Norges Fjordhestlag ynskjer alle medlemmer hjarteleg velkomne til Haustmøtet 2022, og opnar no for påmelding.

Årets Haustmøte vert arrangert på Scandic Kokstad i Bergen 4.-6. november, og byr på eit variert program med tema som bør vere relevante for alle som driv med fjordhest.

Du kan no melde deg på Haustmøtet, og det gjer du via påmeldinggskjema på deltager.no (trykk på lenkja for å kome til påmeldingsskjema). Påmeldingsfrist er 18. oktober, og påmelding er bindande.


Program for Haustmøtet 2022

4.-6. november
Scandic Kokstad, Bergen

Møteleiar: Bjørn Vollstad

Fredag 4. november

18.00 Opning av Haustmøtet
v/ Hege Sæther Moen, leiar i Norges Fjordhestlag

18.15

18.30

Nytt frå Norsk Hestesenter

Utviding av verkeområdet for stamboka
v/ Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter

20.00 Middag

 

Laurdag 5. november

09.00:

Nytt frå styret og utval i Norges Fjordhestlag

 

10.00 Pause
10.15

Fjordhesten sine rørsler – teoridel

Kva bygningstrekk påverkar fjordhesten sine rørsler?

Kva er gode rørsler på ein fjordhest?

12.00 Lunsj
13.15

Fjordhesten sine rørsler – praktisk del

Praktisk demonstrasjon av ulike fjordhestar i riding, køyring og lausmønstring med testryttar og testkusk. Fagpersonar kommenterer undervegs.

15.30 Pause med mat
16.00

Følskue: Demonstrasjon av dømming i praksis
Kva vurderingar gjer dommarane når dei står i ringen?Det er høve å kjøpe billettar til følskuet for dei som ikkje deltek på Haustmøtet.

 

 

20.00 Festmiddag

 

Søndag 6. november

09.00:

Oppdatering på forskingsprosjekt med fjordhest

 

10.00

Fjordhesten sitt temperament

Kva veit vi om fjordhesten sitt temperament?
Temperament i avlsarbeidet
v/Norges Fjordhestlag

Kvifor er fjordhesten sitt temperament så avgjerande for rasen som allsidig brukshest?
v/Øystein Lien

Diskusjonsbolk i grupper med innleiarar frå lokallag og tillitsvalde i Norges Fjordhestlag.

13.30

Open post

Avslutning

14.00 Lunsj

Med atterhald om endringar.