I sitt siste år som junior tok Silje Indrebø gull både for lag og individuelt med hoppa Råds Gråa. Silje vil satse vidare på fjordhest sjølv om juniortida er over.

av Ingvild Rydjord Hansen

Silje Indrebø frå Førde og Råds Gråa har vore ein ekvipasje i ni år. Dei første fire åra hadde Silje Gråa på fôr, og då ho fekk tilbod om å kjøpe ho var ho ikkje i tvil. «Gråa er ein spesiell hest som eg er veldig glad i» seier Silje. «Ho er ganske sær, men eg syns berre det er sjarmerande!»

Dei siste to åra har Silje vore elev på hest- og hovslagarfag på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Gråa har vore med, og Silje har brukt ho i undervisninga på skulen.

Gullvinnar NM junior 2019: Silje Indrebø og Råds Gråa

Gode brukshestgener

Råds Gråa er dotter av Solli Gråen, ein hingst som har sett store spor etter seg – kanskje spesielt blant hestane vi ser i konkurransar. Han er den første hingsten som har fått utmerking frå Norges Fjordhestlag etter at mange av hans avkom har vore plasserte i samandraget for beste unge fjordhest (BUF).

Dressur er favorittgreina

I år var det fjerde gongen Silje starta junior-samandraget under Fjordhest-NM. Frå før har ho eitt gull og eitt sølv, i tillegg til eitt laggull. Silje set stor pris på allsidigheita til fjordhesten, og trivs godt med både sprang, dressur og køyring.

«Dersom eg skal velje ut ei grein som favoritt, trur eg det må bli dressurriding» seier Silje. «Det er det som gir meg den beste kjensla medan eg rir.»

Silje er klar på at det både er kjekt og utfordrande å skulle delta på eit stemne som Fjordhest-NM, der ein konkurrerer i tre vidt forskjellige greiner. «Det er vanskeleg å vere like god i alle greinene, men eg har prøvd å trene jamt i både sprang, dressur og køyring gjennom året» seier Silje. «Det er mykje å ha kontroll på når ein skal starte stemner, og sidan eg konkurrerer i tre greiner på Fjordhest-NM vert det tre gongar så mykje å hugse.»

Trening må skje på hesten sine premissar

Det er viktig for Silje å trene på hesten sine premissar. «Eg er veldig opptatt av å ta omsyn til hesten og dens behov heile tida, også i konkurransar. Hesten må føle seg komfortabel for å kunne prestere godt» seier Silje. «For å klare å lese hesten godt i ein slik situasjon må du kjenne hesten din, og de må ha god kjemi. Det føler eg at eg og Gråa har» legg ho til.

«Eg er veldig opptatt av å ta omsyn til hesten og dens behov heile tida, også i konkurransar. Hesten må føle seg komfortabel for å kunne prestere godt»

Klassene i årets NM

Under årets NM starta Silje LB dressur, lett presisjonskøyring og 80 cm sprang som inngjekk i samandraget for junior. I tillegg starta ho dressuren for laget til Førde køyre- og rideklubb, som gjekk i LA.

«Den første klassa vi starta på NM var LA dressur. Det gjekk heilt greitt tykkjer eg, men eg føler ikkje at resultatet spegla den kjensla eg satt att med etter programmet» fortel Silje. I LB fekk ho ei betre kjensle, men sleit litt med at hesten var sliten etter å ha gått ei dressurklasse tidlegare same dag.

«Det var etter kvart ganske store forseinkingar i dressuren, og det var vanskeleg å halde hesten gåande og motivert når vi måtte vente så lenge» fortel Silje.

Etter presisjonskøyringa sat Silje att med ei veldig god kjensle. «Gråa var så fresh og hadde veldig god framdrift i vogna i presisjonen» fortel ho. Også her måtte dei vente litt sidan dei kom til omkøyring, men ho opplevde at ho klarte å halde hesten i gong betre denne dagen enn under dressuren.

Før sprangen, siste avdeling i NM junior, leda Silje – med konkurrentane hakk i hel. Ho starta sist i klassen, og då ho rei inn til ein feilfri grunnomgong visste ho at gullet var sikra. «Sidan eg visste at eg ikkje hadde noko å tape kunne eg slappe av og berre kose meg i omhoppinga. Det var ikkje så nøye korleis det gjekk, berre vi hadde det kjekt – og det hadde vi verkeleg!» fortel ho.

«Sidan eg visste at eg ikkje hadde noko å tape kunne eg slappe av og berre kose meg i omhoppinga.»

Fekk to gull

Det var ikkje berre eitt, men to gull som vart med Silje heim frå årets NM. Saman med Emma Nyløy og Dorthea Solheim tok Silje laggull for Førde køyre- og rideklubb. «Det er heilt uverkeleg å skulle klare å ta to gull i same NM!» seier Silje. «Eg veit ikkje korleis eg skal beskrive det, men det var utrulig kjekt!»

Då ho kom i mål til ein feilfri grunnomgong, visste Silje at gullet var sikra

Vil satse vidare på fjordhest

Etter NM på Linnesvollen reiste Silje og Gråa vidare til Kristiansand, der dei har lada opp mot nordisk for fjordhest som startar i Danmark neste veke.

Dette var Silje sitt siste år som junior, men ho sluttar ikkje å satse på fjordhest og Gråa av den grunn. Neste år er det NM på heimebane i Førde, og Silje har planar om å delta der. «Eg veit ikkje heilt kva eg skal starte sidan NM junior ikkje er eit alternativ, men eg har god tid på meg til å finne ut av det» seier ho.

Laget til Førde køyre- og rideklubb tok gull under Fjordhest-NM