Under utstillingsmiddagen på hingsteutstillinga vart Norges Fjordhestlag sin marknadsføringspris delt ut. Prisen vert delt ut til ein person, eit lag eller ein institusjon som har gjort ein ekstra god innsats for å marknadsføre fjordhesten.

Dette er grunngjevinga som vart lest opp under middagen:

I år har vi vald å gje marknadsføringsprisen til ein person som i mange år har brukt fjordhesten aktivt og allsidig. Han har starta stemner i både inn- og utland og har oppnådd både NM-gull og gode plasseringar i EM.

Personen som får prisen i år, vert skildra som eit ja-menneske som ser moglegheiter og ikkje begresningar. Han er raus, positiv og alltid på tilbodssida. Han er flink med hest, men også veldig flink med folk, og er spesielt flink til å inkludere dei som fell litt utanfor.

Årets prisvinnar har delteke på både NM, Nordisk og EM i arbeidshest, og har NM-gull i skogshestkøyring og ein fjerdeplass frå EM på merittlista. I fjor var han einaste ikkje-danske deltakar på nordisk i skogshest i Danmark.

Han er sporty og lett å be, og har både delteke på turneringar i polocross og stilt opp på dressurkvadrilje i Tyskland. Sjølv om det nok er bak og ikkje oppå hesten han trivs best, så har han absolutt ridekunnskapar også. Han har køyrd i mange bryllaup, henta ned slakt med kløv i jakta  og lånt ut hestane sine til tv-innspelingar. Han er aktiv i lokale hesteklubbar, og har vore leiar i Foreningen Arbeidshesten.

Då han vart pensjonist starta han eit eige firma for å lære vekk kunnskap om bruk av arbeidshest. Dette er ein del av historia vår her i Noreg, og må bringast vidare til komande generasjonar. Landet vårt var bygd med hjelp frå hesten, og dette er viktige tradisjonar som vi må ta vare på sjølv om hesten ikkje vert brukt til arbeid no på same måte som før.

Som liten var han misunneleg på naboen som fekk traktor, medan dei måtte bruke hest. Han har sagt at han i ettertid var glad for det. Det er vi i fjordhestlaget også glade for. Å vise fram fjordhesten som ein trygg, stødig og allsidig hest som kan brukast til det meste er svært god marknadsføring av fjordhesten.

Årets marknadsføringspris går til Øystein Lien.

Du kan lese ei sak om Øystein Lien i medlemsbladet Fjordhesten nummer 01-2019.