Hesten har vorte brukt i helsefremjande arbeid i fleire hundre år, men kva er det med hesten som gjer at den får oss menneske til å fungere betre både kroppsleg og mentalt?

Byline: Ingvild Rydjord Hansen

Dette er første del i artikkelserien «Hesten som terapeut». 

Allereie i antikken nytta ein hestar i helsefremjande arbeid, og den kjente greske legen Hippokrates snakka om den helande krafta hesten kunne ha på menneske med fysiske og psykiske lidingar. Den første rideskulen i verda som dreiv med fysikalsk behandling vart starta i Noreg i 1953 av fysioterapeut Elsebeth Bødtker. I dag er det Tyskland, England og USA som har kome lengst i arbeidet med bruk av terapiriding.

Det var først på 1990-talet at hesten sin innverknad på vår psykiske helse fekk større merksemd. Sidan 2007 har det vore systematisk forsking på både det mentale og det fysiske perspektivet av hesten sin påverknad på mennesket si helse.

Hesten i helsefremjande arbeid

Det er mange som driv helsefremjande arbeid med hest i til dømes rideskular og Inn på tunet-verksemder. Det finns også andre behandlingsformer med hest som ein treng spesialkompetanse på både hest og helse for å kunne tilby. Med ei forskingsbasert tilnærming og ein plan for brukaren si utvikling, kan ein hjå mange sjå stor framgang ved å gi dei ulike tilbod der hesten er i fokus.

Ridefysioterapi

Ridefysioterapi er ein form for fysioterapi som berre kan gis av spesialutdanna fysioterapeutar som har tatt Norsk Fysioterapeutforbund sitt etterutdanningskurs i ridefysioterapi.

I ridefysioterapi er hesten sine rørsler grunnlaget i behandlinga. Når ein rir, speglar hesten sine rørsler seg i ryttaren, noko som kan føre til mellom anna betre balanse, styrke og koordinasjon. Ein kan også ha mange tilleggseffektar av ridefysioterapi, slik som betre språk og kommunikasjonsevner, betre kondisjon, betre sosiale evner og betre sjølvtillit. Det er mange ulike pasientgrupper som har god effekt av ridefysioterapi.

Hesteassistert psykoterapi

Hesteassistert psykoterapi er ei behandlingsform som rettar seg mot menneskje med ulike psykiske vanskar. Her er det relasjonen til hesten som gir effekt. Hesteassistert psykoterapi kan utøvast på mange ulike måtar, men som regel arbeider ein med hesten frå bakken, anten laus eller i tau.

Det er ein psykoterapeut og ein hestekyndig som saman er ansvarleg for behandlinga, som vert tilpassa kvar enkelt pasient. Fokuset i hesteassistert psykoterapi er brukaren sine kjensler, tankar og reaksjonar kring det å vere rundt hesten. Ein må i større grad forholde seg til og tolke eigne tankar, kjensler og kroppslege reaksjonar,

Gjennom hesteassistert psykoterapi kan pasienten arbeide med mellom anna nærvær og merksemd, kroppsleg grunning, kontakt og nærheit, kommunikasjon, sosiale evner, grensesetjing, eller å kjenne att, tolke, uttrykke og regulere kjensler.

Blant pasientgruppene som har god effekt av hesteassistert psykoterapi er dei som har  traumerelaterte plager, rus eller annan avhengigheit, vanskar med sjølvregulering eller plager knytt til angst, depresjonar og personlegdomsproblematikk. I Norge er det nokre få institusjonar som tilbyr hesteassistert psykoterapi til sine pasientar, mellom anna Veksthuset på Gaustad sjukehus, Modum Bad og Lofoten hest og helsesenter.

Hesteassisterte aktivitetar

Hesteassisterte aktivitetar med hest vert gjennomført av ein eller fleire kyndige personar. Her får brukaren møte hesten i trygge omgjevnader, og får skape ein relasjon til hesten.

Menneske i alle aldrar kan ha god nytte av å delta i hesteassisterte aktivitetar. Born som treng ein alternativ skulekvardag eller har hatt dårlege oppvekstvilkår kan få positive opplevingar saman med hesten. I tillegg kan det ha effekt på fleire sjukdommar og utfordringar, slik som åtferdsforstyrringar, dårleg sjølvkjensle, vanskar med å kommunisere, demens eller psykisk utviklingshemming.

Hesten står i særstilling

Hesten står i særstilling når det gjeld å kunne gje terapeutisk effekt på menneske. Ein ville ikkje fått same effekt om ein hadde bytta ut hesten med til dømes ein hund eller ei ku.

Det har vore gjort mykje forsking på hesten sin effekt på menneske si helse, der fysiske tilstandar har fått størst fokus. Etter kvart har ein også lært meir om hesten sin innverknad på vår psykiske helse. I studiane som er gjort vert det konkludert med at hesten har god effekt på helsa vår, men det er ikkje alltid like lett å forklare kvifor den har det.

Det fysiske aspektet ved korleis hesten kan påverke oss er det lett å sjå føre seg. Når vi rir vert vi på mange måtar i eitt med hesten sine rørsler. Den har mjuk pels, og kroppstemperaturen til hesten er høgre enn hos oss menneske, så den er varm og god å ta på.

Men, kva er det ved hesten som får oss til å føle oss så bra? Dette kan også friske menneske forstå – vi har vel alle kjent på korleis det å gå i stallen og vere rundt hestane kan få oss i godt humør, sjølv på ein elendig dag.

Hesten lev her og no

Ei forklaring er at hesten lev her og no, og får oss til å gjere det same. Hesten går ikkje rundt og grublar på ting som har skjedd, eller gruar seg til ting som skal skje.

Hesten er var på våre kjensler, den er styrt av instinkt og gir direkte respons på måten vi oppfører oss. Slik vert hesten ein spegel på våre kjensler og reaksjonar, og vi må observere, analysere og regulere våre eigne kjensler for å få den reaksjonen vi ynskjer frå hesten.

Hesten dømmer ikkje

Alle som oppfører seg rettferdig og respektfullt mot ein hest kan oppnå ein god og nær relasjon til han. Ein treng ikkje å vere redd for at hesten skal dømme deg for til dømes korleis du ser ut eller kva du trur på. Kontakta med hesten vert ofte ein fristad for dei som har opplevd vonde relasjonar med andre menneske. I tillegg kan også dei som har dårleg språk eller manglar andre kommunikasjonsevner klare å kommunisere godt med ein hest, og på den måten oppnå meistring og kjenne tilknyting til eit anna vesen som dei kanskje aldri har opplevd før.