Sjølv om 2020 har vore eit spesielt år, har det likevel skjedd mykje både i Norges Fjordhestlag og ute blant medlemmane våre.

av Ingvild Rydjord Hansen

Koronapandemien gjorde 2020 til eit spesielt år, og har også hatt innverknad på fjordhesten. Både hingsteutstillinga og Fjordhest-NM vart avlyst, men bedekningstala er positive og under Brukshest-NM vart det tre fjordhest-gull.

Hestemiljøet i Noreg er ikkje av dei som har vore mest prega av pandemien, då kvardagsaktiviteten med hest må haldast i gong. Dette er vi veldig glade for. For Norges Fjordhestlag har koronarestriksjonane ført til at vi har måtte tenkt annleis og finne nye løysingar, og det beste av dette tek vi med oss vidare inn i 2021.

Ekstraordinær hingstekåring

På grunn av koronapandemien var det ikkje mogleg å gjennomføre hingsteutstillinga. Styret i Norges Fjordhestlag gjorde difor eit vedtak slik at friske, unge hingstar kunne verke i avl, og la med det til rette for ein så normal bedekningssesong som mogleg.

Dei tidlegare kåra og premierte hingstane som skulle møte til ny vurdering i år, fekk behalde avlsgodkjenninga si og må møte neste år i staden. Alle innmelde, ikkje tidlegare vurderte hingstar frå 3-5 år, fekk avlsgodkjenning for 2020, så framt dei kunne legge fram ein godkjent veterinærattest.

Totalt fekk 21 treårshingstar og fem fire- og femårshingstar ekstraordinær avlsgodkjenning for 2020. Dei av desse som vart kjøpt eller leigd av eit lag fekk ei kvote på 20 hopper, medan dei andre kvar kunne nyttast på fem hopper.

«Styret i Norges Fjordhestlag set stor pris på at medlemmane våre har respektert avgjersla styret tok angåande hingstane i vår» seier leiar i laget, Hege Sæther Moen. «Vi meiner at løysinga vi kom fram til var den beste for å hindre at pandemien skulle ha stor negativ innverknad på bedekningstala i 2020.»

Treårshingsten Granat var ein av hingstane som fekk ekstraordinær kåring i 2020. (Foto: Hege Aardal)

Avlssesongen 2020

Totalt hadde fjordhesten 271 bedekningar i 2020, ei auke på 21 hopper frå 2019. «Med fleire tilgjengelege hingstar, men utan same moglegheit for seleksjon etter avlsplanen, var vi redde for at vi ville få for låge bedekningstal i år» seier Hege Sæther Moen. Ho trur at grunnen til at bedekningstala likevel har auka, er at mange hingstar er godkjent for avl. Ein avlyst konkurransesesong, samt usikkerheit kring korleis moglegheitene for å konkurrere neste år blir, førte nok også til at fleire har sett føl på hoppene sine i år.

Det har i 2020 vorte nytta heile 54 hingstar i fjordhestavlen. Av dei totale bedekningane står treårhingstane for 60% av dei, og hingstar 3-5 år har ein andel på 73%. Hingstane som har hatt flest hopper i 2020 er Birkelid Owen (20), Hallingen (19) og Granat (16).

Avlsmidlar

Norges Fjordhestlag deler kvart år ut avlsmidlar til lag som leiger eller kjøper unge hingstar (3-5 år), bedekning av unge hopper (3-5 år), samt hopper med lang reiseavstand til hingst.

I tillegg har Norges Fjordhestlag vedteke å nytte avlsmidlar til å leige inn ein hingst  som kunne bidra med ein spesiell stamme og farge til populasjonen. Dette er gjort i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og seminstasjonen, slik at hopper i heile landet kunne nytte seg av dette.

Hingsten som vart plukka ut var fire år gamle Myras Monrad. Han har ei stamme som er utanom dei mest brukte i landet. Far hans er avdøde Nytuns Heiden etter Solli Gråen. Morssida til Myras Monrad er av ei lite brukt hoppelinje. Myras Monrad er fargetesta, og han kan gje grå avkom.

Medrekna midlar til Fokus Unghest, har Norges Fjordhestlag nytta til saman 242 500 kroner på avlstiltak i 2020.

Myras Monrad vart leigd inn til seminstasjonen i 2020. (Foto: Karine M. Kristiansen)

Forskning på fruktbarheit

Norges Fjordhestlag søkte saman med Norsk Fjordhestsenter, Landslaget for Dølahest, Norsk Hestesenter, Landslaget for nordlandshest/lyngshest, Norsk kompetansesenter for nordlandshest/lyngshest og NMBU skipinga Hästforskning om midlar til eit forskningsprosekt om fruktbarheit på dei norske hesterasane. Målet med forskninga var å finne fram til kvifor følprosenten på rasane er så låge som dei er.

Søknaden kom vidare til andre søknadsrunde, men vart dessverre ikkje innvilga støtte i år. Forskarane vi samarbeidar med på NMBU vil lage ein forbetra søknad om forskningsmidar til 2021, og parallelt med dette vil to masterstudentar på NMBU gå i gong med delar av prosjektet.

