Årets hingsteutstilling er no i gong på Nordfjordeid. På grunn av pandemien vert utstillinga arrangert i eit anna format enn vanleg, og den er ikkje open for publikum. For første gong kan likevel kven som helst følge med på utstillinga over nett.
Hingstane er delt inn i grupper, og skal gjennomføre heile programmet sitt på ein dag. Hingstane som er inne til førstegongsvisning har gjennomført køyreprøve heime som dei har dokumentert på film, men dei 4-5 år gamle hingstane skal gjennomføre utvida bruksprøver.
Det er mogleg å følge heile utstillinga via nett, og alt du treng å vite finn du på denne sida: Hingsteutstilling 2021
Det er gratis å følge med på sendingane på nett, men vi oppmodar alle som ser om å støtte Spleisen vår (Link) med ein sum som tilsvarer det ein billett til utstillinga ville ha kosta (250 kroner).
Vi er veldig glade for at vi har fått til å arrangere hingsteutstilling i år trass pandemien, og vi håpar at mange vil ha glede av å delta på hingsteutstillinga på nett.