Lise Irene Kosmo Gylseth og andrepremiehingsten Blikra Admiral Doffen vart den første gullvinnaren i Fjordhest-NM frå Nord-Noreg.

av Ingvild Rydjord Hansen

Lise Irene Kosmo Gylseth er 42 år, og bur i Korgen i Nordland der ho driv Stall Reinåmo med rideskule, avlsstasjon og treningsstall. Ho har vore aktiv med hest i mange år, og starta både dressur, sprang og køyring.

For halvanna år sidan kjøpte ho hingsten Blikra Admiral Doffen. «Eg var på jakt etter ein køyrehest, etter at den førre fjordhesten eg konkurrerte med dessverre måtte avlivast» seier Lise. Ho seier det er vanskeleg å finne køyrehestar, sjølv om ein leiter i heile Skandinavia.

Då ho var på Norges Fjordhestlag sitt Haustmøte i Bodø i 2019 tikka det plutseleg inn eit varsel frå Finn.no, der Doffen var til sals. «Eg vart faktisk frårådd å kjøpe han som køyrehest, då folk fortalde meg at han hadde tatt seg ei lita runde på eiga hand på tråvløpet på hingsteutstillinga då han var tre år» seier Lise. Ho tok likevel sjansen, og henta Doffen frå Fredrikstad og heim til Korgen.

Sitt andre Fjordhest-NM

Årets Fjordhest-NM var Lise sitt andre. Det første starta ho i Askim i 2017 med vallaken Logn. Dei meldte seg på greinmeisterskapen i køyring etter å ha vunne kretsmeisterskapen i køyring heime i Nordland, og vart nummer to. Dette gav meirsmak, og då ho kjøpte Doffen var det sjølvsagt at Lise skulle ta med også han til Fjordhest-NM.

Ikkje den beste oppkøyringa til NM

I sommar har Doffen hatt mange hopper inne til bedekning. Sju av dei kom før NM, og dei siste to vekene før meisterskapen fekk ikkje ekvipasjen trent så mykje som planlagt. «Doffen var rett og slett litt sliten av alle damebesøka han hadde, så eg måtte stole på magekjensla og gje han mykje fri og elles trene han veldig lett» seier Lise.

Ideelt sett skulle Doffen ha vore ferdig med hoppene sine litt tidlegare, men ein kan ikkje styre alt – og i alle fall ikkje brunsten på ei merr. «Det var kanskje ikkje den beste oppkøyringa til NM, men det var viktig for meg at Doffen kom til NM glad og nøgd, og ikkje sliten og sur» seier Lise. «Og no når eg veit resultatet ser eg jo at det var ei heilt riktig vurdering!» legg ho smilande til.

Lise og Doffen starta både NM senior, greinmeisterskap i køyring og BUF 6 år

Trener mykje dressur

Lise trenar Doffen mykje i dressur på ulike måtar. Dei rir og køyrer dressur, og rir mykje bakkearbeid i sprang. «Det beste med Doffen er at han har mykje power, noko som gjer maratonkøyring med han heilt fantastisk moro» seier Lise. «Men, det er jo også ei utfordring å administrere den poweren, for Doffen vil gjerne springe fort og kan bli litt sterk» legg ho til. Det er difor ho har eit så stort fokus på dressur i treninga av han, og det meiner ho har vore heilt avgjerande for å få så gode resultat som dei har fått.

Under årets Fjordhest-NM starta Lise og Doffen både NM senior, greinmeisterskapen i køyring og 6-års BUF. Sjølv om ho var sikker på at Doffen var på eit høgt nok nivå for desse klassene, hadde ho likevel ikkje trudd at dei skulle reise heim med både gull og ein andreplass i greinmeisterskapen.

«Doffen er ein ung hest med sine sju år, så for oss var det eit mål berre å kome oss til NM» seier Lise. «Eg var jo sjølvsagt klar over at vi var gode nok til å kvalifisere oss til og starte desse klassene, men det er noko heilt anna å gå heilt til topps i konkurransen.»

Lise og Doffen i maraton. Mannen hennar, John Martin, er groom.

Kvalifiserte seg på veg til Drammen

At dei var gode nok til å kvalifisere seg visste Lise, men om dei skulle klare å få gjort det likevel var ho usikker på. Ho kjøpte Doffen rett før koronapandemien braut ut, og det har vore minimalt med stemner å delta på.

