2018 har vore eit godt år for fjordhesten. Han har vist seg fram på stemner og arrangement som Fjordhest-NM, NM i køyring, utanlandske stemner og Dyrsku’n i Seljord. Mange hestar har blitt vist på utstilling og reist heim med sløyfer, og bedekningstala viser at vi kan vente oss mange fjordhestføl til sommaren. Her finn du ei oppsummering av dei viktigaste hendingane i Fjordheståret 2018.

Norges Fjordhestlag

Norges Fjordhestlag har i året som har gått arbeidd med mange ulike prosjekt. For å gjere eit så godt arbeid som mogleg for fjordhesten må ein ha fokus på mange områder samstundes. Alt arbeid som vert gjort i lokal- og fylkeslag, samt i styret og utval, er viktig for fjordhesten si framtid.

Styret i Norges Fjordhestlag har i 2018 bestått av Janne Seilen (leiar), Lisbeth Strandum, Vidar Heggheim, Ben Hjelmervik, Kristine Flittie Romslo og Ingvild Rydjord Hansen (vara). Organisasjonssekretær Asle Espe og ordstyrar Bjørn Vollstad har også vore viktige bidragsytarar til styret sitt arbeid.

Styret i Norges Fjordhestlag 2018

Hingsteutstillinga

Tradisjonen tru vart det arrangert hingsteutstilling på Nordfjordeid den første veka i mai. I år fekk fjordhesten åtte premierte hingstar og ti kåra hingstar; åtte treåringar, ein femåring og ein seksåring.

Åtte hingstar møtte til og gjennomførte utvida bruksprøver i 2018. Nivået på årets prøver var veldig høge, og ein såg mange høge karakterar. Heile fem hingstar fekk ein vekta karakter på over åtte poeng, og dei tre andre hadde alle over sju poeng. Vinnar av årets utvida bruksprøver vart Birkelid Tullen e. Kornvin Freidig, som fekk 9,0 i samla karakter.

Årets treårsklasse hadde mange gode individ, og heile seks hingstar vart sett i kvalitet. Best av dei alle og årets spiss var den typesterke Toregardens Caiser e. Severin.

Heggnes Balder e. Fløgstad Odin fekk 1. premie, vart stilt som nummer ein i kvalitet og kåra til dagens hest under hingsteutstillinga på Nordfjordeid.

Fjordhest-NM på Stord

Årets Fjordhest-NM vart arrangert av Stord Hestesportlag på det flotte senteret Stord Hestesportsenter. Her har ein alle fasilitetar som trengs for å arrangere eit så stort stemne som Fjordhest-NM har vorte. Arrangørane fekk mykje skryt frå både publikum og deltakarar for eit særs godt gjennomført arrangement.

Premieliste:

NM Senior
Gull: Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann
Sølv: Cassandre Bach-Gansmo og Flemming
Bronse: Kjersti Anette Botnevik og Kornvin Freidig

NM Junior
Gull: Sofie Dahl Kristensen og Jason Lundgård
Sølv: Silje Indrebø og Råds Gråa
Bronse: Randi Maud Mork og Bakkens Odin

NM Lag
Gull: Førde Køyre- og rideklubb 1
Sølv: Borge Rideklubb
Bronse: Volda Rideklubb

BUF 4 år:
1: Blåtopps Lilja e. Ninjar
2: Mys Tingeling e. Ninjar
3: Lykkes Saga e. Myklemann

BUF 5 år
1: Jakobgardens Gnist e. Kneist
2: Mykle Sølja e. Søljo
3: Tangen Silja e. Myromsliens Askeladden

BUF 6 år
1: Kapstads Herika e. Kuling
2: Blåtopps Aria e. Torsetblakken
3 Olivia e. Greven

Norgesmeister Junior Sofie Dahl Kristiansen og Jason Lundgård og Noregsmeister Senior Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann

Utstillingar

Innsamling av data gjennom utstillingssystemet er ein veldig viktig del av avlsarbeidet for fjordhesten. Vi er difor glade for at mange har vist hestane sine på utstilling i år. Det har over fleire år vore vist få hopper i klasse 7, og vi  håpar på at auken vi har sett i føltala vil gi fleire viste hopper i denne klassa i dei komande åra.

Totalt åtte hopper har oppnådd den gjeve kvitesløyfa og 1. premie i år: Alma e. Fjelltor, Emma Konstanse e. Merinas Emil, Feedts Frøydis e. Balder Mann, Kaisas Dina e. Fløgstad Odin, Skogheims Rosalin e. Fjelltor, Helgrunn e. Florian, Lille Emma e. Fløgstad Odin og Sølrosa e. Svoras Isak.

Fargen på sløyfa seier ingenting om innsatsen som er lagt ned i førebuing til ei utstilling, og vi ynskjer å takke alle som har vist fjordhestar på utstilling i 2018.

