Emma Nyløy og andrepremiehingsten Sofin reiste heim frå årets Fjordhest-NM med heile to NM-gull og ein greinmeistertittel. «Det er heilt uverkeleg!» seier den ferske Noregsmeisteren.

av Ingvild Rydjord Hansen

Emma Nyløy starta sitt første Fjordhest-NM sist gong det vart arrangert på Linnesvollen, i 2014. Førde Køyre- og rideklubb ville stille med lag, og trengte nokon til å ri sprangen. Emma fekk låne skulehesten Sylvine frå Mo vidaregåande skule, der ho var elev på hestelinja, og saman rei dei inn til laggull på NM.

Bitt av fjordhestbasillen

Emma fortel at ho vart bitt av fjordhestbasillen med ein gong ho byrja å ri Sylvine. Då Sylvine skulle pensjonerast etter Fjordhest-NM i 2015, fekk Emma ei melding av eigaren hennar: «Eg har ein enda betre hest til deg, og den kan du til og med få kjøpe». Sånn endte Emma og Sofin opp saman.

«Eg hadde ingen planar om å kjøpe meg hingst, og var litt skeptisk til om eg kom til å meistre det» fortel Emma. «Sofin testa meg ein heil del i starten, og eg var faktisk inne på tanken om å levere han attende til eigaren.» Men, Emma er ikkje ei sånn som gir seg på grunn av nokre utfordringar, og etter ei kort stund løsna det. No er ho veldig glad for at ho enda opp med nettopp Sofin. «Fy flate for ein ponni dette er» seier Emma. «Han vert betre og betre med alderen, og er ein utrulig kjekk hest å ha med å gjere.»

«Han vert betre og betre med alderen,
og er ein utrulig kjekk hest å ha med å gjere.»
Emma Nyløy om Sofin

Emma har starta NM Fjordhest kvart år sidan debuten i 2014. Dei fire siste åra har ho starta med Sofin. Før årets meisterskap hadde Emma tre laggull og to sigrar i greinmeisterskapen i køyring. I år fekk ho det aller gjævaste – individuelt gull i NM Senior.

Køyring er favorittgreina

Som greinmeistrar i køyring tre år på rad, er det kanskje ikkje noko overrasking at det er nettopp køyringa som er Emma si favorittgrein. «Køyring er veldig variert, og eg likar alle tre delgreinene» seier ho. «Eg likar spesielt godt det samspelet ein får i dressuren, og farta og spenninga i maraton. For å bli god i maraton må ein jo også ha dressuren på plass, så ein får ein vendbar hest i hindera» legg ho til.

Utfordrande å starte mange greiner

Allsidigheita til fjordhesten er noko av det Emma set størst pris på med rasen. «Det er nesten eit luksusproblem, men det å starte mange greiner kan også vere litt utfordrande» seier ho. «Ein ting er at ein må ha mykje ulikt utstyr om ein skal ri både sprang og dressur og køyre i tillegg, men så skal ein jo rekke å trene på alle greinene også. Hestane skal jo helst ha litt fri og gå på tur inn i mellom, så det kan vere vanskeleg å finne den rette balansegangen.»

I alle samandraga på Fjordhest-NM, bortsett frå greinmeisterskapa, må hestane både ri dressur og sprang, og verte køyrd. Dette er mykje i løpet av den korte veka NM varer. «Hestane må omstille seg fort frå konkurranse til konkurranse. Maratonkonkurransen krev også veldig mykje styrke og kondisjon, og hestane kan verte både stive og støle i løpet av NM-veka» seier Emma.

For å lukkast på Fjordhest-NM er Emma klar på at ein må ha ein hest med god kondisjon. «Eg saknar fjella og bakkane heime i Sogn no som eg studerer på Ås» seier ho. «Ein får mykje god og gratis styrketrening med å ri og køyre i bakkar!»

«Eg trur mange undervurderer kor viktig det er med god kondisjon, og at dette grunnlaget bør leggast tidleg i sesongen. Rett før stemner bør ein heller fokusere på teknikk og detaljar» seier Emma.

