Norges Fjordhestlag og St. Hippolyt Norge har signert ein ny sponsoravtale som varer ut 2021.

St. Hippolyt er eit dansk firma som produserer kvalitetsfôr til hest. Dei har sponsa Norges Fjordhestlag fram til no, og partane har vald å forlenge denne avtalen. Dette gjer St. Hippolyt til hovudsponsor for Norges Fjordhestlag i tre år framover.

«Vi var veldig nøgde med den sponsoravtalen vi hadde med St. Hippolyt, og ynskja å forlenge denne» seier Asle Espe, organisasjonssekretær i Norges Fjordhestlag.

Som hovudsponsor stiller St. Hippolyt med premiar til landsfinalen for unghest og showklassa for toårshingstar, i tillegg til å mellom anna tilby å halde fôringskurs for alle Norges Fjordhestlag sine lokallag.

Norges Fjordhestlag ser fram til eit godt samarbeid med St. Hippolyt i åra som kjem.

Som hovudsponsor stiller St. Hippolyt mellom anna med premiar til landsfinalen for unghestar og showklassa for toårshingstar på Nordfjordeid.