Emma Konstanse e. Merinas Emil fekk 1. premie under utstillinga på Stend

Unghestfinale under Dyrsku’n i Seljord

Årets landsfinale for unge fjordhopper vart i år, som i fjor, arrangert under Dyrsku’n i Seljord. Det er stas å få vise fram dei flottaste unghoppene landet har å by på under eit så stort arrangement.

I Landsfinalen gjekk Birkelid Huldra e. Kamillas Tord til topps i klassa for treåringar. Ho vart også kåra til beste hoppe uansett alder. Beste toårshoppe vart Sæthres Sol e. Fjell Finn og beste åringshoppe vart Nordbustad Stella e. Dalargutt.

Under Dyrsku’n stilte også Telemark Fjordhestlag opp med program. Juniorane i klubben hadde flotte oppvisningar i både køyring, sprang og dressur, og i tillegg arrangerte klubben aktivitetar for born. Å vise fram fjordhesten for eit så stort publikum er veldig god reklame for rasen.

Birkelid Huldra e. Kamillas Tord vart kåra til årets beste unghoppe under Landsfinalen for unghopper

Telemark Fjordhestlag hadde variert program under Dyrskun i Seljord

Haustmøte

Norges Fjordhestlag arrangerte i år Haustmøte saman med Landslaget for nordlandshest/lyngshest og Landslaget for Dølahest på Flesland i november.

Årets Haustmøteprogram var variert og innhaldsrikt, og både dei som startar konkurransar, dei som avlar og dei som har hest til hobbybruk fekk nok mykje ut av helga. Ein var innom høgaktuelle tema som fôring i ein svært spesiell grovfôrsesong, utvida bruksprøver og lokallagsarbeid.

Tilbakemeldingane frå publikum var gode, og det verkar som om alle tre rasane ser store fordelar med å arrangere Haustmøte ilag.

Ny avlsplan

Avlsplanen for fjordhest vert revidert kvart fjerde år, og Norges Fjordhestlag har i lang tid arbeidd med revidering av avlsplanen som vart godkjent før utstillingssesongen 2018. Den nye avlsplanen inneheld fleire endringar frå den gamle avlsplanen, mellom anna spesifiserer ein kor stor stjerne ei hoppe kan ha, ein tillet kvite sjatteringar i høvene på raud- og gulblakke hestar, og ein ynskjer igjen å kalle inn åtte år gamle hingstar til ny vurdering.

Alle lokallag og enkeltmedlemmar i Norges Fjordhestlag hadde høve til å kome med innspel til revidering av avlsplanen, og desse har det vorte tatt omsyn til i arbeidet.

Bedekning- og føltal

Det er registrert 278 bedekte hopper og 41 brukte hingstar i 2018. Årets bedekningstal viser ei auke frå i fjor, og det er det høgaste talet vi har sett sidan før det lågaste talet nokon sinne i 2014. Flest hopper fekk Heggnes Balder med 45 stk. Det er registrert 126 fødde føl i år.

Frifondmidlar og aktivitetar for born

Norges Fjordhestlag har fått innvilga 227 094 kroner i Frifondmidlar i 2018. Pengane er delt ut til lokale fjordhestlag som ynskjer å arrangere aktivitetar for born og unge. Tolv lokallag har søkt om og fått tildelt pengar frå årets Frifond-midlar.

Frifondmidlar er ei støtteordning for aktivitetar til born og unge i Noreg som vert administrert av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Norges Fjordhestlag fekk Frifond-midlar for fyrste gong i fjor, og det skapte stor aktivitet ute i lokallaga.

Hoppelinjeprosjektet   

Det vart meldt på 52 hopper til årets hoppelinjeprosjekt. Etter at arbeidsgruppa hadde vurdert hoppene si innavlsgrad og slektskap til resten av populasjonen fekk 21 hopper tilbod om å delta i prosjektet. Totalt vart 13 hopper med på årets prosjekt. Desse fekk velje mellom fleire hingstar som arbeidsgruppa hadde plukka ut som gode kombinasjonar både når det gjeld slektskap og andre eigenskapar.

I år valde ein å gje tilskot til fleire hopper enn i fjor, og tilskotet vart då noko lågare per hoppe. Totalt fekk hoppene 2500 kroner kvar i bedekningstilskot.

Eiga nettside og reglement for Skeid

Skeid er signaturaktiviteten til dei tre nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Konkurransen bygger på eigenskapane hesterasane våre har – dei er stødige i terrenget, samarbeidsvillige, kalde i hovudet, trygge og dei tek utfordringar. Ei Skeidbane består av ulike moment, der hestane treng desse eigenskapane for å gjere det godt. Skeid fekk i 2018 eige reglement og nettside, noko som gjer det enklare enn nokon gong for lokallag å arrangere Skeid-konkurransar.

Takk for eit flott fjordhestår i 2018! Vi håpar at 2019 bringer nok eit positivt år
for den fantastiske rasa vår. Godt nytt år!