Norges Fjordhestlag har fått tildelt Frifond-midlar, som vi deler ut til lokallag som vil skape aktivitet for barn og unge. 

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Norges Fjordhestlag har i år fått tildelt 228 654 kr som skal fordelast på lokallag som vil tilby aktivitetar for barn og unge. Dette er midlar vi har erfart at skapar mykje aktivitet i lokallaga, og vi håper mange lag vil søke om å få tildelt midlar frå årets pott.

Lokallag som er tilknytt Norges Fjordhestlag og som oppfyller følgjande krav, kan søkje om frifondmidlar:
– Laget må ha gjennomført årsmøte for føregåande år
– Laget må ha levert årsmelding og rekneskap til Norges Fjordhestlag for føregåande år, og innan søknadsfristen.
– Laget må ha betalt kontingent til NFL for søknadsåret.
– Laget må ha minimum 5 tellande medlemmer under 26 år i Norges Fjordhestlag eller Barnas Fjordhestlag. (Merk at det er betalande medlemmer i landslaget med adresse i
gjeldande region som er tellande, og ikkje medlemmar på lokallaget si eigen medlemsliste.)

Laga kan få tre sortar støtte:
– Driftsstøtte: Fast beløp på minimum kr 5.000 til lag som driv aktivt, og har tilbod om aktivitetar for barn og unge.
– Tilskot til prosjekt for barn og unge i laget – alle aktivitetar eller arbeid som kan fremja arbeid med born og unge rundt fjordhesten.
– Oppstartmidlar til nyetablerte lag

Sjå alle kriterie for tildeling av støtte her. Søknadsfrist er 10. oktober, og laga må nytte vedlagt søknadsskjema.