Norges Fjordhestlag arrangerte i samarbeid med Norsk Fjordhestsenter og Norsk Hestesenter digital dommarsamling for eksteriør- og bruksprøvedommarar 30. januar.

av Ingvild Rydjord Hansen

Pandemien har tvunge oss til å verte meir digitale, og finne løysingar for å gjennomføre det meste over internett. Å arrangere ei årleg dommarsamling er forankra i avlsplanen for fjordhest, og er eit viktig verktøy for Norges Fjordhestlag.

På grunn av endringar i avlsplanen knytt til bruksprøver, samt den ekstraordinære kåringa som vart arrangert i vår, var det viktig å gjennomføre ei dommarsamling før utstillingssesongen byrjar. Den ordinære dommarsamlinga som skulle arrangerast hausten 2020 var ikkje mogleg å gjennomføre, og den digitale dommarsamlinga vart ei erstatning for den.

«Ved å arrangere dommarsamling får vi gitt god informasjon om eventuelle endringar i avlsplanen, og gjennom dialog med dommarane får vi ein peikepinn på kva vi saman må arbeide med i tida framover» seier leiar i avlsutvalet, Vidar Heggheim.

Vanlegvis arrangerar Norges Fjordhestlag dommarsamling kvar haust. Biletet er frå dommarsamlinga i 2018, der også utanlandske fjordhestdommarar deltok, og følskue var ein del av dommarsamlinga.

Også bruksprøvedommarane deltok

Under denne dommarsamlinga valde ein å også inkludere bruksprøvedommarane, då det er endringar i gjennomføring av bruksprøver samanlikna med førre utstillingssesong. Norges Fjordhestlag har lenge arbeidd med ei evaluering av utvida bruksprøver, og dei endelege endringane vart presentert på Haustmøtet i oktober. Under dommarsamlinga vart dommarane informert om korleis prøvene skal arrangerast i 2021, samt om kvifor Norges Fjordhestlag har vald å gjere dei aktuelle endringane.

Informasjonsvideo om bruksprøver

Mange av medlemmane våre har etterlyst ein informasjonsvideo om utvida bruksprøver. I januar samarbeidde Norges Fjordhestlag, Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter om å lage slike videoar, ein om køyreprøve og ein om utvida bruksprøver. Videoane skal ligge ute på nett, og det var difor viktig å få dommarane si tilbakemelding på videoane før dei vert publiserte.

Bruksprøvedommarane som medverka i filmen, Knut Karlsen og Frank Skubberud, deltok på dommarsamlinga. Dei fortalde om kva dei meiner filmen speglar, og kva dei ser etter når dei dømmer.

Dommarane som deltok på samlinga var svært positive til informasjonsvideoane, og rosa Norges Fjordhestlag for å ha tatt initiativ til å få laga dei. Det kom også inn kommentarar om små endringar og presiseringar ein kan gjere i videoane slik at dei vert enno meir informative.

Frå innspelinga av informasjonsfilm om utvida bruksprøver. Foto: Magni Flyum

«Det er alltid noko positivt å seie»

Programmet for eksteriørdommarane vart innleia av den pensjonerte dommaren Susan Hellum, som har lang erfaring med dømming av både fjordhest og andre raser. Ho snakka om det etiske perspektivet rundt det å vere dommar, og litt om kva ho ser etter når ho møter ein hest i ringen.

«Ein skal la seg begeistre når ein ser ein hest» sa Hellum til dei andre dommarane. «Det er også viktig å alltid finne noko positivt å seie om kvar hest, for alle hestar har gode eigenskapar» understreka ho.

Ekstraordinær kåring

Eit fast punkt på programmet når det arrangerast dommarsamling er evaluering av årets utstillingssesong. Dette var vanskeleg å gjere denne gongen, fordi utstillingssesongen 2020 var veldig unormal og med få utstillingar.

Det var likevel viktig å snakke om den ekstraordinære kåringa som vart helde i vår, då det ikkje var mogleg å samle hingstane til ei felles dømming. Det var leiar av kåringsnemnda, Nils Ivar Dolvik, og veterinær Torbjørn Nes Hjelle som vurderte materialet som kom inn frå hingstehaldarane, og dei delte erfaringane sine med dei andre dommarane på samlinga.

«Det var stor skilnad på kvaliteten på innsendte filmar og bilete, og alt i alt var det vanskeleg å seie noko om hingstane ut i frå det materialet» sa Dolvik. Det var hingstane sin veterinærattest som var avgjerande for om dei fekk avlsgodkjenning eller ikkje.

Digital dømming

Siste post på programmet var digital dømming av hestar. Dommarane fekk sjå ein filmsnutt med ulike hestar oppstilte og vist i skritt og trav. Dei fekk også oppgitt kjønn, alder og høgde på hestane. Etter å ha studert filmane fylte dommarane ut karakterar og kommentarar i eit digitalt skjema, slik at det var lett å sjå korleis karakterane spreidde seg over skalaen. Etter kvar hest hadde ein gode diskusjonar på dei punkta på dømminga der det var størst sprik.

Dommarane fekk sjå film av ulike hestar, og fylte ut digitalt dommarskjema.

Godt nøgd med samlinga

Leiar i avlsutvalet, Vidar Heggheim, er nøgd med gjennomføring av den digitale dommarsamlinga. «Slik situasjonen er no, var dette det beste vi kunne få til, og å bruke nett er ein flott måte å informere dommarane om endringar i avlsplan og bruksprøver» seier han.

Heggheim er glad for at dommarane er positive til endringane i utvida bruksprøver. «Dei endringane vi har gjort er veldig god forankra i organisasjonen, og vi har fagleg dekning for dei endringane vi har gjort» seier han.

Han ser likevel ei utfordring med den digitale dømminga, då ein ikkje får sett ein hest like bra som ein får live. Likevel meiner han at det var eit greitt alternativ i dagens situasjon, og at ein fekk hatt gode diskusjonar om mellom anna preg og beinstilling.

Norges Fjordhestlag har planar om ein ny dommarsamling til hausten, og forhåpentlegvis vil den verte arrangert i meir normale former.

 

Tilbakemeldingar frå dommarar som deltok på den digitale dommarsamlinga:

Jeg synes dette har vært en flott modell av et møte og interessant. Tusen takk.

​Takk for godt møte. Kan absolutt gjentakast. Effektivt både med tanke på tid og kostnad.

Flott møte, ønsker gjerne å være med på slike møter/kurs flere ganger.