Norges Fjordhestlag er glade for å kunne annonsere at landsfinalen for unghopper vert arrangert på Mo i Førde laurdag 26. august. 

Under landsfinalen for unghopper kårar vi dei beste 1-, 2- og 3-årshoppene i landet. Årets landsfinale vert arrangert på Mo landbruksskule i Førde laurdag 26. august. Søndag vert det arrangert både open gard og hoppeutstilling på Mo, så ta med deg heile familien for ei flott fjordhesthelg!

Landsfinalen startar kl 15.00. Det er mogleg å oppstalle hestane på skulen. For tinging av stallplass, kontakt Harald Løtuft på tlf.: 99 22 51 51. Det er ikkje krav om at hoppene må ha vore vist på utstilling tidlegare for å kunne delta på landsfinalen. Treårshoppene kan delta både i landsfinalen og på den offisielle utstillinga søndag.

Jølstraholmen camping og Førde gjestehus og camping ligg ein kort køyretur unna, dersom du treng overnatting.

Laurdag kl 20 vert det middag og sosialt samver på Scandic Sunnfjord Hotell&Spa. Det vert sommarbuffet (kalde og varme rettar, dessertbord, kaffi og te). Middagen kostar 395 per person, og du melder deg på til Aud Oddny Hegrenes på tlf.: 95 12 67 05.

Du kan melde hesten din på landsfinalen via denne lenkja.

Arrangør Sunnfjord Fjordhestlag ser fram til å arrangere landsfinalen, og ynskjer både fjordhest og folk hjarteleg velkomne.

Hafstad Fia vart kåra til beste unghoppe under landsfinalen 2022