Dei låge bedekningstala for fjordhest gir utfordringar når det kjem til å bevare rasa sine fem fargevariantar. Gjennom gentesting kan ein finne ut kva fargegener ein hest har, slik at ein lettare kan ta omsyn til dette i val av avlskombinasjonar.

Av Ingvild Rydjord Hansen

Den blakke fargen er kanskje det aller viktigaste særpreget til fjordhesten. Også folk som ikkje kan mykje om hest, kjenner att ein fjordhest på den karakteristiske, blakke fargen, med ålen som går heile vegen frå haletupp til lugg.

I avlsplanen for fjordhest står det at  «Avlsarbeidet for Fjordhest skal drivast etter følgjande overordna mål: [… ]Bevare dei opphavlege og godkjende fargane til rasen og dei primitive avteikna, avhengig av nyansane i kroppsfargen.»

Bevaring av fjordhestfargane er eitt av områda avlsutvalet i Norges Fjordhestlag arbeider med. Katrine Haugaard, medlem av avlsutvalet, er klar på at ein som avlar må ha eit bevisst forhold til fjordhestfargane. «Brunblakk er ein framelska farge hos fjordhesten, men i ein stadig mindre populasjon med låge bedekningstal, er det viktig å ta vare på dei andre fargane slik at genetisk variasjon ikkje går tapt» slår ho fast.

Fjordhesten har fem fargevariantar, og det er viktig å bevare alle. Frå venstre ser du gulblakk, grå, raudblakk, ulsblakk og brunblakk.

Brunblakk er mest populært

Dei fem godkjende fargane på fjordhesten er brunblakk, ulsblakk, raudblakk, gulblakk og grå. Den brunblakke fargen er den mest vanlege, og det er det to grunnar til. Brunblakk har lenge vore den mest ønska fargen, og den som har vorte sett på som mest typisk for fjordhesten. I tillegg er det genetisk størst sjanse for å få brunblakk, i og med at det er to dominante gen som gir den brunblakke fargen.

Brunblakk er den mest vanlege og mest populære fargen på fjordhest.

Låge bedekningstal gir utfordringar


I årgangar med høge bedekningstal, slik ein kunne sjå på fjordhesten for mange år sidan, var det ikkje eit stort problem at det var prosentvis få av dei andre fargane samanlikna med den brunblakke. Med mange bedekningar vart det likevel fødd ein del individ med dei mindre vanlege fargane. Dei siste åra har fjordhesten hatt veldig låge bedekningstal, noko som mellom anna fører til at det vert fødd veldig få føl med andre fargar enn brunblakk.

Spesielt er det ein kritisk situasjon for dei raud- og gulblakke. I dei siste fem årgangane med fjordhest finn ein berre 19 hestar som er registrert med desse fargane, og ein må også ta høgde for at nokre av desse kan vere registrert med feil farge. «Mange av dei raudblakke avlsdyra og dei som kan gje raudblakke avkom er i slekt, noko som gjer det vanskeleg å finne gode avlskombinasjonar som kan resultere i raudblakke føl» seier Haugaard.

Situasjonen for den raudblakke fargen er kritisk. Dei siste fem årgangane er det berre fødd 14 raudblakke føl.

Sjølv om tala ikkje er oppløftande, er ikkje situasjonen like alvorleg for dei grå som for dei raud- og gulblakke. Grunnen til dette er at det har vore fleire grå hingstar i avlen dei siste åra, og at nokre av desse har vore populære og fått mange hopper. Dei grå genene vert difor spreidd på mange hopper, og på fleire ulike stammer.

«Ein genvariant som er tapt, er tapt for alltid, med mindre ein kryssar inn hestar frå andre rasar som har andre fargar» seier Haugaard. «Tidlegare hadde fjordhesten fleire fargevariantar enn han har no, som til dømes skimmel og skjævete. Dersom ein ikkje har ein strategi på bevaring av fargane, kan ein risikere å miste nokre av fargevariantane som vi har i fjordhesten vi har i dag» legg ho til.

