Norges Fjordhestlag har delt ut debutantpris til fire utstillarar som viser hingst for første gong. Premien på 10 000 kroner er sponsa av Fjording kremlikør.

Alle skal vi byrje ein plass, og skal ein verte god til å vise hingst må ein trå over den terskelen det er å vise sin første hingst. I år var det mange som viste hingst for første gong, og også mange som viste hingst på utvida bruksprøver for første gong. Norges Fjordhestlag ynskjer å heidre desse utstillarane, og har plukka ut fire debutantar som får ein pengepremie på 10 000 kroner sponsa av Fjording kremlikør.

Anne Marit Løfaldli

Anne Marit Løfaldli stilte hingsten Brekke Solan på Nordfjordeid i år. Han vart stilt i klassa for UB-hingstar 5 år
og eldre.

 

 

 

 

Rut Ane Torheim

Rut Ane Torheim stilte den eigenoppdretta hingsten Torheims Titan i klassa for UB-hingstar 4 år.

 

 

 

  

 

 Ina Steiro Herstad

Ina Steiro Herstad stilte hingsten Herstads Joar i klassa for treårshingstar. Ina har oppdretta og trena hingsten sjølv.

 

 

 

 

 

Linda Beate Svoren

Linda Beate Svoren har aldri vist hingst før, men kom med heile to eigenoppdretta hingstar til utstillinga i år. Hingsten Årøy Eilif vart stilt i klassa for UB-hingstar 4 år, og Årøy Elvin vart stilt i treårsklassa.

 

 

 

Norges Fjordhestlag takkar alle som har kome med hingst til Eid for første gong, og håpar at vi også neste år vil sjå mange debutantar på utstillinga.