I helga vart NM i pløying arrangert i Østfold. Øystein Lien stilte med det einaste fjordhestparet i konkurransen, og endte på ein tredjeplass.

av Ingvild Rydjord Hansen

Pløying er ein av brukshestgreinene som Foreningen Arbeidshesten arrangerer NM i. Dei andre brukshestgreinene vart det konkurrert i tidlegare i sommar, medan pløyekonkurransen var lagt til første helg i oktober. Den vart arrangert på Båstad i Trøgstad i Østfold, og fire ekvipasjar deltok.

Øystein Lien var den einaste som stilte med fjordhest i konkurransen. Det stilte eitt ardennerpar og to dølahestpar i tillegg. Nybakt Noregsmeister er Frank Pedersen og dølahestane Bror og Tresa Svarten.

Øystein og fjordhestane endte som nummer tre av fire i konkurransen – men ein skal ikkje kimse av ein tredjeplass i slikt selskap. «Eg har aldri hatt eit par som jobbar så godt saman framfor plogen som desse to, og eg er kjempenøgd med resultatet» seier Øystein.

Dei to hestane Øystein konkurrerte med er tjue år gamle Lord Lukas og fire år gamle Juliand Vikeså. Lukas er fødd hjå Øystein, og Juliand kjøpte han i fjor. «Planen med Juliand var å kjøre han inn og selge han vidare» seier Øystein. «Eg trudde ikkje han kom til å bli ein god arbeidshest, at han skulle bli for liten og sped til det, men han har motbevist mine fordommar til gagns.»

Øystein fortel at han under konkurransen fekk mange fine tilbakemeldingar på kor godt og roleg hestane jobba saman. «Dei var jo dei to minste hestane i konkurransen, men eg fekk høyre at det såg ut til at dei på trass av storleiken var dei som drog plogen lettast» seier han.

Tilbakemeldingane og den gode kjensla Øystein sit att med etter meisterskapen, gjer at han no har bestemt seg for å reise til nordisk meisterskap også. Det vert arrangert i Danmark 22. oktober, og det ryktast at Øystein vert den einaste ikkje-danske deltakaren. «No flyt eg på den gode bølga, og håper det går like godt i Danmark» seier Øystein.

 

Øystein Lien deltok i NM i pløying med hestane Lukas og Juliand. (Foto: Lennart Pettersen)