Tabellen under viser kor mange fjordhestar med andre fargar enn brunblakk som er fødd dei siste fem åra.

Årstal Ulsblakk Raudblakk Gulblakk Grå
2014 8 1 0 13
2015 6 4 2 6
2016 13 3 1 15
2017 16 5 0 3
2018 11 1 2 2
Sum 54 14 5 39

Nedarving av fargane

Hos fjordhesten er det tre ulike gen som lagar dei fem godkjente variantane av blakk. Kvart gen har to genplassar, med ein genvariant på kvar plass. Dette gjer at ein hest kan bære eit gen for ein farge den sjølv ikkje har.

Genet som gjer ein hest ulsblakk heiter gulgenet, og er eit dominant gen. Sidan det er dominant treng det berre å kome frå den eine forelderen, og difor vil ein ikkje ha ein kritisk situasjon for denne fargen så lenge ein har ein del ulsblakke hestar i avlen.

For raudblakke og grå hestar er situasjonen annleis. Både genet som bestemmer den raudblakke fargen og genet som bestemmer den grå fargen er recessive. Det betyr at begge foreldra må ha desse gena for å få eit raudblakk eller grått avkom.

Ein gulblakk hest har dei same genene som ein raudblakk hest, men i likheit med dei ulsblakke har den også gulgenet. For at ein hest skal bli gulblakk må altså begge foreldra ha gen for raudt, og i tillegg må ein av dei ha gulgenet.

Denne ulsblakke hoppa vil kunne gje ulsblakke avkom uavhengig av kva farge hingsten ho vert para med har. Hingstefølet ho har ved fot har arva mora sin farge.

Kva fargar kan hesten gi?


Mykje av informasjonen om hesten sine fargegen kan ein finne ved å sjå på stamtavla og tidlegare avkom. Dersom hesten har ein forelder som er grå, veit vi at den kan gi grå avkom. Har den ein forelder som er raud- eller gulblakk, veit vi at den kan gi raudblakke avkom. Den same informasjonen har vi dersom hesten allereie har avkom som er grå, raudblakk eller gulblakk.

Dersom hesten er brunblakk eller raudblakk med ein ulsblakk eller gulblakk forelder, kan den likevel ikkje gi ulsblakke avkom. Sidan gulgenet er dominant kan det ikkje hoppe over ein generasjon. Gulgenet bleikar berre raudt pigment, så ein grå hest med ulsblakk mor eller far kan bære dette genet skjult. Det er per dags dato ingen kjende avlsdyr i Noreg som er grå med skjult gulgen.

Eit føl med grå mor og brunblakk far vil garantert ha eit gen for grått, og kan sjølv få grå avkom.

Gentesting for fargar

«For at vi skal kunne ta vare på alle fargane er det viktig å vite kva for nokre hopper og hingstar som har dei recessive genvariantane, og nytte desse i avlen» seier Haugaard.

Ein måte ein kan finne ut dette på, er ved å ta ein gentest. Slike testar vert gjennomført på Veterinary Genetics Laboratory på UC Davis i USA, og det er både enkelt og rimeleg å bestille ein slik test av hesten sin. Prøvene bestiller du på nettet, og deretter sender du inn eit skjema med halehår frå hesten.  Svaret får du på e-post i løpet av få veker.

Det er berre gena for «red factor» (på fjordhest: raudblakk) og «agouti» (på fjordhest: grå) det er aktuelt å teste for hos fjordhest. Å teste for begge desse kostar $40. Dersom ein har ein hest som ein er usikker på om er ulsblakk eller gulblakk, eller om ein vil finne ut om ein grå hest har skjult gulgen, kan ein også teste for «cream» (gulgen).

Tolking av testresultat

Når ein skal forklare kva slags fargegen ein hest har, brukar ein bokstavar. Genet som spelar inn på ein raudblakk hest har bokstaven E, og genet som speler inn på ein grå hest har bokstaven A.