Men, nordlendingar er nok kanskje litt tøffare enn oss andre nordmenn, og kvir seg i alle fall ikkje for å reise litt. For å kvalifisere seg i dressuren køyrde Lise fire timar kvar veg til Bodø, og for køyrekvalifiseringa reiste dei 80 mil til Biri. Kvalifiseringa i sprangen tok dei på veg til NM. «Vi stoppa i Trondheim på veg til Drammen, og fekk ordna med den siste kvalifiseringa der» ler Lise. Ho understrekjer likevel at sjølv om ho har starta berre eitt stemne i kvar grein, så var dei absolutt godt nok trente til å vere med på NM. «Vi har trent på dette nivået heile tida, og skulle gjerne ha fått prøvd oss på fleire stemner dersom det hadde vore mogleg» seier ho.

Med ei god sprangrunde sikra Lise og Doffen seg NM-gull

Nøgd med totalinnsatsen

NM-veka for ekvipasjen starta med dressurriding tysdag, der LA-klassen var med i både NM-samandraget og 6-års-BUF. Her opplevde Lise Doffen som litt spent og kikete, men dei fekk likevel ein god prosent. I dressurkøyringa onsdag var han derimot mykje betre. «Eg trur dressurkøyringa var den beste klassa han gjekk heile veka» seier Lise.

Torsdag var maratondag for ekvipasjen, og det baud på vekas største utfordring. «Doffen hadde så mykje energi i A-etappen, og ville berre springe» seier Lise. «I hindera gjekk han derimot kjempefint, og var veldig styrbar utan å miste energien.»

I presisjonen fredag merka Lise at han var stiv og støl etter maratonen. «Eg hadde berre ein tøyle å styre med gjennom begge presisjonsklassene» seier ho. Likevel klarte dei å køyre seg inn til ein andreplass i greinmeisterskapen i køyring med to tidsfeil og ingen feil på kjeglene i middelsklassa.

Etter ei hektisk veke med mange konkurransar er hestane ofte slitne når sprangen kjem på laurdag. Dette var også eit faktum for Doffen. «Han var litt tyngre i ræva enn han brukar, så eg valde å droppe sprangklassa som inngjekk i BUF og heller konsentrere meg om NM-klassa» seier Lise.

Lise er svært nøgd med totalinnsatsen til Doffen gjennom NM-veka. «Det som ikkje gjekk så bra på dei andre stemna våre gjekk betre no, og eg konkurrerer jo absolutt aller mest mot meg sjølv og mine tidlegare resultat» seier ho.

Sidan dei starta både BUF og greinmeisterskap køyring, måtte Lise og Doffen starte to presisjonsklasser.

«Vanvittig glad og overgitt»

Lise visste at ho låg godt an i medaljekampen før siste avdeling i NM-samandraget. Likevel vart ho overraska då alt klaffa og dei klatra heilt på toppen av pallen. «Eg vart vanvittig glad og overgitt, og er så utruleg stolt over hesten min og alt han presterte denne veka» seier Lise.

Ho seier at ho vart overøst med gratulasjonar, både på stemnet og på meldingar. «Eg klarte ikkje å legge ut noko om det sjølv før dagen etterpå, for eg måtte ha litt tid på å samle meg etter ei så utruleg fin oppleving.»

Heimturen gjekk litt lettare enn turen ned når det låg ein gullmedalje i bagasjen. «Og så slapp vi å stoppe i Trondheim og ri sprangstemne!» ler Lise.

Kjem til Førde neste år

Vel heime i Korgen er Doffen klar for å ta i mot årets siste hopper. Stemnesesongen er likevel ikkje over for ekvipasjen, for dei har planar om å starte opne klasser på NM køyring seinare i haust. Til neste år håpar Lise på å kunne starte sjølve NM-klassene.

«Og så vert vi sjølvsagt å sjå på Fjordhest-NM i Førde neste år» seier Lise. «På ei slik veke får ein verkeleg vist allsidigheita til fjordhesten, og det er midt i blinken for meg som likar å bruke hestane mine til alt mogleg!» avsluttar ho.

Medaljevinnarane i NM senior