Fjordhest-NM 2022 vert denne veka arrangert på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Stemnet opna som vanleg med ein høgtideleg seremoni med fjordhestprosesjon, talar og snorklipping. Seremonien vart halde måndag 4. juli, og klassene tok til tysdag. Sidan sist Fjordhest-NM vart arrangert i Førde i 2016, har det vorte gjort store utbetringar på området. Det er mellom anna bygd ein ny ridehall, samt to nye ridebaner som vert nytta til stemnet sine dressurklasser.

Vil du følgje med undervegs, rår vi deg til å stikke innom Førde eller å bruke stemneprogrammet Equipe for hyppige oppdateringar.

Fjordhestprosesjon med dei startande deltakarane. 21 år gamle Vies Marikken med kusk Gunnar Bruland, leda an.

 

Alle ekvipasjane samla under opningsseremonien

Leiar i Norges Fjordhestlag, Hege Sæther Moen, klipte snora og opna formelt Fjordhest-NM 2022.

Stemneleiarar for Fjordhest-NM 2022 er Karoline Thingnes og Harald Løtuft.