Med eigar og ryttar Sigrid Elise Skorve Larsen, starta fem år gamle Fagermann e. Kuling hallmeisterskap for unghest som første fjordhest nokon sinne. Han reiste heim med gode skussmål – dette er ein fjordhest med mange gode eigenskapar for dressur!

Tekst: Ingvild Rydjord Hansen Foto: Juliane Kingren

Hallmeisterskapen for unghest vart arrangert første helga i november på Epona Ryttersenter i Kristiansand. Dette er ein meisterskap som er ope for hestar av alle raser, og dei vert dømde etter dei kvalitetane dei har som dressurhestar både no og i framtida.

Dei fem år gamle hestane vert ridd i FEI sitt innleiande program for 5-åringar, der nivået tilsvarar LA. Til skilnad frå ein vanleg dressurkonkurranse, får ikkje ekvipasjen karakterar på dei ulike øvingane dei utfører. Her er det hesten som vert dømt, og den får karakterar for skritt, trav, galopp, kontakt/lydigheit og potensiale som dressurhest. Dommarane som dømte årets hallmeisterskap var norske Rune Mæle og Anne Grundvig og belgiske Dominique Rimanque.

Første fjordhest

På startlista for femårsklassen fann vi seks hestar – ein av dei var ein fjordhest. Fem år gamle Fagermann e. Kuling u. Løkling Ninrosa ue. Bjørktind stilte til start med eigar og ryttar Sigrid Elise Skorve Larsen.

Det har ikkje tidlegare vore vist fjordhest i hallmeisterskapen for unghest, men dette hindra ikkje Sigrid frå å møte med Fagermann. «Du veit ikkje kva som bur i hesten før du har prøvd, så kvifor setje avgrensingar for hesten før du veit kva den er god for?» seier ho.

I konkurransen møtte Fagermann fleire av landets mest lovande hestar innan dressursporten, inkludert hestar som har representert Noreg i VM for unghest «Vi bevegde oss over i eit for oss veldig framand miljø, med framande folk og heilt andre typar hestar enn vi er vande med å møte i andre konkurransar» seier Sigrid.

Sigrid Elise Skorve Larsen og Fagermann er første fjordhestekvipasje som deltek i hallmeisterskapen for unghest (Foto: Juliane Kingren)

Albatrossar i magen

Sigrid kan fortelje at heilt frå årets Fjordhest-NM var over, var det neste målet å ta Fagermann med seg til hallmeisterskapen for unghest. Sjølv om dei hadde førebudd seg godt, blant anna ved å starte fleire dressurkonkurransar i tida før meisterskapen, var ho svært nervøs før konkurransen.

«Før vi skulle inn for å ri programmet vårt den første dagen var eg ekstremt nervøs» seier Sigrid. «Andre snakkar om sommarfuglar i magen, men eg hadde ein flokk albatrossar!» ler ho.

«Dessverre er det alltid ein risiko når ein startar med fjordhest blant «dei store brune» at ein får negative tilbakemeldingar berre fordi ein rir den hesten ein rir» seier ho. Marerittet hennar var nettopp at dette skulle skje, men opplevinga kunne ikkje vore stort annleis. Første dag oppnådde Sigrid og Fagermann heile 70,4% og vart nummer 4 av 6 startande.

«Eg hadde eit mål om å klare å ri Fagermann i takt og balanse, og få vist fram det som bur i han» seier Sigrid. «Då eg rei opp midtlinja etter at programmet var over, tenkte eg at prosent fekk vere prosent, for hesten gjekk heilt fantastisk godt.»

Tok større sjansar i finalen

Før ho skulle ut og ri FEI sitt finaleprogram for 5-åringar søndag, brukte Sigrid tida på å lese igjennom tilbakemeldingane dei fekk laurdag og legge ein plan. «Eg ville vise dommarane at eg hadde tatt til meg tilbakemeldingane deira, og at eg kunne vise Fagermann enno betre fram» seier ho.

Søndag tok Sigrid litt større sjansar for å kunne vise fram enno meir av det som bur i Fagermann. Dette gjorde at ho fekk nokre litt større feil enn laurdag, men også at han bar seg litt betre, slik dommarane hadde ynskt. Søndag oppnådde dei 67,6% og fekk ein femteplass i klassen. Totalt i hallmeisterskapen vart dei nummer fire.

I hallmeisterskapen vert hestane dømt likt uavhengig av rase, og Sigrid meiner det korkje er ein fordel eller ei ulempe å ri fjordhest. «I dressur er målet at alle hestar skal følgje den same utdanningsskalaen, og tilbakemeldingane vi får handlar difor om korleis den enkelte hesten egnar seg til nettopp dressur» seier ho. Det dommarane la godt merke til hos Fagermann var at han hadde god rytme, var lydig, godt presentert og korrekt ridd. «Ei slik tilbakemelding er det sjølvsagt veldig stas å ta med seg heim» seier Sigrid.

Fagermann fekk fine kommentarar frå dommarane i hallmeisterskapen (Foto: Juliane Kingren)

Bestilte han på puben

Fagermann har vore hos Sigrid sidan han var føl. «Han er eit bestillingsføl som vart avtalt på puben på hingsteutstillinga» ler Sigrid, og fortel at denne kombinasjonen vart plukka ut då ho likar faren Kuling godt, og at mor hans, Løkling Ninrosa, er heilsøster til hennar sin gamle konkurransehest Haram Romio.

«Han er litt av ein ulukkesfugl, som har kosta meg eit par hundre tusen i veterinærutgifter i løpet av sitt unge liv» seier Sigrid, og legg flirande til: «Så dei som såg meg på hallmeisterskapen og trudde eg kom med ein billeg hest tok skammeleg feil!»

Blant skadane Fagermann har klart å pådra seg, er nok den verste at han mista halve tunga etter å ha blitt bitt av ein annan hest. Dette fungerer han likevel godt med i dag, sjølv om det var litt kritisk då det sto på.

Eigenskapar ikkje alle har

Sigrid skildrar Fagermann som ein ukomplisert hest som tek livet med ro, er enkel å transportere, og som er våken og ridbar samstundes som han er stødig. Han har ikkje vorte ridd aktivt lengre enn sidan mars i år, men han har tatt dette veldig fort.

Den første konkurransesesongen til Sigrid og Fagermann har gått veldig bra, og dei har vunne fleire dressurklasser. På Fjordhest-NM i Drammen vart Fagermann nummer to i BUF-klassa for femåringar, etter å både ha vunne dressuren og køyrd feilfritt i presisjon. «Fagermann viste tidleg at han har eigenskapar som ikkje alle andre hestar har, og det har han verkeleg fått bevist i denne stemnesesongen» seier Sigrid.

 

Sigrid og Fagermann vart nummer fire i hallmeisterskapen (Foto: Juliane Kingren)