Norges Fjordhestlag har etablert ei mentorordning for utstillarar, der sju ressurspersonar med lang erfaring har sagt ja til å rettleie og gi gode råd til nye utstillarar.

Utstillingane er vårt fremste avlstiltak, og spesielt hingsteutstillinga er avgjerande for å ha eit godt utval av avlsdyr. For å sikre framleis god deltaking på utstillingane og rekruttere og ivareta nye utstillarar, har Norges Fjordhestlag oppretta ei mentorordning.

Formålet med ordninga er at dei som skal stille fjordhest kan vende seg til nokon med lang erfaring og få gode råd, tips og støtte. Alle som skal stille fjordhest kan nytte seg av ordninga, men ein reknar med at det er dei som skal stille hingst som har flest spørsmål, og det er difor vald ut mentorar som har mykje erfaring med å vise hingst.

Blant mentorane finn ein mykje kompetanse. Alle har vist hingst på Eid fleire gongar, og det finns også veterinær, hovslager, eksteriørdommar og køyreinstruktør blant dei.

Ordninga vil nyttast til å kartlegge kva informasjon utstillarar av fjordhest saknar, og sånn sett kunne gjere relevant informasjon lettare tilgjengeleg i framtida.

Anders Sæther Moen er ein av mentorane du kan få råd av. Her køyrer han Almas Blink på utvida bruksprøver i 2021.

Kven kan spørje ein mentor?

Alle som har spørsmål om det å stille fjordhest kan kontakte ein mentor. Det er ikkje forbeholdt nye utstillarar – du har sjølvsagt lov å spørje sjølv om du har stilt hest før.

Når kan eg ta kontakt?

Mentorane har hatt eit oppstartsmøte, og er klare til å hjelpe. Vi tilrår å ta kontakt så fort du lurer på noko, for jo tidlegare du får gode råd, jo enklare er det å gjere justeringar fram mot utstillinga.

Kva kan eg spørje om?

Alt som handlar om det å førebu og stille fjordhest på utstilling. Trening, fôring og andre førebuingar, skoing, mønstring, bruksprøver, praktisk gjennomføring av utstilling.

Ingen spørsmål er dumme eller for enkle, og vi ynskjer at du som treng råd skal ha låg terskel for å ringe ein mentor.

Korleis kan eg få råd?

Du kan kontakte den mentoren du vil på telefon eller e-post. Etter nærare avtale er det mogleg å ha videosamtalar eller å møtast fysisk.

Vi tilrår også at du som utstillar har sett deg inn i relevant informasjon og reglement:

AvlsplanUtstillingsreglement og bruksprøvereglementInformasjonsfilmar om bruksprøver

 

Mentorane:

Dan Ole Alme, 59 år,  Sandane
95848044 – maritalme65@gmail.com
Dan Ole er oppdrettar, hingstehaldar og har vist mange hingstar på Eid. Han er ein aktiv ressursperson i lokallaget i Midtre Nordfjord.

Ben Hjelmervik, 72 år, Våler i Solør
95102972 – benhjel@online.no
Ben har lang erfaring med fjordhest og hingsteutstilling. Han har vore leiar i Foreningen Arbeidshesten og styremedlem i Norges Fjordhestlag. Han arrangerer kurs i skogskøyring med hest.

Anders Sæther Moen, 63 år, Surnadal
90529219 – andemoen@online.no
Anders har halde på med fjordhest sidan han var barn, og har stilt fleire hingstar på Eid. Han er veterinær og driv hestepraksis, og har vore hingstehaldar for Indre Nordmør fjordhestlag. Han har konkurrert i køyring opp til vanskeleg klasse.

Even Myklebust, 55 år, Ørsta
90525823 – even.myklebust@tussa.com
Even er tredje generasjon fjordhestmann frå Ørsta, og er oppveksen med fjordhest. Han har stilt mykje hingstar, men også hopper og unghestar. Even har vore hingstehaldar for Ørsta og Volda fjordhestlag i mange år, og er eksteriørdommar.

Stian Nesvik, 34 år, Jæren
95760445 – stian@nesvik-lb.no
Stian har alltid halde på med hest, og har stilt fleire hingstar på Eid. Han har vore hingstehaldar i fleire år.

Knut Skubberud, 50 år, Østfold,
91715678 – stallblakk@live.no
Knut har halde på med hest i 40 år, og stilte sin første hingst i 1998. Sidan då har han vist mange hingstar båe til førstegangsvisning og utvida bruksprøver. Han er utdanna hovslagar.

Unni Sørtømme, 47 år, Børsa
99536677 – unniadrian@hotmail.com
Unni har drive med hest sidan barndommen. Ho stilte hingst på Eid for første gong i 1993, og har stilt hingst nesten kvart år sidan. Ho driv eigen stall på Børsa ved Trondheim, der ho tar imot hestar til trening. Ho er utdanna køyreinstruktør, arrangerer køyrekurs og startar konkurransar i køyring.