Norges Fjordhestlag har leigd den 9 år gamle hingsten Sølrei som årets linjehingst. Han er stasjonert på seminstasjonen på Norsk Fjordhestsenter. 

Sølrei er fødd i 2012 og er e. Reimar u. Engja Sølja. Han er brunblakk, måler 144 i stangmål og har 12 avkom i stamboka.

Reimar er ein grå 3. premiehingst fødd i 1985 som står oppført med  37 avkom i stamboka. Avkomma hans er fødd frå 1990 til 2015, og flest avkom hadde han i 1993 (7 stk). Reimar har to kåra sønner; Sølrei f. 2012 og Blikra Admiral Doffen f. 2014.

Engja Sølja er e. Fløgstad Lenar og har 1. preime og Elite for avkom. Av sju avkom har tre fått 1. premie (ein hingst og to hopper) og tre har fått 2. premie (ein hingst og to hopper).

Sølrei fekk 7,7 på brukseigenskapar då han var inne til utvida bruksprøver i 2017. Han vart vist i klasse 1a på hingsteutstillinga på Nordfjordeid i år. Der fekk han 2. premie med karakterane 8-8-7,5-7,5-8 og følgande kommentarar:

Lågstilt, oppsynt hingst av god type. Velansatt, velformet hals. God skulder, god dybde. Låg rygg. Godt kryss med god muskulatur. Tendens til parallellforskyvning v.f. Kompenserende overbein v.f. Gode høver. Aktivt, noe kort skritt. Aktivt, ledig trav. Ønsker noe mer frihet i bog. God innundergrip. Taktfast galopp, noe på forparten.

Norges Fjordhestlag har leigd Sølrei som årets linjehingst då han har ein stamme som ikkje er mykje brukt, spesielt ikkje dei siste åra. Far hans har kun to kåra sønner, og desse har totalt få avkom. Sølrei har innavlsgrad på 5,44%, og har eit snittslektskap til hoppepopulasjonen på 14,23%. Det er berekna at avkomma has vil ha ei innavlsgrad på 7,1% i snitt.

Slektskapet mellom alle hingstar som er kåra eller premiert og som er fødd etter 2000, samt førstegangsmeldte hingstar og hopper i fruktbar alder (definert som 3-20 år) er i gjennomsnitt 16,3%. Gjennomsnittleg innavlsgrad for avkom fødd i 2020 er 8,1%.

Sølrei har ei stamme som ville kunne brukast på mange hopper i fjordhestpopulasjonen. Han gir også grå avkom, og vi ventar på svar på gentest om han kan gje raudt også.

Sølrei er på plass på Norsk Fjordhestsenter, der han vil ta i mot hopper i sommar. Det er også høve til å få tilsendt fersk sæd i heile Norden og frossen sæd til resten av verda. Ynskjer du å bruke Sølrei, kontakt seminansvarleg på Norsk Fjordhestsenter, Asle Espe på tlf. 48038338.