Norges Fjordhestlag kjem no med oppdatert program for hingsteutstillinga 2021. Utstillinga vert gjennomført i tråd med gjeldande smittevernsreglar, og med omsyn til dei viktigaste føringane i avlsplanen.

Hingsteutstillinga vert gjennomført i forenkla form i perioden 3.-8. mai. Utstillinga vil gå utan publikum, og berre teknisk personell og dei som skal handtere hestane vil ha tilgong.  Kvar hingst har høve å ha med to personar (utstillar og medhjelpar). Desse har berre tilgang til prøva for den hingsten dei følgjer.

Smittevernomsyn, avlsfaglege vurderingar og hestevelferd er lagt til grunn i dette utkastet. Dette er det som er mogleg å gjennomføre i dagens situasjon og på same tid ta omsyn til dei viktigaste føringane i avlsplanen. Oppsettet er i samsvar med tidlegare gitt informasjon om oppmøte for hingstane i dei ulike klassene, men har avvik frå ei normal utstilling.

Vi deler hingstane i grupper på maks åtte, der dei skal møte på oppgitte tidspunkt og reiser heim same dag. Alt, bortsett frå samla mønstring, skjer med berre ein hingst om gongen. Samla mønstring skjer utandørs, tek maks 15 min og har minst to meter avstand mellom kvar ekvipasje. Det blir detaljert tidsskjema for alle postane hingstane skal gjennom, og dette må følgast til punkt og prikke gjennom heile arrangementet.

På denne måten vil ein ta omsyn til naudsynt smittevern og ikkje utløyse nye nærkontaktar for utstillarane. Oppstalling vert organisert slik at ein får minst mogleg kontakt mellom utstillarane i dei ulike gruppene, og utstillarane må syte for å følgje gjeldande reglar: https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/.

Godt vakthald er planlagt for å forhindre mellom anna samanstimling av folk. Det vert ikkje servering eller publikum. Premieutdeling vert digital, og er planlagt til laurdag 8. mai. Utstillinga vert streama.

Arrangør vil ha oversikt over alle som har vore tilstade til ei kvar tid, samt kontaktinformasjon til desse.

Tidspunkt:
Som tidlegare planlagt 3.-8. mai, men vi reduserer samla tid kvar hingst må vere tilstade, og utstillarane har ikkje tilgong der dei ikkje deltek sjølv.

Veterinær:
Veterinærattest og måling vert tatt av lokal veterinær heime for alle hingstane.

Bruksprøver:
Ride- og køyredelen av UB gjennomførast kun med eigenrytter/-kusk.
UB-hingstane vert i tillegg vurdert for patellacatching/-opphaking i bakken på senteret i samband med rideprøva.
Køyreprøver for førstegongsviste hingstar utgår, men eigarane skal sende inn film av køyreprøver tatt heime.

Lausmønstring:
Lausmønstring gir viktig informasjon om hingstane og vert gjort i ridehallen med berre ein hingst om gongen.

Mønstring:
All mønstring vert utandørs. Det er viktig for dommarane å sjå nokre hingstar i lag i tillegg til enkeltmønstring. Samla visning vert kun i mindre grupper (maks 16 deltakarar + personell, utandørs), tek maks 15 min og har minst to meter avstand mellom kvar ekvipasje.

Under finn ein oversikt over program dei ulike dagane. Kvar hingst vil få eige tidspunkt i dei ulike tidsperiodene. Dette vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reiseveg.

