Norges Fjordhestlag kjem no med oppdatert program for hingsteutstillinga 2021. Utstillinga vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernsreglar, og med omsyn til dei viktigaste føringane i avlsplanen.
Hingsteutstillinga vert gjennomført i forenkla form i perioden 3.-8. mai. Utstillinga vil gå utan publikum, og berre teknisk personell og dei som skal handtere hestane vil ha tilgong. Kvar hingst har høve å ha med to personar (utstillar og medhjelpar). Desse har berre tilgang til prøva for den hingsten dei følgjer.
Smittevernomsyn, avlsfaglege vurderingar og hestevelferd er lagt til grunn i dette utkastet. Dette er det som er mogleg å gjennomføre i dagens situasjon og på same tid ta omsyn til dei viktigaste føringane i avlsplanen. Oppsettet er i samsvar med tidlegare gitt informasjon om oppmøte for hingstane i dei ulike klassene, men har avvik frå ei normal utstilling.
Vi deler hingstane i grupper på maks åtte, der dei skal møte på oppgitte tidspunkt og reiser heim same dag. Alt, bortsett frå samla mønstring, skjer med berre ein hingst om gongen. Samla mønstring skjer utandørs, tek maks 15 min og har minst to meter avstand mellom kvar ekvipasje. Det blir detaljert tidsskjema for alle postane hingstane skal gjennom, og dette må følgast til punkt og prikke gjennom heile arrangementet.
På denne måten vil ein ta omsyn til naudsynt smittevern og ikkje utløyse nye nærkontaktar for utstillarane. Oppstalling vert organisert slik at ein får minst mogleg kontakt mellom utstillarane i dei ulike gruppene, og utstillarane må syte for å følgje gjeldande reglar: https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/.
Godt vakthald er planlagt for å forhindre mellom anna samanstimling av folk. Det vert ikkje servering eller publikum. Premieutdeling vert digital, og er planlagt til laurdag 8. mai. Utstillinga vert streama.
Arrangør vil ha oversikt over alle som har vore tilstade til ei kvar tid, samt kontaktinformasjon til desse.
Tidspunkt:
Som tidlegare planlagt 3.-8. mai, men vi reduserer samla tid kvar hingst må vere tilstade, og utstillarane har ikkje tilgong der dei ikkje deltek sjølv.
Veterinær:
Veterinærattest og måling vert tatt av lokal veterinær heime for alle hingstane.
Bruksprøver:
Ride- og køyredelen av UB gjennomførast kun med eigenrytter/-kusk.
UB-hingstane vert i tillegg vurdert for patellacatching/-opphaking i bakken på senteret i samband med rideprøva.
Køyreprøver for førstegongsviste hingstar utgår, men eigarane skal sende inn film av køyreprøver tatt heime.
Lausmønstring:
Lausmønstring gir viktig informasjon om hingstane og vert gjort i ridehallen med berre ein hingst om gongen.
Mønstring:
All mønstring vert utandørs. Det er viktig for dommarane å sjå nokre hingstar i lag i tillegg til enkeltmønstring. Samla visning vert kun i mindre grupper (maks 16 deltakarar + personell, utandørs), tek maks 15 min og har minst to meter avstand mellom kvar ekvipasje.
Under finn ein oversikt over program dei ulike dagane. Kvar hingst vil få eige tidspunkt i dei ulike tidsperiodene. Dette vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reiseveg.
