Det har vorte arrangert hingsteslepp i Sikkilsdalen i over 150 år, og hovudsakleg er det dølahestar som har gått på slepp her. I sommar vil du også finne eit slepp med fjordhestar i Sikkilsdalen, og hingsten som vert sleppt er Birkelid Owen.

Det første hingstesleppet i Sikkilsdalen fann stad i 1868, då hingsten Veikle Balder vart sleppt. Dette vart starten på eit hittil over 150 år langt eventyr i den vakre fjelldalen, som ligg heilt aust i Jotunheimen i Nord-Fron kommune.

I Sikkilsdalen er det tre hamner med plass til kvart sitt hesteslepp; Åkrehamna, Prinsehamna og Bristol. Norsk Hestesenter, Norges Fjordhestlag og Landslaget for nordlandshest/lyngshest har inngått ein avtale om at den sistnemnde hamna framover vil vere sommarheimen til ein fjordhest- eller nordlandshest/lyngshesthingst og hoppene hans..

Val av hingst

Det er Norsk Hestesenter som har ansvaret for hestesleppa i Sikkilsdalen. Saman med representantar frå avlsutvalet og styret i Norges Fjordhestlag har dei vald ut hingsten Birkelid Owen til å gå i Bristol-hamna.

Ein ynskte ein høgt premiert hingst som passa til hoppematerialet i området, og som hadde slepperfaring frå før. Birkelid Owen har 1. premie, eit svært godt fjordhestpreg og representerer ei lite brukt hingstelinje.

Påmelding

Hoppene som skal gå i fjellet må vere i god form. Hopper kan sleppast med føl ved fot, men då er det viktig at både hoppe og føl har god helse og at hoppa har nok mjølk. Alle hopper må vere vaksinerte, og både hopper og føl merkast før dei vert sleppte i fjellet.

Det vil vere mogleg å melde hoppa si på slepp frå og med førstkommande tysdag. Det er sett eit tak på 20 hopper.