Gjennom arbeid med digitalisering av gamle filmar, kom Steinar Hilde frå Innvik over filmar som viser fjordhest i bruk og på utstilling. Desse har vorte sett saman til ein dokumentarisk film om fjordhesten, som vart synt fram for første gong på hingsteutstillinga i 2019.

av Ingvild Rydjord Hansen
Denne saka vart første gong publisert i Fjordhesten 03-2020. 

Dei siste 20 åra har Steinar Hilde frå Innvik i Nordfjord arbeidd med digitalisering av gamle filmar. Han tek på seg oppdrag for privatpersonar, og er i tillegg veldig interessert i lokalhistorie og har sett saman fleire filmar med lokalhistorisk innhald frå Nordfjord.

Steinar hadde fått vite at det eksisterte gamle filmopptak frå tidlegare Langvin jordbruksskule i Innvik, der han sjølv hadde vore elev. Desse fekk han tak i på fylkesarkivet.

Olav Karstad sitt arkiv

I arbeidet med å reinse og digitalisere filmane dukka det opp filmar frå fleire hesteutstillingar samt andre filmar der fjordhesten var sentral. Rektor ved Mindresunde og Langvin jordbruksskular frå 1920-1950, Olav Karstad, var ein engasjert fjordhestmann og ivrig fotograf som filma på hesteutstillingar og andre husdyrarrangement, og det var hans filmar dette arkivet besto av.

Etter at filmane frå Langvin var digitalisert, la Steinar dei på vent. Tilfeldigvis fortalde han om materialet han sat på til den pensjonerte journalisten (og tidlegare redaktør i Fjordhesten) Inge Fænn. Han fekk då ei klar oppmoding om å arbeide vidare med desse filmsnuttane, og setje dei saman slik at dei kunne synast fram for fleire.

I høve Nordfjord Fjordhestlag sitt 100-årsjubileum og Norges Fjordhestlag sitt 70-årsjubileum i fjor, vart Steinar førespurt om han kunne tenkje seg å setje saman ein film som kunne visast under markering av jubilea.

Jubileumsfilm

I arbeidet med filmen fekk Steinar tak i fleire filmsnuttar frå andre arkiv, og sat etterkvart på eit stort materiale som danna grunnlaget for jubileumsfilmen. Sidan han sjølv kan lite om fjordhest fekk han hjelp av erfarne fjordhestfolk til å sjå over materiale og å kjenne att hestar og folk. Tidlegare nemnde Inge Fænn hjelpte til med å kommentere filmen.

Det første utkastet til filmen vart presentert under hingsteutstillinga i 2019, og vart svært godt motteke av publikum. «Salen var heilt full, og eg var så nervøs før eg trykte på play» seier Steinar. «Her hadde eg laga ein dokumentar om noko eg slettes ikkje hadde peiling på, og i tillegg skulle eg syne den fram på det viktigaste fjordhestarrangementet i verda!»

Filmen startar med ein del stillbilete frå rundt århundreskiftet, og då levandefilmen byrja å rulle på skjermen, kunne Steinar høyre eit gisp gå igjennom salen. Då kunne han senke skuldrane – dette syns folk det var kjekt å sjå.

Etter at filmen var over fekk han gode tilbakemeldingar, og mange kom fram og ville prate med han og fortelje om hestar eller personar dei hadde kjend att i filmen. Publikum var begeistra, og glade for at Steinar hadde tatt på seg arbeidet med å setje saman filmen. Fimlen vart også synt fram under jubileumsutstillinga i Stryn i fjor haust.

Inga erfaring med fjordhest

Som Nordfjording kjenner Steinar sjølvsagt til fjordhesten, men er klar på at kunnskapsnivået hans om hesten var svært lågt før han byrja på filmen. Igjennom arbeidet har han kome tettare på både rasen, samt lært litt meir lokalhistorie. «Det som gjorde størst inntrykk på meg var nok å lære om Rimfaksestrida» fortel Steinar. «Ekstra kjekt var det å vite at det kanskje viktigaste møtet som har handla om fjordhest fann stad i Innvik, mi heimbygd» legg han til, og siktar til møtet på Innvik Ullvarefabrikk i 1907, det det vart bestemt at fjordhestfolket ynskja å gå vekk frå blandingsalet staten hadde lagt opp til igjennom fleire år.

