Våren er her, og det er tid for føling. Korleis skal du førebu deg sjølv og hoppa best mogleg til føling, og kva må du passe på når følet har kome til verda?

Byline: Ingvild Rydjord Hansen
Denne saka var første gong publisert i Fjordhesten 01-22

Råda i artikkelen kjem frå veterinær Anne Stine Foldal Aam. (Foto: Privat)

I fjor var det bedekt 300 fjordhopper i Noreg, så dei komande vekene og månadane er det venta mange fjordhestføl rundt om i landet.

Drektigheita er ei spennande tid å gå igjennom som hoppeeigar, spesielt dersom det er det første følet du er oppdrettar på. Ved å førebu både deg sjølv og hoppa til følinga vil du kunne gje følet ein best mogleg start på livet.

Råda i denne artikkelen kjem frå veterinær Anne Stine Foldal Aam. Ho fullførte utdanninga si på Veterinærhøgskulen i 1993, og har sidan då arbeidd med både smådyr, produksjonsdyr og hest. Ho driv med oppdrett av shagya-araber, og har hatt nesten 80 føl fødd hos seg. I tillegg driv ho godkjent seminstasjon.

Planlegg vaksiner og behandling

Drektige hopper bør helst ikkje få vaksinasjon i siste trimester, men samstundes vil ein at dei skal ha ein god immunstatus før dei føler. Det mest ideelle er å vaksinere drektige hopper mellom oktober og januar, litt avhengig av når dei skal føle.

Ein bør legge den årlege tannsjekken til hoppa til før bedekning, då mange veterinærar ikkje vil gje beroligande middel til drektige hopper. Grunnen til dette er at dei kan få blodtrykksfall som kan føre til abort.

Parasittbehandling

Ein bør planlegge parasittbehandling av drektige hopper for å sikre dei ein best mogleg immunstatus ved føling. Parasittar slepp ikkje ut egg heile tida, så hesten kan ha parasittar sjølv om avføringsprøve ikkje viser det. Difor bør ein behandle drektige hopper med ormekur uansett.

Korrekt parasittbehandling er spesielt viktig dersom ein nytter dei same beita kvart år, fordi det fører til større smittepress. Å bruke ulike beiter frå år til år kan få ned smittepresset.

Hoppene bør få behandling med Ivomec på seinhausten, og deretter behandling med Panacur eller Nematel ei stund før føling. Helst bør ein bytte på kva for ormekur ein gir på våren om lag kvart tredje år. Slik minimerer ein talet på parasittar i hoppa si avføring etter føling. Det er naturleg for følet å ete på mora si avføring, fordi dei skal få i seg mikrobar for å skape ein tarmflora. Ein ynskjer då sjølvsagt ikkje at avføringa skal innehalde parasittar.

Det nyfødde følet vil ganske fort kome seg på beina. (Foto: Ingeborg Morstøl)

Fôring fram mot føling

Ei drektig hoppe som ikkje har føl ved fot treng alminneleg god fôring. Ein må fôre etter hald slik at hoppa verken vert for feit eller for tynn. Dersom hesten toler det, er appetittfôring på grovfôr fint for drektige hopper. Hopper som blir for tjukke av dette bør få rikeleg med grovfôr med mindre energi, eller ein kan supplere med halm. Hoppa bør få vitamin- og mineraltilskot gjennom heile drektigheita.

Dei siste tre månadane før føling veks følet fort, og hoppa treng meir næring. Det finns eige kraftfôr egna for drektige hopper, og i tillegg er luserne eit godt fôr for å få opp kalsiumprosenten. Dette kan ein med fordel gi i heile drektigheita.

Nokre hopper taper seg mykje i hald etter føling, og dersom ein veit at dette gjeld hoppa ein har, kan ein gjerne fôre dei litt opp i forkant av føling.

Bruk av hoppa

Drektige hopper kan brukast som normalt gjennom vinteren. Det er ingenting i vegen for å bruke hoppa heilt fram til føling, men ein må sjølvsagt sjå an kva hoppa trivs med og tilpasse intensiteten til hoppa si form.

Når ser ein at hoppa skal føle snart?