Mandag 3. mai
7 UB-hingstar møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.
7 | Nordbustad Frikk |
8 | Brekke Solan |
9 | Kornvin Brisen |
10 | Soltuns Trym |
11 | Bjørlos Rico |
12 | Lyheims Leik |
13 | Hallingen |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
08.00 – 10.30 | Rideprøve i ridehallen og ute som normalt, med veterinær under bakkeprøva. Ca 15 – 20 min per hingst. | Ridehall NFHS + ute |
11.00 – 11.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
11.15 – 13.00 | Einskildmønstring | Ute Øyane |
13.30 – 17.00 | Køyreprøver ca 20 – 30 min per hingst | Ute Øyane |
18.00 | Lausmønstring | Ridehall NFHS |
Tysdag 4. mai
7 UB-hingstar møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.
14 | Myras Monrad |
15 | Silverjo |
16 | Mathisdals Einer |
17 | Feedt Jarlen |
18 | Lunner Runar |
19 | Dreyerstuas Ivan |
20 | Nygårds Gurven |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
08.00 – 10.30 | Rideprøve i ridehallen og ute som normalt, med veterinær under bakkeprøva. Ca 15 – 20 min per hingst. | Ridehall NFHS + ute |
11.00 – 11.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
11.15 – 13.00 | Einskildmønstring | Ute Øyane |
13.30 – 17.00 | Køyreprøver ca 20 – 30 min per hingst | Ute Øyane |
18.00 | Lausmønstring | Ridehall NFHS |
Onsdag 5. mai
8 UB-hingster møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.
21 | Årøy Eilif |
22 | Bø Theo |
23 | Almas Blink |
24 | Heggnes Kvikken |
25 | Ferdar |
26 | Birkelid Owen |
27 | Sankt Hallvard |
28 | Torheims Titan |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
08.00 – 10.30 | Rideprøve i ridehallen og ute som normalt, med veterinær under bakkeprøva. Ca 15 – 20 min per hingst. | Ridehall NFHS + ute |
11.00 – 11.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
11.15 – 13.00 | Einskildmønstring | Ute Øyane |
13.30 – 17.00 | Køyreprøver ca 20 – 30 min per hingst | Ute Øyane |
18.00 | Lausmønstring | Ridehall NFHS |
Torsdag 6. mai
2 grupper av 3-årshingster (klasse 3) i puljer på 6 stk møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.
Gruppe 1 Kl. 08.00-12.00
30 | Almes Kviten |
31 | Birkelid Odin |
32 | Vassliås Bruse |
33 | Askfinn |
34 | Herstads Joar |
35 | Lyksets Monark |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
08.00 – 09.00 | Lausmønstring
|
Ridehall NFHS |
10.00 – 10.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
10.15 – 11.45 | Einskildmønstring | Ute Øyane |
Gruppe 2 14.00-18.00
36 | Blåtopps Lasse |
37 | Viking Fjord |
38 | Årøy Elvin |
39 | Heimann Are |
40 | Tendens Rokky |
41 | Langedrags Mykle |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
14.00 – 15.00 | Lausmønstring
|
Ridehall NFHS |
16.00 – 16.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
16.15 – 17.45 | Einskildmønstring | Ute Øyane |
Fredag 7. mai
Ei gruppe av 3-årshingster – 6 stk (klasse 3) og 1 gruppe av eldre hingster (klasse 1a, 1b og 2b) – 7 stk møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.
Gruppe 1 08.00-12.00
42 | Alsli Haukjo |
43 | Solhaugens Perfekt |
44 | Myklemo Odin |
45 | Råtassen |
46 | Feedts Søljo |
47 | Blikra Snes |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
08.00 – 09.00 | Lausmønstring
|
Ridehall NFHS |
10.00 – 10.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
10.15 – 11.45 | Einskildmønstring | Ute Øyane |
Gruppe 2 14.00-18.00
1 | Myras Viking |
2 | Sølrei |
3 | Gandhi |
4 | Nybråtens Sølvprinsen |
5 | Strupens Lukas |
6 | Solsidens Ismael |
29 | Sundedalens Så Kjekk |
Klokkeslett | Kva | Kvar |
14.00 – 15.00 | Lausmønstring
|
Ridehall NFHS |
16.00 – 16.15 | Samla mønstring | Ute Øyane |
16.15 – 17.45 | Einskildmønstring | Ute Øyane |