Sjølv om talet på bedekte fjordhopper har gått opp dei siste åra, slit fjordhesten med låg følprosent og difor få fødde føl. Kva kan vere grunnen til dette, og korleis tek Norges Fjordhestlag tak i denne utfordringa?

av Ingvild Rydjord Hansen

Dette er første del i artikkelserien «Betre drektigheit» som tek for seg bedekning og drektigheit.

Fjordhesten har i fleire år hatt kritisk låge bedekningstal. Det lågaste talet nokon sinne er frå 2014, då berre 147 hopper vart førte til hingst. Sidan då har tala stige noko, og i 2018 vart 278 hopper bedekt. Sjølv om det er ei stor prosentvis auke frå 2014 er tala framleis for låge, og ein ynskjer at enno fleire fjordhopper vert brukte i avl.

Fjordhesten er kritisk truga

Ein bestand er rekna som kritisk truga dersom det vert fødd mindre enn 200 nye individ kvart år. Sjølv om fjordhesten har hatt bedekningstal på over 200 kvart år sidan 2015, har ikkje talet på fødde føl passert den kritiske grensa.

«Dersom vi hadde hatt ein høgare følprosent på fjordhesten, ville vi kunne nå målet om 200 fødde føl» seier leiar i avlsutvalet i Norges Fjordhestlag, Vidar Heggheim. «Fjordhesten er i ein veldig sårbar situasjon sidan vi har ein liten populasjon, og difor arbeider vi for at flest mogleg av bedekningane skal resultere i fødde føl» legg han til.

Alle partar ynskjer at flest mogleg av bedekningane resulterer i fødde føl.

Dårlegast av dei norske

På Norsk Hestesenter sit dei på data om bedekningar for alle dei tre nasjonale hesterasane fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Dei fører statistikk på kva som har skjedd med bedekningane – har hoppa ikkje blitt drektig, kasta undervegs, eller kom det eit levande føl? Desse data er basert på innsendte springsetlar frå hoppeeigarane, og manglande innrapportering gjer det vanskeleg for Norsk Hestesenter å få eit godt bilete av situasjonen.

Den innrapporterte følprosenten for fjordhest har dei siste åra ligge på rundt 58%. Dette er dårlegast av dei tre norske. Dølahesten har ein følprosent på om lag 60%, medan nordlandshest/lyngshest ligg på om lag 70%.

Ein ser også ein stor skilnad på kor mange av bedekningane i kvar rase som det ikkje er innrapportert resultat av. For fjordhest har dette talet vore opp mot 40% enkelte år, medan nordlandshest/lyngshest ligg stabilt på under 10%. På dette punktet kan fjordhestfolket heilt klart verte mykje flinkare.

Ynskjer seg data om dei norske hesterasane

«Følprosenten seier noko om sesongen som heilheit, men gir ikkje noko godt totalbilete» seier spesialrådgjevar ved Norsk Hestesenter, Tore Kvam. «Tala fortel oss berre kor stor del av hoppene som har fått levande føl, men ikkje noko om kor mange som faktisk har vore drektige eller som har abortert eller kasta føla.»

Kvam meiner at ein statistikk på drektigheit per brunst ville gitt mykje betre informasjon. «Dei tala vi har no seier ingenting om hoppene har brukt ein eller fleire brunstar på å bli drektige» seier han.

Kvam ynskjer seg også betre data på reproduksjon frå dei norske hesterasane. «Dei data som finns på reproduksjon på hest er frå undersøkingar gjort i andre land og på andre raser enn dei norske» seier han. «Det hadde vore både interessant og nyttig å registrere data på normalverdiar på dei norske hesterasane. Vi trur at dei norske hesterasane oppfører seg omtrent som andre rasar, men sidan vi ikkje har data på det kan vi ikkje vite det sikkert.»

Treng meir kunnskap om avl

Mange spør seg sjølvsagt kvifor følprosenten er så låg hos fjordhesten. Er det faktorar ved hesten som gjer dette, eller er det miljøet rundt hestane som påverkar? Tore Kvam meiner at lite kunnskap om avl blant oppdrettarane kan vere ein av orsakane.

«Før i tida føregjekk avlen på gardane, der dei hadde erfaring og kunnskap om avl på andre dyr som gris, sau og storfe. Denne kunnskapen nytta dei i hesteavlen» fortel Kvam. «No er det yngre folk som held på med hest, og sjølv om dei har mykje kunnskap om hest på andre område manglar dei erfaring med avl. Ein lærer mykje av å ha dyr, og opparbeider seg kunnskap og rutine» seier han.

Vil kartlegge

Som ansvarleg for fjordhesten tek Norges Fjordhestlag den låge følprosenten på alvor. «Første steg i prosessen for å auke følprosenten er å kartlegge kvar problemet ligg» seier Vidar Heggheim i avlsutvalet. «Vi må vite meir om grunnen til at tala er som dei er, og først når dette er kartlagt veit vi kva for tiltak som kan vere nyttige å setje inn» seier han.

«Norges Fjordhestlag er ein liten organisasjon med avgrensa ressursar, og det er mange omsyn vi må ta i avlen av fjordhest» seier Heggheim. «Vi er avhengige av god hjelp frå fagfolk når vi skal ta tak i dei utfordringane vi har, og vi er veldig glade for det gode samarbeidet vi har med Norsk Hestesenter på dette området» legg han til.

Må ha mange tankar i hovudet

Det er ikkje berre følprosenten Norges Fjordhestlag arbeider med. «Vi har ansvar for å ta vare på heile fjordhesten, og vi må difor ha mange tankar i hovudet samstundes» seier Heggheim. «Det er heilt klart at dersom vi får opp følprosenten og får fleire fødde føl kvart år, vert det enklare for oss å arbeide på andre område i avlen» . Heggheim nemner innavlsgrad og bevaring av fargar som to av tinga ein har fokus på som vil ha svært godt av at det vert fødd fleire føl kvart år.

I tillegg til kartlegging av situasjonen for fjordhesten har Norges Fjordhestlag sett i gong eit anna tiltak. «Vi vil sørgje for at dei som avlar fjordhest har meir kunnskap om bedekning og drektigheit, fordi vi meiner at det er heilt avgjerande for å få ein auke i talet på fødde føl» seier Heggheim. «Det største ønsket for både oss og hoppeeigarane når dei reiser til hingst, er at det vert fødd eit levande, friskt føl året etterpå. Vi håper at arbeidet vi gjer aukar sannsynlegheita for dette» avsluttar han.