I sitt aller første Fjordhest-NM reiste Line Kandal Ramslien heim med både gull i NM junior og tittelen som greinmeister i sprang.

Byline: Ingvild Rydjord Hansen

Line Kandal Ramslien (17) er frå Breim i Gloppen, men bur i vekene på Mo utanfor Førde der ho nettopp har fullført første året på hestelinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Heilt frå ho kjøpte den då fem år gamle vallaken Bø Lerkvinn i 2019, var Line sitt mål å kome seg til Fjordhest-NM. Ho har trent opp Lerkvinn sjølv, med hjelp frå dyktige instruktørar.

Godt samspel er viktig

Lerkvinn er Line sin tredje hest. Dei to første, som var islandshestar, passa ikkje heilt til ho, men no har ho funne drøymehesten sin i Lerkvinn. «Lerkvinn er ein fantastisk hest» seier Line. «Han er veldig allsidig og arbeidsam, og er alltid glad og positiv.» Ho trivs veldig godt med å både ri og køyre han.

Line hadde Lerkvinn på fôr i eit år før ho kjøpte han. Etter tre år saman kjenner dei kvarandre godt, og Line meiner dei er ein svært god match. «Det aller viktigaste for meg er å ha eit godt samspel med hesten» seier ho. «Som ein ekvipasje gjer vi ting ilag, og det vert både enklare og mykje kjekkare dersom vi kjenner kvarandre godt og stoler på kvarandre.»

Heilt sidan Line kjøpte Lerkvinn har ho trent han allsidig. Det siste året på hestelinja på Mo har gitt ho større moglegheit til å ri meir for instruksjon, og ha ein aktiv hestekvardag der ho får trent i alle greiner.

I forkant av NM  har Line og Lerkvinn starta flest mogleg stemner for å få mengdetrening og rutine. Å trene heime og å starte stemner er ikkje det same, og før NM er det viktig å også ha prøvd å reise rundt, ri hesten på nye stadar og øve seg på å takle det presset det er å konkurrere.

«Lerkvinn er ein fantastisk hest» seier Line Kandal Ramslien.

Kvalifiseringa gjekk greitt

Fleire har hatt utfordringar med å kvalifisere seg til årets Fjordhest-NM, men Line tykkjer det gjekk relativt greitt å få kvalifiseringa i orden. «Her har vore mange nok stemner i dressur og sprang til at vi både har fått kvalifisert oss, og har fått inn ei rutine på stemnestart» seier ho.

I køyring var det litt vanskelegare, men det gjekk likevel fint for ekvipasjen. «Vi hadde berre moglegheit til å delta på eitt køyrestemne, men heldigvis klarte vi fint å kvalifisere oss der» seier Line.

Starta både NM og greinmeisterskap

Line og Lerkvinn starta mange klasser i løpet av NM-veka. Dei var med i både greinmeisterskapen i sprang og NM junior, og i tillegg hadde dei planar om å starte NM lag for Førde Køyre- og rideklubb. Det sistnemnde samandraget gjekk ut, men dei gjennomførte likevel LA-klassen som skulle ha inngått der.

Veka starta veldig bra for ekvipasjen, med personleg rekord på 68,055% og 2. plass i LB dressur. I LA-klassa etterpå merka Line at Lerkvinn var litt sliten, men ho syns dei likevel klarte å ri eit godt program og var nøgd med prosenten dei oppnådde.

Sidan dei ikkje skulle starte meir køyring enn klassa som inngjekk i juniorsamandraget, og heller ikkje starta greinmeisterskapen i dressur, hadde Line og Lerkvinn konkurransefri både onsdag og torsdag i NM-veka.

Neste klasse ut for ekvipasjen vart då lett presisjon på fredag. Til trass for to dagar med konkurransefri, var det ikkje ein veldig energisk hest Line stilte til start med. «Lerkvinn var litt treig og vanskeleg å få fram i køyringa» fortel ho. «Vi fekk eit riv, og hamna ganske langt nede på resultatlista. Eg var ikkje fornøgd med dette etter at klassen var over, men med fasiten i handa veit eg at det var ei god nok runde – og då kjennes den ikkje så ille likevel!»

Line og Lerkvinn fekk eitt riv i presisjonskøyringa.

Rei tre sprangklasser

Fredag kveld går første klassa i greinmeisterskapen i sprang, i 80 cm. Etter ein litt seig presisjon var Line litt spent på Lerkvinn sitt energinivå, men korkje ho eller publikum såg til å vere misnøgd med farta han haldt gjennom sprangbana. «Vi elskar å hoppe, så her fekk vi vist oss i vårt rette element!» seier Line.

Etter første omgong i greinmeisterskapen låg Line på delt førsteplass med to andre ryttarar. Men, før ho kunne ri inn og avgjere greinmeisterskapen, skulle ho laurdag først hoppe 80-klassa som inngår i juniorsamandraget. Ekvipasjen var der feilfrie i grunnomgongen og raskast i omhoppinga, og med siger i denne klassen var det avgjort at Line og Lerkvinn var Noregsmeistrar.

Det finns vel neppe noko betre kjensle enn det å ri inn i siste avdeling i greinmeisterskapen i sprang med. Om det var det som var avgjerande veit vi ikkje, men Line vann også denne klassa og kunne smykke seg med NM sin andre tittel: greinmeister i sprang.

Greinmeister sprang 2021: Line Kandal Ramslien og Bø Lerkvinn

Mange planar for framtida

«Det var heilt uverkeleg å vinne både gull og bli greinmeister!» seier Line. «Eg hadde håpa at vi kanskje kunne klare å ta ein siger, for Lerkvinn er ein veldig god hest, men at vi skulle ta to – og det i vårt første NM – var ikkje i tankane mine i det heile.»

No tek Line og Lerkvinn sommarferie, før dei i august returnerer til Mo for å ta til på andre året på hestefag. Etter det manglar det ikkje på framtidsplanar for Line og Lerkvinn:

«Eg har lyst til å vere med på alt!» ler Line. «Vi skal halde fram å trene målbevisst, og vere med på aktuelle kurs og treningar. Eg håper også at vi kan få enno meir rutine på stemner, så vi skal vere med på dei stemnene det fristar å delta på.»

Neste år skal Fjordhest-NM arrangerast på heimebane for Line, på skulen ho går på i Førde. Ho og Lerkvinn vert sjølvsagt å sjå der. «Eg har også veldig lyst til å kunne ri nordisk og EM for fjordhest ein gong i framtida» seier Line.

Men, den mest langsiktige planen er også den viktigaste for Line: «Eg har verkeleg funne drøymehesten min, og eg skal alltid behalde Lerkvinn» seier den ferske Noregsmeistaren.

Medaljevinnarane i NM junior