Den fysiske delen av hingsteutstillinga er over. Hingstane har vore igjennom lausmønstring, mønstring og bruksprøver, og no gjenstår berre premieutdelinga. Den vert arrangert digitalt laurdag 8. mai. 

Denne veka har ei korona-tilpassa hingsteutstilling funne stad på Nordfjordeid, og totalt 45 hingstar har vorte vist. Nokre av momenta har ein gjennomført tilnærma som normalt, medan andre har gått ut. Dei ukåra hingstane, samt dei eldre hingstane, har gjennomført lausmønstring, samla mønstring i små grupper og einskildmønstring. Dei ukåra hingstane har i tillegg gjennomført køyreprøve heime, og sendt inn film av denne.

Hingstane som møtte til utvida bruksprøver gjennomførte dei omtrent som normalt, sett vekk frå at alle momenta vart gjort på ein dag, og at framandrytter og -kusk ikkje rei og køyrde hingstane. Dei har også vist lausmønstring og mønstring. Under premieutdeling og kvalitetsoppstilling vil denne gruppa vere delt i to; ei for hingstar 4 år og ei for hingstar 5 år og eldre.

No har alle hingstane reist heim, og det einaste som står att er å gjennomføre ei digital premieutdeling. Gjennom veka har heile hingsteutstillinga vorte filma, og når kvar enkelt hingst sitt resultat vert lest opp vert det vist ein filmsnutt samt eit bilete av den aktuelle hingsten.

Her kan du sjå opptak av premieringa som vart sendt 8. mai: