Årets første fjordhestføl såg i kveld dagens lys.

av Ingvild Rydjord Hansen

Det er sjeldan det kjem føl så tidleg som i mars, men i dag vart ei velskapt, flott hoppe fødd på Solvoll Gård på Tverlandet i Nordland. Hoppa er e. Højgaards Nicko u. Valisia, og oppdrettar av følet, Line Torrissen Carslen er eigar av begge foreldra.

Både mor og far til følet har Line kjøpt frå same stall i Sverige. Højgaards Nikco er oppdretta i Danmark, medan Valisia er norsk. Begge foreldra hennar, Herman og Savanna har 1. premie. Valisia er elitehoppe i Sverige, og er mellom anna mor til den svenskkåra hingsten SolFin og den norskkåra hingsten Herr Fin. Årets føl er hennar sjuande.

Line og ungane hennar, Tiril og Reodor, fekk vere med under føllinga, som gjekk raskt føre seg. «Det var ei heilt spesiell oppleving å få vere tilstades då mitt eige oppdrett kom til verda» fortel Line, som har bestemt at folen skal få namnet Solvolls Valkyria.