Mandag 3. mai

7 UB-hingstar møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.

7 Nordbustad Frikk
8 Brekke Solan
9 Kornvin Brisen
10 Soltuns Trym
11 Bjørlos Rico
12 Lyheims Leik
13 Hallingen

 

Klokkeslett Kva Kvar
08.00 – 10.30 Rideprøve i ridehallen og ute som normalt, med veterinær under bakkeprøva. Ca 15 – 20 min per hingst. Ridehall NFHS + ute
11.00 – 11.15 Samla mønstring Ute Øyane
11.15 – 13.00 Einskildmønstring Ute Øyane
13.30 – 17.00 Køyreprøver ca 20 – 30 min per hingst Ute Øyane
18.00 Lausmønstring Ridehall NFHS

 

Tysdag 4. mai

7 UB-hingstar møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.

14 Myras Monrad
15 Silverjo
16 Mathisdals Einer
17 Feedt Jarlen
18 Lunner Runar
19 Dreyerstuas Ivan
20 Nygårds Gurven

 

Klokkeslett Kva Kvar
08.00 – 10.30 Rideprøve i ridehallen og ute som normalt, med veterinær under bakkeprøva. Ca 15 – 20 min per hingst. Ridehall NFHS + ute
11.00 – 11.15 Samla mønstring Ute Øyane
11.15 – 13.00 Einskildmønstring Ute Øyane
13.30 – 17.00 Køyreprøver ca 20 – 30 min per hingst Ute Øyane
18.00 Lausmønstring Ridehall NFHS

 

Onsdag 5. mai

8 UB-hingster møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.

21 Årøy Eilif
22 Bø Theo
23 Almas Blink
24 Heggnes Kvikken
25 Ferdar
26 Birkelid Owen
27 Sankt Hallvard
28 Torheims Titan

 

Klokkeslett Kva Kvar
08.00 – 10.30 Rideprøve i ridehallen og ute som normalt, med veterinær under bakkeprøva. Ca 15 – 20 min per hingst. Ridehall NFHS + ute
11.00 – 11.15 Samla mønstring Ute Øyane
11.15 – 13.00 Einskildmønstring Ute Øyane
13.30 – 17.00 Køyreprøver ca 20 – 30 min per hingst Ute Øyane
18.00 Lausmønstring Ridehall NFHS

 

Torsdag 6. mai

2 grupper av 3-årshingster (klasse 3) i puljer på 6 stk møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.

Gruppe 1 Kl. 08.00-12.00

30 Almes Kviten
31 Birkelid Odin
32 Vassliås Bruse
33 Askfinn
34 Herstads Joar
35 Lyksets Monark

 

Klokkeslett Kva Kvar
08.00 –  09.00 Lausmønstring

 

Ridehall NFHS
10.00 – 10.15 Samla mønstring Ute Øyane
10.15 – 11.45 Einskildmønstring Ute Øyane

 

Gruppe 2 14.00-18.00

36 Blåtopps Lasse
37 Viking Fjord
38 Årøy Elvin
39 Heimann Are
40 Tendens Rokky
41 Langedrags Mykle

 

Klokkeslett Kva Kvar
14.00 –  15.00 Lausmønstring

 

Ridehall NFHS
16.00 – 16.15 Samla mønstring Ute Øyane
16.15 – 17.45 Einskildmønstring Ute Øyane

 

Fredag 7. mai

Ei gruppe av 3-årshingster – 6 stk (klasse 3) og 1 gruppe av eldre hingster (klasse 1a, 1b og 2b) – 7 stk møter med 2 deltakarar per hingst. Detaljert oppmøtetidspunkt vert sett opp når ein har oversikt over oppstalling og reisetidspunkt.

Gruppe 1 08.00-12.00

42 Alsli Haukjo
43 Solhaugens Perfekt
44 Myklemo Odin
45 Råtassen
46 Feedts Søljo
47 Blikra Snes

 

Klokkeslett Kva Kvar
08.00 –  09.00 Lausmønstring

 

Ridehall NFHS
10.00 – 10.15 Samla mønstring Ute Øyane
10.15 – 11.45 Einskildmønstring Ute Øyane

Gruppe 2 14.00-18.00

1 Myras Viking
2 Sølrei
3 Gandhi
4 Nybråtens Sølvprinsen
5 Strupens Lukas
6 Solsidens Ismael
29 Sundedalens Så Kjekk

 

Klokkeslett Kva Kvar
14.00 –  15.00 Lausmønstring

 

Ridehall NFHS
16.00 – 16.15 Samla mønstring Ute Øyane
16.15 – 17.45 Einskildmønstring Ute Øyane