Norges Fjordhestlag har etter søknad delt ut 228.077 kr i Frifond-midlar til åtte lokal- og fylkeslag.
Alle laga får kr. 5000 i driftsstønad, og midlar til prosjekt varierer ut i frå søknad. Norges Fjordhestlag er glad vi oppfyller krava frå Frifond-ordninga for tildeling, og minner om at alle lag må ha fokus på betalanade ungdoms- og Barnas Fjordhestlag-medlemmer slik at vi har nok teljande medlemmar i åra framover. Vi ynskjer laga lukke til med aktivitetane, og håper at midlane kjem godt med.
Lag tildelt driftsstøtte og prosjektmidlar til barn og unge:
Dalsfjorden og Ytre Sogn Fjordhestlag: 25.000 kr
Eid Fjordhestlag: 32.816 kr
Midtre Nordfjord Fjordhestlag: 32.815 kr
Osterøy Fjordhestlag: 25.000 kr
Øvre Buskerud Fjordhestlag: 32.816 kr
Førde Fjordhestlag: 14.000 kr
Vestfold Fjordhestlag: 32.815 kr
Sunnhordaland Fjordhestlag: 32.815 kr
For Barnas Fjordhestlag
Lisbeth Strandum
Anna Stegane