Dei forskjellige bokstavkombinasjonane du kan få dersom du testar for grått og raudt er:
A/A – Hesten er ikkje grå, og kan ikkje gje grå avkom
A/a – Hesten er ikkje grå, men kan gi grå avkom
E/E – Hesten er ikkje raudblakk, og kan ikkje gje raudblakke avkom
E/e – Hesten er ikkje raudblakk, men kan gje raudblakke avkom

På biletet under ser du eit eksempel på eit prøvesvar frå UC Davis. Denne hesten er testa for om den kan gje raudt og grått, og av resultatet kan ein lese at denne hesten kan gje raudblakke avkom, men ikkje grå. Har du gentesta hesten din, men er usikker på kva resultatet viser, kan Norges Fjordhestlag hjelpe med tolking.

Hingstar som kan gi andre fargar


På grunn av at kvar hingst ikkje får like mange hopper som for nokre år sidan, og at det etter kvart er få hopper som kan gje andre fargar enn brunblakk, vil ein hingst med anlegg for raudt eller grått kunne ha gått i avlen i mange år utan at dette vert oppdaga. Det kan difor vere lurt å genteste ein hingst sjølv om han har mange avkom.

«Dersom ein veit at ein hingst kan gje andre fargar enn brunblakk, kan denne informasjonen førast inn på hingsten si side i Norges Fjordhestlag sin hingstekatalog» seier Haugaard. «Dette kan  gjere hingsten meir attraktiv for hoppeeigarar som har hopper som også kan gje andre fargar, og å legge til dette i hingstekatalogen er ein enkel måte å informere hoppeeigarane.»

Nokre av hingstane som går i avlen i dag veit vi at kan gje andre fargar enn brunblakk. Dette kan vere fordi dei har ein forelder med ein annan farge, eller at dei har fått avkom med andre fargar.

Dei avlshingstane som ikkje sjølv er raud- eller gulblakke, men som vi veit kan gje raudblakke avkom er Elvar, Hodne Lunar, Leirdals Odin, Merinas Emil, Myras Viking og Rudsmo Robin. Dei avlshingstane som ikkje sjølv er grå, men som vi veit kan gje grå avkom, er Blikra Admiral Doffen, Brage, Kornvin Freidig, Myklemann, Nytuns Heiden og Sølrei.

Hoppa Årøy Evina er Kornvin Freidig sitt einaste registrerte grå avkom. Hadde ho blitt brunblakk i staden, hadde vi ikkje visst at denne hingsten kan gje grått. Gjennom gentesting kan vi oppdage gener for raudt og grått i fleire avlshingstar.

Hopper som kan gje andre fargar

På grunn av at hopper ikkje får like mange avkom som hingstar, er det vanskelegare å oppdage det dersom hoppa kan gje grå eller raudblakke avkom. Det er difor lurt å genteste hoppene, for å kunne ta med farge i berekninga når ein skal velje hingst.

«Eig du ei hoppe som kan gje ein annan farge enn brunblakk, må du som hoppeeigar vurdere kor stor vekt du vil legge på farge i val av hingst» seier Haugaard i avlsutvalet. «Sjølv om ein vel å bedekke med ein hingst som berre kan gje brunblakke avkom, er ei hoppe med andre genvariantar framleis svært viktig i avlen, då det er stor sjanse for at hennar genvariant går vidare til følet.»

Det er under to månader att til årets avlssesong startar og dei første hoppene førast til hingst. Forhåpentlegvis resulterer dette med mange fødde føl i 2020, og ekstra kjekt er det om ein blant desse ser fleire raudblakke, gulblakke og grå fjordhestar enn tidlegare år. Vi har alle eit ynskje om å bevare fjordhesten og særpreget ved rasen, og ein måte å gjere dette på er å ta med farge i vurderinga når ein skal plukke ut avlskombinasjonar.