I høve revisjon av Norsk Hestesenter sine retningslinjer for namngjeving, vart NFL oppmoda om å kome med synspunkt om namngjeving av fjordhest. Dei nye endringane er gjeldande frå 2019.

Styret i Norges Fjordhestlag sette ned ei arbeidsgruppe beståande av Steinar Furnes og Ingvild Rydjord Hansen for å drøfte denne saka. Arbeidsgruppa la fram ei innstilling til Norges Fjordhestlag, og vedtak vart gjort av NFL sitt styre.

Medlem i arbeidsgruppa, Steinar Furnes, gjer greie for endringane i retningslinjene:

Namn engasjerer mange. Følgjeleg vil det vere ulike meiningar om kva namn og namnetypar som bør godtakast og ikkje godtakast. I hovudsak bestod innstillinga vår av desse presiseringane:

  • Namnet på ein fjordhest kan samla bestå av maksimalt to ord. Unntaket er namn med tre ord der det eine ordet er preposisjonen av eller frå. Dette punktet vart presisert fordi NHS stadig oftare mottek ønskje om namn beståande av fleire ord. Sett frå vår ståstad, er det ønskjeleg at namna ikkje vert for lange. Preposisjonsnamn er særmerkt for islandshesten, og ein kan diskutere kor vidt dei bør brukast på fjordhest eller ikkje. Når vi har valt å tilrå å godta slike namn, er det fordi namnetypen har vore nytta og godkjend for fjordhest i fleire tiår, og at han såleis kan reknast som etablert.
  • Namn på hopper med avkomsvurdering A eller Elite kan brukast på nytt 50 år etter hoppa sitt fødselsår. Normalt sett kan namn nyttast opp att etter 20 år, men namn på kåra/premierte hingstar har som kjent lenge vore beskytta i minst 50 år. Vår innstilling er at eit tilsvarande utvida vern bør gjelde namn på markante avlshopper.  
  • Oppdrettarnamn kan ikkje bestå av initialar eller berre store bokstavar. Dette punktet vart tilrådd for å unngå at namnetradisjonen for fjordhest vert prega av meir eller mindre interne «kodar». Vår innstilling er at kvart namneord bør gje openberr meining. Vi har òg rådd frå å godta store bokstavar inne i namneorda.
  • Eigennamn (særnamn) frå andre språk kan godkjennast dersom namneordet er alminneleg kjent i Noreg og har ein stavemåte som gjer det naturleg å velje norsk uttale. Dette punktet vart presisert fordi fjordhesten er ein nasjonal hesterase. Vårt syn er at «framande»  fonotaktiske strukturar, og namn som elles inviterer til ikkje-norsk uttale, bør unngåast.
  • Ei viktig presisering elles, er at NHS skal sende skriftleg førespurnad til styret i NFL dersom registreringsinstansen er i tvil om einskildnamn bør godtakast eller ikkje. Då får landslaget vårt uttrykt si meining i tvilssaker som gjeld vår eigen rase, og vi lettar NHS sitt arbeid.

Vi håpar at eit tydlegare registreringsreglement vil gjere «namnepolitikken» meir føreseieleg for både oppdrettarar av fjordhest og NHS som registrator.   

Dei nye retningslinjene gjeld frå 2019. Endringane frå tidlegare er markerte med utheva skrift i reglementet:

1. Navngiving

En hests navn kan bestå av to deler, et oppdretternavn og et individnavn. Navnet kan samlet bestå av maksimalt to ord, unntaket er navn med tre ord der det ene ordet er preposisjonene av eller fra. Tidligere registrerte navn kan brukes om igjen 20 år etter hestens fødselsår unntatt navn på kåra hingster som ikke skal brukes på nytt. Unntak kan gjøres 50 år etter hingstens fødselsår dersom hingsten har under 10 registrerte avkom. Det samme gjelder for navn som i skrivemåte eller uttale kan forveksles med tidligere registrerte navn. Navn på hopper med avkomsvurdering A eller Elite kan brukes på nytt 50 år etter hoppens fødselsår.

Registreringsavdelingen ved NHS godkjenner oppdretternavn og individnavn.

1.1 Oppdretternavn

Oppdrettere kan reservere oppdretternavn. Oppdretternavnet kan stå foran eller bak individnavnet.

NHS fastsetter avgift for registrering av oppdretternavn.

1.1.1 Krav til oppdretternavn

Oppdretternavn bestå av ett enkelt ord. Det tillates ikke oppdretternavn bestående av initialer eller bare store bokstaver.

For øvrig vises til krav til individnavn.

1.2 Individnavn

Hestens individnavn kan bestå av ett ord i tillegg til oppdretternavn, eller to ord dersom hesten ikke har oppdretternavn. (Se punkt 1.)

Fjordhester skal ha norske navn med norsk skrivemåte. Egennavn fra andre språk kan godkjennes dersom det navnet er alminnelig kjent i Norge og har en stavemåte som gjør at det er naturlig å velge norsk uttale.

Samiske og kvenske navn godtas på lik linje med norske.

1.2.1. Krav til individnavn

Individnavn kan bestå av maksimum to atskilte ord. Det tillates ikke store bokstaver inne i ordene.

Hest kan ikke gis navn som:

  • Bæres av kjente privatpersoner med mindre skriftlig godkjennelse foreligger fra denne eller dennes familie.
    • Er etterfulgt av enkeltbokstaver eller tall
    • Er sammensatt av eller inneholder initialer, tall, bindestrek, punktum, komma, utropstegn, anførselstegn, kolon, semikolon, delingstegn.
    • Virker upassende eller støtende.

Hestens fulle navn kan maksimalt bestå av 23 tegn inkludert mellomrom.

1.3 Navneendring

Etter at hestens pass er utstedt er regnes hestens navn som registrert. Det kan søkes om navneendring fram til passet er skrevet ut. Etter det tillates ikke endring av navn. Det er kun oppdretter av hesten som kan søke om navneendring. 

Avgift for navneendring fastsettes av NHS.


1.4         Ved tvil om et navn oppfyller kravene som er satt, skal Norsk Hestesenter sende en skriftlig forespørsel til styret i Norges Fjordhestlag, som deretter avgjør om navnet skal godkjennes.