Leah Andersen Thrane og fjordhoppa Lykkes Saga vart plukka ut til å få ri for den kjente dressurryttaren Carl Hedin når han kjem til Kingsland Oslo Horse Show komande helg.

av Ingvild Rydjord Hansen

Carl Hedin er ein kjent, svensk dressurryttar som har vorte svært populær på Instagram. Her har han heile 334 000 følgjarar, og deler bilete og videoar frå både konkurransar og kvardag. Han har opparbeidd seg ei stor fanskare, mykje fordi han fremjer god hestevelferd og er opptatt av variert trening og god kontakt med hestane sine.

Denne veka vert Kingsland Oslo Horse Show arrangert i Telenor Arena. Hit kjem Carl Hedin for å halde clinic, og i samband med dette vart det arrangert ein konkurranse der ein heldig ekvipasje vart plukka ut til å vere med å ri for han. Ekvipasjen Carl Hedin plukka ut til å vere med, var tjue år gamle Leah Andersen Thrane og fjordhoppa Lykkes Saga.

«Eg gler meg veldig til å ri for Carl, for han er eit stort førebilete for meg» seier Leah Andersen Trane. Då ho las om konkurransen, meldte ho seg sjølvsagt på i håp om å få ri på clinicen. «Eg trudde ikkje at eg kom til å bli plukka ut, med tanke på kor mange gode ekvipasjar som var med i konkurransen, men eg er veldig takksam for at han valde oss» seier ho.

På clinicen vil Carl Hedin ri sin beste konkurransehest, medan han forklarer for publikum kva han gjer og fokuserer på når han rir. Etterpå skal han undervise Leah og Saga, medan fleire hundre tilskodarar ser på.

Leah kjøpte Lykkes Saga i fjor sommar, då ho sakna å ha hest etter at ho byrja å studere. Tidlegare har ho hatt ridehestar ho har konkurrert med i sprangriding, men denne gongen vart det fjordhest. «Eg ville ha ein hest som mamma også kunne vere med å handtere, og då fall valet på ein fjordhest» seier ho. Og Leah har ikkje angra. «Eg har blitt heilt frelst! Eg ville ha ein hest som var ukomplisert å handtere i kvardagen, og det har eg verkeleg fått.»

Det er dressuren Leah har konsentrert seg mest om, men Saga fungerer også fint i sprang og køyring. «Saga har ei vanvittig arbeidslyst, og på stallen kallar dei andre ho for Ferrarien» ler Leah. «Det kan koke litt over i hovudet på ho nokre gongar, men ho er veldig lydig, følsom og lærevillig.»

No har Leah byrja å førebu seg til clinicen førstkommande laurdag. Dei skal ri i Telenor Arena, som er mykje større enn nokon annan hall dei har ridd i før. «Vi har faktisk øvd litt med høgtalarar med høg lyd i ridehallen» seier Leah, men understreker at ho ikkje er nervøs før clinicen. «Eg er ikkje typen som blir nervøs på stemner heller, og dette gler eg meg berre veldig til.»

I tillegg til alt ho får lære sjølv, gler Leah seg til å vise fram fjordhesten for Heste-Noreg. «Det var veldig kjekt at Carl Hedin plukka ut ein fjordhestekvipasje, og eg håper at eg kan vise fram kor god fjordhesten kan vere og inspirere andre til å ville byrje med denne flotte rasen» seier Leah.

Vil du sjå Leah og Saga i Telenor Arena? Det er framleis ledige bilettar til Kingsland Oslo Horse Show:
https://oslohorseshow.com/nb/billetter/