Totalt 22 hingstar skal gjennomføre utvida bruksprøver under årets hingsteutstilling på Nordfjordeid. Norges Fjordhestlag ynskjer å premiere dei beste bruksprøvene, og har fått sponsa flotte premiar.

av Ingvild Rydjord Hansen

Årets klasse med hingstar til utvida bruksprøve er rekordstor, heile 22 hingstar møter. Hingstar som vart kåra i 2019 fekk på grunn av pandemien utsett si bruksprøve til i år, og i tillegg må hingstane som vart ekstraordinært kåra i fjor gjennomføre utvida bruksprøve i år for å oppnå premiering.

Endringar i utvida bruksprøve

Norges Fjordhestlag har gjort endringar i dei utvida bruksprøvene som trer i kraft i år. Hingstane skal visast i ein ridedel som før, men der det tidlegare var to køyredelar vert det i år berre ein. Hingstane skal lausmønstrast, men ikkje laushoppast. Eigentleg skulle hingstane ha blitt ridd og køyrd med både eigenrytter/-kusk og framandrytter/-kusk, men av omsyn til smittevern er momentet med framandrytter og -kusk tatt vekk i år.

Bruksprøver vert vekta 10%

Ei anna viktig endring som er gjort, er at der bruksprøvene tidlegare var vekta 30%, vert dei frå og med 2021 vekta 10%. Dette gjeld både hingstar, hopper og vallakar. Grunnen til at ein har endra vektinga er ikkje at ein ser på brukseigenskapane til hestane som mindre viktige, men at ein ikkje kan påvise arvbarheit i brukseigenskapar ut i frå den måten desse data vert registrert.

Deler gruppa i to

På grunn av aldersforskjell, samt den store gruppa med hingstar, vert hingstane i rangeringa av utvida bruksprøver samt kvalitetsoppstilling delt i to grupper. Den eine gruppa består av hingstane som vart ekstraordinært kåra i 2020, og den andre av hingstar som har vorte kåra tidlegare og fått utsett si utvida bruksprøve.

Premie til beste utvida bruksprøve

I år vel Norges Fjordhestlag å premiere beste utvida bruksprøve, og det vil då verte kåra ein vinnar i kvar av dei to gruppene med hingstar. Dei to vinnarane vil få ein gjev premie – ein valfri maratonsele (verdi inntil kr 12 000) frå Leietau.no.

«Det er viktig for Norges Fjordhestlag å løfte fram at bruksprøvene framleis er svært viktige for oss, sjølv om vektinga er endra og at bruksprøva er noko forenkla» seier leiar i Norges Fjordhestlag, Hege Sæther Moen. «Fjordhesten er og skal vere ein god og trygg brukshest, og det er difor viktig for både oss som organisasjon, samt eventuelle kjøparar, å sjå at dei både kan ris og køyrast» legg ho til.

Norges Fjordhestlag ynskjer å takke vår samarbeidspartnar Leietau.no for flotte premiar til bruksprøvene.