Fjordhest-NM 2022 vert denne veka arrangert på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.
Stemnet opna som vanleg med ein høgtideleg seremoni med fjordhestprosesjon, talar og snorklipping. Seremonien vart halde måndag 4. juli, og klassene tok til tysdag. Sidan sist Fjordhest-NM vart arrangert i Førde i 2016, har det vorte gjort store utbetringar på området. Det er mellom anna bygd ein ny ridehall, samt to nye ridebaner som vert nytta til stemnet sine dressurklasser.
Vil du følgje med undervegs, rår vi deg til å stikke innom Førde eller å bruke stemneprogrammet Equipe for hyppige oppdateringar.