Var usikker på om dei skulle starte

Emma var usikker på om ho og Sofin kom til å kome til start i årets Fjordhest-NM. I mai fekk Sofin ein hovbyll, og var heilt ute av drift ei periode. Emma var difor sikker på at kondisjonen hans var for dårleg, og at dei ikkje ville klare å hevde seg på NM. Ho valde likevel å melde seg på, for å ta NM som ei oppkøyring til Nordisk i Danmark i august. Det viser seg likevel at grunnkondisjonen til Sofin ikkje vart veldig sett tilbake av hovbyllen, for under NM var han i strålande form.

Konkurransane på NM

Dressurriding var den første øvinga Emma og Sofin starta. «Eg sleit litt med fokuset til Sofin i dressuren, og fekk han ikkje skikkeleg igjennom i forma» fortel Emma. Ho seier at ho hadde litt større forhåpningar til dressuren enn kva dei fekk vist fram. «Vi har kome langt i dressuren sidan i fjor, med god hjelp frå trenar Andreas Gjerstad. Tidlegare i år debuterte vi i MC» seier Emma.

Dressurkøyringa, som var første avdeling i greinmeisterskapen i køyring, gjekk mykje betre syns Emma. «Eg var spesielt godt nøgd med aukingane våre, og me køyrde eit jamt og fint program.»

På grunn av den litt amputerte oppladinga til NM var Emma redd for at Sofin ikkje var i god nok form til å gjennomføre ein god maraton. «Eg hadde ikkje trengt å bekymre meg, for han gjekk som ei kule heile vegen» seier Emma. «Han var veldig energisk og eksplosiv i hindera, og vi koste oss begge to.»

Emma og Sofin vann maraton, og med dette leda dei greinmeisterskapen i køyring og låg på andreplass i NM Senior før siste avdeling i begge samandraga. Etter ei feilfri runde i presisjon dagen etter kunne ekvipasjen smykke seg med tittelen som greinmeister i køyring for tredje år på rad.

Grudde seg til sprangen

Dei som var til stades på NM på Stord i fjor hugsar kanskje at Emma låg godt an til å ta senior-gullet den gongen også. I sprangen fall ho dessverre av, vart eliminert og mista alle sjansar på medalje. I år grudde ho seg difor veldig til denne klassa. «Eg trur aldri eg har hatt så lite lyst til noko i heile mitt liv, som å ri sprangen på årets NM» seier Emma. Ho var både letta og veldig glad då dei gjennomførte både grunnomgong og omhopping feilfritt.

«Eg trur alle tilskodarane rei med meg på den runda, og støtta eg følte frå publikum var heilt magisk» seier Emma. «Det miljøet me har i Fjordhest-Noreg er heilt eineståande, og eg unnar alle å få oppleve kor kjekt det er å vere med.»

«Eg trur alle tilskodarane rei med meg på den runda,
og støtta eg følte frå publikum var heilt magisk!»
Emma Nyløy

Gler seg til NM på heimebane neste år

Til slutt enda det med dobbelt gull for Emma. Ho vann NM Senior, og i tillegg tok ho laggull saman med Dorthea Solheim og Silje Indrebø for Førde Køyre- og rideklubb. «Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, og kjensla er heilt ubeskriveleg» seier Emma. «Eg er så stolt over hesten min, og kva han får til!»

No har Emma og Sofin starta oppladinga til Nordisk i Danmark i august. Ho har også planar om å stille til start på Fjordhest-NM neste år, som då er på heimebane i Førde. «Sofin byrjar å dra på åra, men held seg sprek og fin. Eg håper han held i mange år til, for eg har ingen planar om å finne meg ein erstattar med det første!» seier ei veldig glad Emma.

 

Gull-laget frå Førde Køyre- og rideklubb. Frå venstre: Emma Nyløy og Sofin, Dorthea Solheim og Haukfell, Silje Indrebø og Råds Gråa