Norges Fjordhestlag har fått tildelt Frifond-midlar, som vi deler ut til lokallag som vil skape aktivitet for barn og unge.
Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Norges Fjordhestlag har i år fått tildelt 228 654 kr som skal fordelast på lokallag som vil tilby aktivitetar for barn og unge. Dette er midlar vi har erfart at skapar mykje aktivitet i lokallaga, og vi håper mange lag vil søke om å få tildelt midlar frå årets pott.
Lokallag som er tilknytt Norges Fjordhestlag og som oppfyller følgjande krav, kan søkje om frifondmidlar:
– Laget må ha gjennomført årsmøte for føregåande år
– Laget må ha levert årsmelding og rekneskap til Norges Fjordhestlag for føregåande år, og innan søknadsfristen.
– Laget må ha betalt kontingent til NFL for søknadsåret.
– Laget må ha minimum 5 tellande medlemmer under 26 år i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag. (Merk at det er betalande medlemmer i landslaget med adresse i
gjeldande region som er tellande, og ikkje medlemmar på lokallaget si eigen medlemsliste.)
Laga kan få tre sortar støtte:
– Driftsstøtte: Fast beløp på minimum kr 5.000 til lag som driv aktivt, og har tilbod om aktivitetar for barn og unge.
– Tilskot til prosjekt for barn og unge i laget – alle aktivitetar eller arbeid som kan fremja arbeid med born og unge rundt fjordhesten.
– Oppstartmidlar til nyetablerte lag
Sjå alle kriterie for tildeling av støtte her. Søknadsfrist er 10. oktober, og laga må nytte vedlagt søknadsskjema.
Kortid vert det lagt ut søknadskjema for Frifondmidlar for søknadsåret 2023 ?