På grunn av stor usikkerheit rundt koronasituasjonen har arrangørane av Fjordhest-NM vald å utsette stemnet frå juli til august. 

Regjeringa kom for litt sidan med ei kunngjering om at alle stemner fram til 15. juni vert avlyst. Det kjem melding ca. 1. mai om bestemmelsar for resten av sommaren. Arrangør har vald å utsette avgjersla om stemnet skal avlysast eller gjennomførast til etter den meldinga kjem.

Ønsket er så klart at Fjordhest-NM 2020 skal arrangerast, men det kan hende det ikkje vert i same form som opphavleg planlagt. I første omgong har ein vald å flytte stemnet til august.

Når det gjeld kvalifisering arbeider aktivitetsutvalet i Norges Fjordhestlag med å sjå på tilpassingar som kan gjerast slik at det er mogleg å arrangere NM etter kjente statuttar. Dette må avklarast med NRYF, då statuttane til Fjordhest-NM er ein del av deira reglement.

Den noverande planen er at det arrangerast eit lands- og distriktsstemne i dressur 1.-2. august, eit distriktsstemne i sprang og presisjonskøyring 3. august, og at sjølve Fjordhest-NM vert arrangert 3.-8. august. Arrangøren håper å kunne ta i mot fjordhestfolket til ein stor hestefest i Førde i august, og at dette let seg gjere innafor gjeldande retningslinjer frå myndigheitene.

«Planlegg treninga som om det vert eit NM i år også – godt trente fjordhestar er lukkelege hestar» seier stemneleiar Ove Natland.