Det er berre ei veke att til årets hingsteutstilling startar på Nordfjordeid. I år vert utstillinga annleis enn den har vore før, men vi er svært glade for at vi får til å arrangere ei fysisk utstilling i år.

Katalog og tidsskjema til hingsteutstillinga på Nordfjordeid 3.-8. mai er no klart. Det er ikkje tilgong for publikum under utstillinga, men aktivitetane gjennom veka vert strøyma på Norges Fjordhestlag sine nettsider. Det vert også høve til å sjå opptak frå dei enkelte dagane.

Vi har oppretta ein Spleis slik at lokallag, privatpersonar og firma har høve til å støtte oss økonomisk til strøyminga av utstillinga. Du kan også støtte oss på Vipps 536522.

Tidskkjema til utstillinga
Komplett katalog