Norges Fjordhestlag har vedteke fleire endringar i stauttane for Fjordhest-NM, som vil vere gjeldande frå og med sommarens meisterskap.

Neste endring i statuttane skulle i utgangspunktet skje i 2023, men grunna endringar i Norges Rytterforbund sitt regelverk måtte ein også endre statuttane for Fjordhest-NM. Dette vart annonsert av aktivitetsutvalet hausten 2021, og medlemmar vart bedre om å kome med innspel. Endring av statuttane var også tema på Haustmøtet, der ein fekk mange gode innspel. Norges Fjordhestlag har i tillegg hatt løpande dialog med Norges Rytterforbund.

Basert på innspel har ein no gjort desse endringane i stauttane:

  • NM senior, junior og lag: Maratonkøyring i samandraga vert erstatta med presisjonskøyring
  • NM senior og lag: Dressurprogram i første avdeling vert endra til LA:5
  • BUF: Dispensasjon for hingstar som har gått i avl vert fjerna. Dispensasjonen vart i si tid oppretta for å få med fleire hingstar i sporten. Vi ser no at dette ikkje har hatt ønska effekt, og vel difor å gå vekk frå dette. Dispensasjonen for hopper som har gått i avl vert oppretthalden.
  • Greinmeisterskap sprang: Tidlegare gjekk 1. avdeling i 80 cm og 2. avdeling i 90 cm. Dette er no endra til at begge avdelingar går i 90 cm.
  • Greinmeisterskap dressur: Programmet i første avdeling vert endra til LA:5. Finalen vil gå i MB:2 og trøystefinalen i MC:2.

Dei nye statuttane, med synlege endringar, kan du lese her:
Statutter NM Fjordhest med synlige endringer