Steinar fortel at han tykkjer det er veldig interessant å sjå korleis fjordhesten har utvikla seg gjennom tida. «Det er stor kontrast frå dei eldste filmane eg har og til den fjordhesten vi ser i dag» seier han. «Den gongen trengde ein fjordhesten som ein arbeidsreiskap, i dag har ein heilt anna rolle som hobbyhest.»

Arbeidet med filmen vidare

Fjordhestfilmen er stadig under utvikling, og Steinar har fått tak i meir materiale han kan bake inn i det han har frå før. Han håpar at etterkvart som filmen får meir merksemd, kan det kome inn enno meir materiale slik at filmen viser ei så komplett historie om fjordhesten som mogleg.

Steinar ynskjer å reise rundt og syne fram filmen til flest mogleg. Jo fleire som ser filmen, jo meir info vil kome inn om stadar, personar og hestar. «Eg hadde planar om å syne fram filmen i Sverige i vår, men det vart naturlegvis avlyst. Det har også kome interesse frå Tyskland» fortel han. Han har fått ein avtale med nokon som skal hjelpe han med å tekste filmen på engelsk, for å kunne nå ut til eit så breitt publikum som mogleg.

Med ein komplett kinorigg har Steinar høve til å reise rundt og syne fram filmen kvar som helst – for eksempel kan han kome dersom lokallag ynskjer å arrangere ei framsyning. «Eg har fått alle rettigheiter til filmen, og det kan hende det vert mogleg å kjøpe den i framtida når den er fullført» seier Steinar, men understrekar at han trur dette er ein film folk har mest glede av å sjå i fellesskap, for å få ei større oppleving og kunne dele inntrykka ein sit att med.

Stor verdi

Filmane Steinar har samla inn er av stor historisk verdi, ikkje berre for fjordhestfolk men for heile Noreg. Dei viser ein del av historia til landet vårt, der hesten har vore viktig som arbeidsreiskap, samt at han har samla folk til utstillingar og andre arrangement.

På grunn av verdien til filmane, har Steinar allereie planlagt kva som skal skje med dei etter hans tid. «Dette er historiske filmar som skal sikrast for framtida, anten gjennom å ivaretakast av familie, eller sendast vidare til eit arkiv. Ingenting av dette skal forsvinne» seier han.

Ønskjer meir film

Det er naturleg nok ikkje alt Steinar har samla inn som har kome med i filmen han syner fram, til det er råmaterialet alt for stort og omfattande. Likevel håper han på å få inn enno meir film, og oppmodar alle som sit på noko dei trur kan vere interessant om å ta kontakt med han.

Han er spesielt interessert i filmar som viser fjordhesten i landbruk og skogbruk, då dette er noko av det han har minst av. «Eg håper at ingen gamle fjordhestfilmar vert liggande i skuffer heime hos folk, for dette er noko vi alle kan ha glede av å sjå – både dei som har ein kjærleik til fjordhesten, og dei som er interessert i historie og hesten si rolle i Noreg» avslutter Steinar.

Sidan denne saka var skriven er filmen utvida med meir fargefilm frå 50-talet. Den er teksta på engelsk, slik at den kan visast til eit internasjonalt publikum. Vi håpar fleire vil sjå denne filmen, som vi reiser rundt og viser etter avtale. Filmen kan og visast til mindre gruppe på maks 10 personar i vår mini-kino i Innvik.

Ta kontakt med: Filmdigitalisering AS v/Steinar Hilde
Tlf.: 900 51 260
E-post: steinar@filmdigitalisering.no
www.filmdigitalisering.no