Dei fleste hopper går drektig mellom 320 og 360 dagar. Ofte går hoppene i same familie om lag like lenge drektig, så dersom hoppa ventar sitt første føl kan ein få ein peikepinn på drektigheitstida ved å undersøke kor lenge mor og søstrer går drektig.

Juret veks gradvis fram mot føling, og mjølka endrar farge frå blank via grå til kvit. Mjølka er ofte veldig klissete rett før den vert kvit, og når den er kvit er føling ofte nært føreståande og ein bør ha hyppigare tilsyn til hoppa.

Nokre dagar før føling vil bekkenbanda verte lausare, og hoppene blir lit slakke i bakparten. Dersom ein gjer det til ein vane å sjekke dette, vil ein merke endring når følinga nærmar seg. Hoppene vil også verte hovne rundt kjønnsorgana og litt raudare i slimhinnene før føling. Rett før føling vil mange hopper også få dårleg matlyst.

Lag klart til føling

Hopper kan føle anten inne eller ute, men dersom du legg opp til føling utandørs bør det vere fint og varmt i vêret. Skal hoppa føle i flokk bør ho vere høg på rang, og er ho ikkje det kan du dele av eit eige område til ho ved sidan av resten av flokken.

Inne bør hoppene ha ein stor og romsleg boks å føle i. Det bør vere godt og mjukt underlag, gjerne av halm dersom ein har tilgang på det. Ein kan gjerne dekke til boksen slik at nysgjerrige naboar ikkje forstyrrar i følinga.

Nokre hopper er følsame for miljøskifte, så dette bør ein unngå i tida rett før føling. Til dømes bør ein ikkje sette inn nye hestar i flokken, og hoppa bør vere kjent med boksen ho skal føle i. Hoppa bør ikkje ha sko under føling, då dette kan auke faren for skader. Ta difor av skoa i god tid før termin.

Dei fleste hopper klarer seg veldig fint sjølv under følinga, men det er likevel fint å følgje med så ein kan hjelpe til dersom noko skulle skje. Eit kamera i stallen vil gjere det enklare å følgje med på hoppa utan å forstyrre. Det finns også følingsalarmar som ein kan setje rundt magen til hoppa, som registrerer når hoppa sveittar.

Før hoppa skal føle bør du ha klart eingangshanskar, jodspray til å spraye på navlestrengen og tåteflaske eller smokk i tilfelle du treng å hjelpe følet å få i seg råmjølk.

Dersom det er fint og mildt i vêret, kan hoppa føle utandørs.

Korleis førebu deg sjølv?

Det er heilt naturleg å bli litt stressa eller spent når ein ventar føl, i alle fall om det er det første du skal ta i mot. Ein har som regel eit sterkt forhold til hesten som skal føle, og håpar inderleg at det skal gå bra. Det er mykje å bekymre seg for, men som regel går alt heilt fint. Dei aller fleste hestefødslar går uproblematisk for seg, og hoppene klarar å ordne opp sjølve.

Dersom du har spørsmål i forkant av følinga, kan du kontakte veterinær for å vere betre førebudd. Boka «Å få føll: fra hoppas brunst til føllets avvenning» gir mykje god informasjon, og kan lesast gratis på Nasjonalbiblioteket på nett.

Halm som underlag i boksen er godt egna når hoppa skal føle. (Foto: Ann-Kristin Engset)

Fødselen er i gong

Dei fleste hopper klarer seg sjølv under føling, og det er sjeldan det oppstår komplikasjonar. Det er mykje som kan skje, men alvorlege feilstillingar og komplikasjonar under føling er heldigvis svært sjeldne. Når hoppa legg seg ned for å føle, kan ein gjerne vere til stades, men gi hoppa fred dersom følinga utviklar seg normalt.

Følet skal kome med begge frambeina først, og deretter hovudet. Dersom den eine framfoten kjem før den andre, kan ein trekke litt i den som ligg bakerst slik at dei kjem ut likt. Viss følet kjem skeivt kan det bli trongt i bekkenet når framparten skal ut. Når du ser nesten heile framføtene, bør du også sjå mulen. Og gjer du det, så går det nesten garantert heilt fint!