Gentest på avteikn

Norges Fjordhestlag samarbeider med NMBU for å finne ut meir om avteikn i fjordhestpopulasjonen vår. To masterstudentar ved NMBU vil forsøke å finne ein gentest for avteikn, slik vi allereie har på farge, i 2021. Samstundes håper vi over tid å få meir generell kunnskap om avteikn og om genetiske kombinasjonar som kan gje avteikn. Norges Fjordhestlag har sett av 100 000 kroner til dette prosjektet.

Tre fjordhestgull i Brukshest-NM

Mange konkurransar har vorte avlyst i 2020, men den første helga i august møttes hestefolket til NM for brukshest på Nøkleberget travbane i Innlandet. Det er tre greiner som inngår i NM for brukshest: brukshestridning, brukshestkøyring og skogshestkøying.

Fjordhesten var representert i Noregsmeisterskapen med fleire ekvipasjar. I brukshestridning vann fjordhestekvipasjer gull for både junior og senior; Julie Løvberg og Sølvgut (junior) og Mie Austad og Engsguten Storm (senior). I skogshestkøyringa tok Øystein Lien og Lukas gull.

Noregsmeistrar i bruksridning – Mie Austad og Engsgutten Storm (Foto: Inger Lise Walle Kirkhus)

Årsmøte og Haustmøte

Norges Fjordhestlag sitt årsmøte i mai vart utsett, og heldigvis vart det mogleg å arrangere både årsmøte og Haustmøte i oktober. Lokasjonen vart i år Skei i Jølster. Det vart opna for å følge med på møtet digitalt, og i tillegg deltok mange digital.

Sunnfjord fjordhestlag var medarrangør under Haustmøtet, og stilte med både god praktisk hjelp og mykje kunnskap under arrangementet. Norges Fjordhestlag set stor pris på at lokallaga våre vil bidra med sine ressursar til landslaget sitt arbeid.

Arbeid i styret og utval

Styret og utvala i Norges Fjordhestlag har i 2020 hatt ein del ekstraarbeid på grunn av pandemien. Det har mellom anna vorte nytta mykje tid på den ekstraordinære hingstekåringa i vår, både med å kome fram til korleis dette skulle gjerast, samt handsaming av opplysningar om og bilete/film av hingstane.

Avlsutvalet og styret har også jobba mykje med evaluering av utvida bruksprøver. Dette har vore eit langt arbeid i organisasjonen, og dei endelege endringane vart lagt fram på Haustmøtet i oktober. Vi vonar at dei nye reglane for bruksprøvene vil gjere det enklare å vere hingstehaldar, samt at. …

Avlsutvalet og styret har også jobba mykje med evaluering av utvida bruksprøver. Dette har vore eit langt arbeid i organisasjonen, og dei endelege endringane vart lagt fram på Haustmøtet i oktober. «Vi vonar at dei nye reglane for bruksprøvene, saman med informasjonsfilm som vil komme i løpet av våren, vil gjere det enklare og meir forutsigbart å komme med hingst til UB» seier Hege Sæther Moen. «Vi meiner UB i ny form, med endra vekting av brukseigenskapar, betre vil sikre arvelege genetiske bidrag og ikkje faktorar påverka av miljø» legg ho til.

Aktivitetsutvalet har i 2020 arbeidd mykje med statuttar for Fjordhest-EM. Ei revurdering av statuttane for NM har også vore på saklista, og dei nye endringane er sendt inn til NRYF for godkjenning.

Saman med Landslaget for Dølahest og Landslaget for nordlandshest/lyngshest har representantar for Norges Fjordhestlag arbeidd med ein ny handlingsplan for dei norske hesterasane. Planen skal gjelde frå 2021-2030, og er ei vidareføring av handlingsplanen som har gjelde for 2011-2020.

Pandemien har gjort det naudsynt å tenke meir på digitale løysingar i gjennomføring av ulike aktivitetar. Norges Fjordhestlag ønskjer å oppgradere det digitale utstyret til organisasjonen, samt skaffe meir erfaring om korleis vi kan formidle både kunnskap og arrangement over nett.

Alt i alt har 2020 vore eit aktivt år i Norges Fjordhestlag, men leiar Hege Sæther Moen legg ikkje skjul på at det også har vore utfordrande. «Vi har stått i fleire situasjonar der vi har måtte tørre å tenke annleis for å kome fram til dei beste løysingane for fjordhesten» seier ho. I eit slikt år er ho ekstra takksam for alle ho har med på laget. «Norges Fjordhestlag har hatt med seg mange flinke, engasjerte og kompetente folk i året som har gått, både i styret, utval, arbeidsgrupper og ikkje minst lokal- og distriktslag.»

Norges Fjordhestlag takkar for året som har gått, og ynskjer alle eit riktig godt, nytt år! 

Årets første fjordhestføl vart fødd på Tverlandet 12. mars. Hoppa er etter Højgaards Nicko og Valisia. (Foto: Line Torrissen Carlsen)

 

Fjordhest på veg til Rørosmartnan (Foto: Giljar Groven)

 

Norsk Fjordhestsenter fekk den gulblakke hoppa Asplunds Mirakel i gåve av kremlikørselskapet Fjording. Her er hoppa saman med ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo, og stallansvarleg ved NFHS, Asle Espe.