Den 1. mai inviterer Nordfjord Fjordhestlag til open jubileumskveld i samband med laget sitt 100-årsjubileum.

Kvelden blir innleia med aperitiff og ein konsert der songen «Fjordhestnatt» blir framført, før premieren på ein heilt ny historiefilm av fjordhesten frå 30- og fram til 70-talet. Filmen har ikkje vore vist før, og er nettopp ferdig produsert.

– Her er mykje gammal film av fjordhest frå ulike utstillingar på Eid, Breim, Førde, Stryn og Innvik. Her er og fjordhest i diverse arbeid. Historia er sett saman av bilete, tekst og svært unik og gammal film som ikkje er vist i digital form offentleg før. Dette kan trygt kallast Norgespremiere, seier Steinar Hilde i Filmdigitalisering AS i Innvik, som har produsert filmen. Lengda på filmen er 60 minutt.

Vi rullar ut den raude løparen og serverer Fjording-aperitiff frå Øyvind Løkling (også alkoholfritt alternativ). Alt dette til berre kr 150,-. Dette blir ei oppleving du må få med deg!

Arrangementet startar kl 19. Møt opp på Nordfjord Hotell i god tid for å sikre deg god plass!

Denne kvelden får du sjå gamle filmar av fjordhesten som ikkje tidlegare er vist.