Norges Fjordhestlag har i 2021 tatt fargegentest av alle kåra og premierte hingstar for å finne ut om dei kan gje andre fargar enn brunblakk. No har resultata kome frå laboratoriet. 

Å bevare fjordhesten sine fargar er ein viktig del av avlsarbeidet, då fargen er eitt av fjordhesten sine fremste særtrekk. Med færre fødde føl dei siste åra, har vi også færre dyr med dei andre fargane enn brunblakk, og også færre som har med seg gener for å kunne gje dette vidare.

Som eit ledd i avlsarbeidet har Norges Fjordhestlag i 2021 tatt genprøver av alle kåra og premierte hingstar, både for å finne ut om dei er bærarar av gen for raudt eller grått, men også for å få eit overblikk over kvar i populasjonen desse genene er. Genprøvene vart tatt under hingsteutstillinga på Nordfjordeid, og er analysert på Veterinary Genetics Laboratory på UC Davis i USA.

Lista over genkoder inkluderer også det vi veit om hingstane sine gener frå før vi har testa dei, samt hingstar kåra i 2021 som har tatt desse prøvene sjølv i forkant av utstillinga. Alle resultat vil førast inn i hingstekatalogen.

Almes Kviten: AA Ee
Askfinn: AA EE
Birkelid Odin: AA EE
Birkelid Owen: AA EE
Feedt Jarlen: AA EE
Myklemo Baronen AA EE
Myklemo Odin: AA EE
Myras Viking: AA Ee
Nordbustad Frikk: AA EE
Råtassen: AA EE
Sankt Hallvard: AA EE
Silverjo: AA EE
Soltuns Trym: Aa EE
Sølrei: Aa EE
Vassliås Bruse: AA Ee
Viking Fjord AA EE

Forklaring på genkoder:
AA = hingsten gir ikkje grå avkom
Aa = hingsten kan gi grå avkom
EE = hingsten gir ikkje raudblakke avkom
Ee = hingsten kan gi raudblakke avkom

Hallingen og Bø Theo er testa tidlegare. Resultata deira finn du i hingstekatalogen.