Den 7. og 8. juni møttest representantar frå dei internasjonale fjordhestlanda i Brüssel for å snakka om moglegheitene for å få til eit internasjonalt register for fjordhest.

av Jenny Wright Johnsen, president Fjord Horse International

I ei digitaliserande verd er det meir aktuelt enn nokon gong å realisera ideen om eit internasjonalt register. Ved å samla alle fjordhestar verda over i eitt register, kan ein ha fått full oversikt over fjordhestpopulasjonen. Dette vil gje mange moglegheiter med tanke på utvikling av fjordhesten som produkt. Det vil letta arbeidet med import og eksport av hestar og på sikt vil ein kunne integrere sports- og bruksopplysningar i registeret. Det vil vere enkelt å overvaka innavlsutviklinga og gjere tiltak for å unngå sterk innavlsauke. Eit internasjonalt register vil også vera god marknadsføring av fjordhesten.

Det er mange utfordringar på vegen. Hestane står i mange ulike register, i ulike format, nokre hestar er ført i fleire register, men med ulike identitetar. I tillegg slår reguleringar av personopplysningar inn og kompliserer arbeidet. Likevel var det ein svært motivert og løysingsorientert gjeng som møttest i Brüssel for å diskutere dette. Det deltok representantar frå Frankrike, Belgia, Tyskland, Nederland, USA (som også representerte Canada), Danmark, Norge, Sverige og England (dei to siste deltok via Skype).

Møtet vart nytta til å kartlegge situasjonen i dei ulike fjordhestlanda, og spørsmåla som blei diskuterte var mellom anna korleis blir registrering av hest gjort, kven eig data, korleis kan me setja saman opplysningane i ein felles database og korleis skal denne fungere. Svara blir samanfatta i ein rapport som vil gje eit heilskapleg bilete av den internasjonale fjordhesten. Denne blir publisert så snart den er klar, truleg over sommaren.

Det vidare arbeidet består i skaffa finansiering av prosjektet. Det finns fleire moglege finansieringsløysingar, men det krev ein grundig og velskriven søknad. Meir informasjon om prosessen kjem etter kvart. Følg gjerne Fjord Horse International på Facebook.

Deltakarane på møtet representerte Frankrike, Belgia, Tyskland, Nederland, USA, Canada, Danmark og Noreg