I høve 75-årsjubileet til Norges Fjordhestlag vil det under hingsteutstillinga på Nordfjordeid verte arrangert uoffisielle showklasser for 1- og 2-årshingstar, og for eldre, premierte hingstar.

 

Showklasse for 1- og 2-årshingstar

Fredag 3. mai kl 14.30 (foreløbig tidspunkt) på utstillingsplassen i Øyane
Alle hingstane får omtale og blir rangerte. Det vert flotte gåvepremiar til dei beste.

Lenkje til påmeldingsskjema

Showklasse for eldre, premierte hingstar

Laurdag 4. mai kl 12.00 (førebels tidspunkt) på utstillingsplassen i Øyane. Framvising og premiering blir i slutten av pausen før den ordinære premieringa .

Norges Fjordhestlag ønskjer å invitere alle premierte hingstar til ei showklasse. Mange av dei har ikkje har vore viste på utstilling på fleire år. Mange har markert seg i avl og sport, og eit gjensyn under eit jubileum som i år hadde vore svært gledeleg.

Showklassa blir open og hingstane som deltek får eksteriørbedømming og omtale. Hingstane blir rangerte, og den beste er med og kjempar om tittelen «Dagens Hest». Arrangøren har sett opp flotte gåvepremiar i klassen. Vurderinga av hingstane medfører ikkje endring av premiegrad.

Lenkje til påmeldingsskjema