Kva kan gå gale?

Når vatnet har gått, vil hoppa byrje å trykke ganske fort. Dersom det har gått eit kvarter frå vatnet gjekk, og du ikkje ser noko til følet, kan det vere eit teikn på at noko er gale. Ser du berre frambeina, men hovudet ikkje kjem, eller dersom det kjem berre eitt frambein, må du agere. Vask hendene, eller ta på ein lang eingongshanske, og kjenn etter inne i hoppa. Deretter kontaktar du veterinær.

Baklengsfødsel og alvorlege feilstillingar skjer sjeldan på hest. Godt er det, for det er mykje vanskelegare å rette opp slikt på ein hest enn på ei ku eller ein sau. Hoppa trykkjer veldig under føling, så ein kan risikere at det går hol på livmora under feilstillingar eller forsøk på å rette opp slike.

Når følet er ute

Følinga går som regel raskt, og korleis dei nybakte mødrene taklar det er ulikt frå hoppe til hoppe. Nokre er veldig beskyttande, andre er utslitne og bryr seg ikkje så mykje om følet i starten. Tilby gjerne hoppa lunka vatn og mat når ho har føla. La mor og føl ligge, og gi dei litt fred. Navlestrengen vil slitne når hoppa røyser seg, og då kan du spraye jod på den for å unngå infeksjon.

Etter følet har kome, kjem etterbyrden ut. Det er viktig at den kjem ut, og at den er heil. Det er ikkje heldig at hoppa går og trakkar på det som har kome ut, for då kan den slitne. Du skal heller ikkje drage i etterbyrden. Knyt den heller opp i halen, slik at tyngdekrafta kan hjelpe til. Dersom etterbyrden ikkje kjem, kan det hjelpe å stresse hoppa litt for å få den ut. Legg følet att i boksen, og lei mora ut ein liten tur. Har det gått åtte timar sidan føling, og etterbyrden framleis ikkje er ute, må du kontakte veterinær.

Den viktige råmjølka

Råmjølka er den første mjølka hoppa produserer etter føling. Den er det svært viktig at følet får i seg så raskt som mogleg – og i alle fall etter tre timar.

Følet vil byrje å leite etter spenane så fort det er på beina. Dersom følet ikkje klarer å finne fram, eller dersom hoppa ikkje slepp følet til spenane, kan du mjølke litt frå hoppa på ei flaske og gi til følet. Prøv gjerne å få dei til å drikke i nærleiken av juret, så dei held fram å søkje på riktig plass.

Nokre gongar vil ikkje hoppa sleppe følet til spenane, ho vil gjerne ha følet framfor seg. Då må du mjølke hoppa og gi følet på flaske, og normalt sett vil hoppa sleppe til følet etter ei kort stund. Når følet har fått i seg den første råmjølka, har den meir krefter til å leite vidare etter meir. Sjølv om dei får litt hjelp i starten, finn dei fort fram til spenane og drikk sjølve.

Viss hoppa ikkje har mjølk, eller har veldig lite mjølk, kan følet få mjølkeerstatning. Felleskjøpet har mjølkeerstatning for føl. Får du ikkje tak i dette raskt, ta kontakt med veterinæren din for råd. Mjølkeerstatning for spedgris, lam og kalv kan nyttast dersom ein endrar blandingsforholdet noko, men dette bør gjerast i samråd med veterinær.

Råmjølka er livsviktig for følet.

Avføring

Den første avføringa følet har heiter tarmbek, og er heilt svart. Ein bør følgje med på at det kjem ut, og at følet klarer å tisse. Ver obs på at føl kan få symptom som kan minne om kolikk når dei skal ha ut tarmbeket. Ein kan då nytte klyster for å hjelpe dei litt.

Velkomen til verda!

Følet er ute, har kome seg på beina, fått i seg råmjølk og hatt avføring. Etterbyrden har kome ut heil, og hoppa er i god form. Slik går dei fleste hestefødslar føre seg, og kan du krysse av alle desse punkta på lista kan du gratulere deg sjølv og hoppa med eit flott, nytt føl.