning for å ha eit sikkert datagrunnlag til å bedømme mellom anna fruktbarheita i rasane. Det er også viktig å melde frå om døde og kastrerte hestar. Vi fekk også informasjon frå Fagutvalget, eit utval med representantar frå raselaga våre som gir råd til Landbruks- og matdepartementet om prioritering av tiltak for å bevare og styrke dei nasjonale hesterasane.

Frå venstre: Lina Hofslundsengen, Bjørn Vollstad og Siri Hatlevoll

Laurdag morgon starta med ein veldig inspirerande bolk frå vår eminente møteleiar Bjørn Vollstad. Han snakka om arbeid og utvikling i lokallaga, og kvifor det er så viktig å vere inkluderande og positiv i lagsarbeidet. Lina Hofslundsengen  og Siri Hatlevoll frå Sogndal Hestealslag presenterte deretter arbeidet i sitt lokallag, der dei gjer mange av dei tinga som Bjørn understreka som viktige. Presentasjonen frå Sogndal inspirerte mange i salen, og fleire sa at dei gledde seg til å reise heim og skape meir aktivitet i lokallaga sine.

Seinare på dagen var det fleire faglege bolkar. Vi hadde besøk av Josefa A. Torp frå Norsk Landbruksrådgivning som snakka om fôring i årets spesielle fôrsesong med lite grovfôr. Ho fortalde at det i år er ekstra viktig å få tatt analyse av grovfôret, då mykje av fôret som er laga i år inneheld store mengder protein og sukker. Vi fekk også nokre konkrete tips om gode produkt for tilleggsfôring frå St. Hippolyt, som er sponsor for Norges Fjordhestlag.

Etter lunsj hadde vi ein bolk med fokus på utvida bruksprøver. Alle tre raseorganisasjonane gjennomfører dette litt ulikt, og laga delte erfaringar med sine system. Frå salen kom det mange gode innspel, og mellom anna var mange nysgjerrige på modellen til LNL, som lar hingstane møte til utvida bruksprøve når dei ynskjer det.

Også bitt og bittbruk var tema denne dagen, og Øyvind Landgraff fortalte engasjerande om ulike bitt og deira funksjon. Dagen vart avslutta med ein bolk om hestehelse, der veterinær Ann-Kristin Milde snakka om forebygging og behandling av magesår og kolikk.

Søndag morgon starta med rasespesifikk del, der kvar raseorganisasjon hadde eige program. Norges Fjordhestlag hadde mange tema på agendaen, og det vart mellom anna orientert om nye retningslinjer for namngjeving, obligatorisk oppmøte for åtte år gamle hingstar, bitt på køyreprøver og lineær registrering av eigenskapar på utstilling. Eitt av to tema ein hadde eit større fokus på var bevaring av fjordhesten sine fargar. Her fekk deltakarane ei kort innføring i fargegenetikk, og det vart diskutert ulike tiltak ein kan ta i bruk for å bevare fjordhesten sine fargar. Eit anna tema som engasjerte veldig var tøylebruk på utstilling. Utstillarane ynskjer gjerne å bruke leietau med kjetting, men dette er ikkje tillate i Norsk Hestesenter sitt utstillingsreglement. Det vart vist fram ulike tøylar som fyl reglementet, men som også har kjetting slik mange ynskjer å bruke.

Vi vart samla att, og fekk besøk frå Agria, som fortalde oss om kampanjen sin om dei norske hesterasane. Siste post på programmet var ein open post i plenum, der alle fekk høve til å stille spørsmål og kome med tilbakemeldingar til årets Haustmøte.

Årets Haustmøteprogram var variert og innhaldsrikt, og både dei som startar konkurransar, dei som avlar og dei som har hest til hobbybruk fekk nok mykje ut av helga. Ein var innom høgaktuelle tema som fôring i ein svært spesiell grovfôrsesong, samt utvida bruksprøver, og forhåpentlegvis reiste alle heim med eit brennande ynskje om å skape meir aktivitet i lokallaget sitt etter å ha høyrd kor godt dei får det til i Sogndal Hestealslag.

Tilbakemeldingane frå publikum var gode, og det verkar som om alle tre rasane ser store fordelar med å arrangere Haustmøte ilag. Det er ei felles oppfatning at vi står sterkare saman. Håper vi ser alle att til neste år!